onsdag 31. august 2011

På kjøkken...

Eg elsker skåler, krukker og fat og har alltid eit ekstra blikk etter artige og gamalt kjøkkenredskap og duppedingser, som kanskje ikkje er så mykje i bruk i vår meir lettvindt kvardag...
Tenk på alle duppedingser, redskap og utstyr dei brukte på kjøkkenet før i tida...

Å setje fram ei skål som du ser har "levd litt", gjer det kosleg ved bordet,
og det smakar ekstra godt av maten ;o)
For meg er det ikkje så nøye kva stempel det har i botnen,
men kva form, farge og funskjon den har eller har hatt ;o)

Hos meg står og/eller henger det små loppeskattar rundt på heile kjøkkenet.
Nokre av loppeskattane eg er mest glad i på kjøkkenet har eg tatt bilde av her:



Tallerkenhylla har eg fått av ei tante, den var brun, men fekk nokre strøk med kvitmaling,
og vart kjempe fin!!!
Eg skrudde i nokre krokar i enden, slik at koppane og kunne henge på.
Kaffeserviset har eg kjøpt på Fretex ein gang i tida.

Hylle med "skuffer" til sukker, ris, mel osv kjøpte eg på Hvaler ein sommar.
Eg leita lenge etter ein slik før den plutseleg ein dag stod der å venta på meg..
Så den måtte eg berre ha...
Eg fekk og med ein gamal niste boks i blått og kvit som de ser på bilde med skålane.
Den er kjempe lekker og har ein fantastisk flott blåfarge!

Skålene med blått mønster har eg kjøpt litt her og der.
Eg elskar dei blå detaljane på krukker, skåler og servise.
Føler det gir ein litt gamal, bonde stil..

Til slutt er det eit bilde av nokre kjøkkenredskap, dei fann eg på ein brukthandel.
Dei har eit kjempe søt rosemønster og det er 4 deler.

Det gjere godt å omgi seg med slike små loppeskattar kvar dag...
... gir små smil i kvardagen.....

... og er faktisk veldig praktiske i tillegg.....

Ha ein flott kveld!!!

torsdag 25. august 2011

Lopper frå Spania

I ein gamal by kalla Nerja, sør i Spania har familien funne sitt paradis.
Her har vi vært fleire gonger, feira runde bursdagar eller berre kosa oss på ferie.
 Kvar gong vi er i Nerja går eg på loppemarked.
Det er så mykje spennande å sjå, av og til er det lett å gløyme at ein skal ha plass i kofferten heim og....

Tenkte å vise nokre av loppane som har fått bli med meg heim frå Nerja


3 store og 4 små krukker med lokk
Seljaren, som var frå England, mente at krukkene var frå Frankrike.
Eg har ikkje fått oversett teksten på krukkene, der står blant anna;
"Vermicelli" på den eine store krukka og "Nootmuscaat"  på ein av dei små...
Nokon som veit kva språk det er?
Trur vermicelli kanskje betyr kveitemjøl.... ;o)
Ellers er det krukke til kaffi, sukker, pepper, kanel og noko som heiter nagelen... (mon tru kva det er...)
Dei er vertfall kjempe søte og eg er blitt veldig glad i dei!


På ein av dei andre turane kom eg over denne loppeskatten





Dette er eit søtt, lite krydderskap, i blikk som er blitt mal i ein litt rusten rødfarge.
(det er faktisk litt rust på den også, så den er berre til pynt ;o)
Det er 6 små skuffer som har romma forskjellig krydder.
Kjempe dekorativ på kjøkken veggen!

Små loppeskatter som gir glede i kvardagen min....

Håper du får ei fin helg!
Eg skal i bryllup i helga, gledar meg!!

Frøken Loppe



Test av Lavkarbobrød

Eg har alltid vært glad i å bake brød og knekkebrød.
Ingenting smakar så godt som nybaka brød, med brunost... nam, nam.
Eg kom over ei oppskrift på lavkarbobrød i eit blad, og eg hadde faktisk alt eg trengte i oppskrifta.
Så då var det berre å finne fram sleiva...


Oppskrift på Lavkarbobrød:

(1 brød)
4 egg
3 ss olje
1/2 boks creme fraiche eller kesam
1 ss bakepulver
1/2 ts salt
50 g linfrø
50 g sesamfrø
50 g solsikkefrø
60 g havrekli

Pisk eggene lett, bland i kesam og olje og tilsett deretter det tørre.
Deigen skal være som ein tjukk graut.
Legg bakepapir i ein brødform, ha røra oppi.
Steik nederst i omnen på 180 grader i 55 min.




