søndag 30. oktober 2011

Uhhhhhhhhuuuuuuu....

nei, det er ikkje Halloween her i huset,
men ei Ugle har flytta inn til meg.

Eg traff ho på ein butikk i Tyrkia,
og vart rett og slett litt betatt...
Så eg tok ho med meg heim.
Det var ein mann som hadde laga ho, heilt sjølv.
Ho har store blå auge,
sitter på ein pinne og dinglar litt rundt....






Ho har ikkje fått seg ein fast plass i huset endå,
tenkjer at ho må bu seg litt til først... ;o)

God søndag til deg som ser innom!!

Frøken Loppe

tirsdag 25. oktober 2011

Prosjekt på gang.....

Har hatt eit prosjekt liggande på vent ei stund.
Av og til er ideen større enn kapasiteten,
og då må prosjektet stå i PROSJEKTKØ...

Men no skulle det meste være klart,
manglar berre tida.....





Klør i fingrane etter å sette igang, 
men har lyst at det skal bli bra resultat, så må smørje meg med
tolmod til eg har tid til å gjere det skikkeleg!!
Så det så!! 
(prøver å overbevise meg sjølv her... ,o)

No må eg springe å pakke,
skal på jobbreise i morgon og skal ta både buss, fly og tog.
Sånn er det når ein ikkje bur i verdens navle ;o)

Ynskjer deg ein flott haustkveld!
Her har vi hatt 15 varmegradar, klar og blå himmel med sol i dag!
Håper været holder seg til eg skal ut å fly i morra :o)



På søndag sysla eg litt på ute i hagen,
då fekk desse være med meg inn i varmen igjen.


Frøken Loppe

søndag 23. oktober 2011

Pakke i posten og fyr i peisen...

Etter dugnadsinnsats i regn og hyggleg bekjentskap med kommande naboar,
var det godt å komme heim og fyre opp i ovnen.
Ingenting varmar så godt inni sjela, som varme frå peisen... :o)


Før vi drog på dugnad, måtte eg innom Biltema for å kjøpe ein stiftemaskin
(prosjekt på gang....hi, hi ;o)
Då såg eg denne kjempe fine korga til "berre"159 kr.
MÅTTE berre ha den med heim.

Var ikkje heilt sikker på kva eg skulle bruke den til...
Det hadde jo vært lekkert å fylt den med gode, varme tepper,
eller med varme labber, skjerf, votter og hansker...
ja, moglegheitane er mange...
Men vedkubbane vant... :o)
Syns korga tar seg flott ut framfor ovnen, 
stappfull av god bjørkeved som skal varme oss gjennom vinteren!


Ein kosleg overraskelse venta i postkassa når eg kom heim frå dugnad,
Søte og snille Merethe (ei av jentene som er med på årleg jentetur)
hadde sendt votter og skjerf ho har stikka til meg!
Veldig, veldig fine votter som kjem til å holde meg god og varm i vinter.


Laurdagen vart avslutta med ost, kjeks og eit stort glass med.... passande drikke ;o)
Då varma det godt i både kjakar, kropp og sjel.


Tusen, tusen takk for kjempe koslege kommentarer på forje innlegg!
Eg blir så glad og sitter å fniser for meg sjølv i takknemlegheit og glede for at slike søte, kjekke
jenter tar seg tid og kjem innom å leser bloggen min!! (vart det for mykje smisk?!? ;o)

Ynskjer deg ein deilig søndagskveld og ei flott ny veke!!

Frøken Loppe

fredag 21. oktober 2011

Fredag og dugnadshelg...

Endeleg fredag og heime helg...
Super digg!!!!
No blir det sofakos med Gullrekka og litt nammis :o)



I morra er det dugnad i Heimen på Brygga.
(les historie om dei 3 Heimane her)
Eg kjøpte ei meir sentrumsnær leiligheit i sommar, den leiger eg for tida ut til søte sjukepleierstudiner.
Tenker at dette er ein unik moglegheit til å bli kjendt med dei som skal bli naboane mine frå neste sommar :o)
Dessuten må ein betale 500 kr om ein ikkje stiller på dugnad,
og eg vil MYKJE heller bruke 500 kr på loppemarked.....
Då har eg jo plutseleg "tjent" 500 kr som eg kan kose meg med, hi, hi ;o)

Så i morgo er det berre å pakke seg inn i regnklær, støvler, hansker og hue,
ta med seg "bli kjendt smilet", dugnadsånden og arbeidsjernet og trø til!!!

Hadde vært kos om det blei litt av dette på dugnaden også.... 





Ynskjer alle som ser innom ein flott fredagskveld, og ei god, god helg!

Frøken Loppe

torsdag 20. oktober 2011

Hamam, tyrkis bad med velvære... eller....


Då vi var i Tyrkia ville vi prøve Hamam, som er den tyrkiske varianten av dampbad, også kalla Tyrkisk bad. Har prøvd det før, og vi gleda oss