Brødet vart kjempe godt!! Saftig og fint!
Var redd det kanskje skulle bli litt klissete, men det vart det heldigvis ikkje.
Kjempe godt med brunost og ein kopp te til ;o)

Brødet var faktisk så godt, at det vart oppete dagen etterpå, så eg måtte lage meir.
Men denne gangen dobla eg oppskrifta, slik at eg fekk to brød.
Ein anna ting eg kom på etterpå, var at det hadde passa veldig godt med valnøtter eller gresskarkjerne oppi.
Det får eg prøve neste gang!

Ha ein fin, fin dag!

Frøken Loppe

søndag 21. august 2011

Gavepapir eller bokbind


Tenk!!!
Søstrene Grene i Bergen!!!
Og eg måtte jo sjølvsagt innom då eg var på besøk i byen...
Det er jo ikkje loppar, men likevel.. mykje flott!!
Dei hadde blant anna mykje fint gavepapir, 
og i desse skulestart tider tenkte eg at dei like godt kunne brukast som bokbind til skulebøkene.
Ein må jo berre bli glad av å ta bøker med slikt bokapir opp av sekken :o)

Ha ei flott veke!!

Frøken Loppe

lørdag 20. august 2011

Lopper i Rakkestad

I sommar var eg i Rakkestad,  ein fin litan plass utanfor Fredrikstad.
Der hadde dei tilfeldigvis Loppemarknad i gågata... det kunne jo ikkje blitt meir hell!!
Og loppar fann eg..... sjå berre her:




Eg vart kjempe nøgd med handelen og fekk med meg heim mykje fint
(tok fly heim, så her vart det god planlegging i pakkinga)

Av og til når eg får nye loppar i hus, kan det ta litt tid før eg plasserer dei... må liksom kjenne litt på kor dei høyrer heime, og kor dei passar best...og kva dei kan gjere for meg for å gleda meg mest...
Så nokre av desse tinga har blitt liggande å berre vente på sin rette plass....

Her har ei av loppane fått sitt oppdrag i heimen:


Ein gamal sil i sink får stå framme på kjøkkenbordet med epler og anna frukt.
Er veldig nøgd med resultatet, tykkjer den er kjempe søt der den står!
Kan bruke den som feks blomsterpotte, om den blir lei av å bære frukt...
Slik den står i dag, er den vertfall ein liten glede i kvardagen...

Frøken Loppe

Brødboks ble dvd boks


I sommar var eg på loppejakt på Øyna Brukthandel i Luster kommune.
Der er det MYKJE spennande loppar..... verkeleg mykje fint!!
Under nokre pannelokk dukka denne skatten fram, ein gamal brødboks!!
Sjarmerande og søt stod den der å berre venta på akkurat meg :o)
Klart den måtte være med heim!!
Men sia eg allereie har ein flott og brukande brødboks, måtte eg finne ein ny funksjon til brødboksen,
eg ville jo ha den framme så eg kunne sjå den kvar dag...
Og i kveld fekk eg ideen.... kva med å putte DVD filmar oppi??
Då får jo brødboksen i tillegg stå framme under TVen.
Og slik blei det... DVD filmar fekk flytte opp i den nye gamle brødboksen min!!!
... og eg får sjå den kvar gang eg ser på TV, slik at den kan gje meg eit stikk av glede i kvardagen...

Frøken Loppe

fredag 12. august 2011

Sylting av bringebær

Vi var kjempe heldige å få flotte bringebær tilkjørt rett heim til loppehuset på landet. Så då var det berre å svinge seg rundt, finne fram sukker og syltepulver..
Nokre av bæra var så fine at dei fekk fryse seg "som dei var".
Nokre av bæra vart til syltetøy.
Nokre av bringebæra vart fryst naturell klare til bringebærsaus.
Til slutt fekk vi ein stor skål til dessert med vaniljekrem....
Det er ingenting som smaker så godt som nyplukka og friske bær...
... smakar som små gleder i kvardagen....

Frøken Loppe

onsdag 10. august 2011

Mitt første innlegg


Eg har lenge hatt ein liten loppeblogg i magen, er over midels interessert i lopper, interiør og små skatter.
No har eg fått hjelp frå mi kjære vesle syster, som har vist meg bloggens verden...
Håper eg etter kvart klarar meg på eigenhand, å legge ut bilde frå loppeskatter og andre kvardags skattar.
Håpar du kjem innom og ser av og til ;o)

Frøken Loppe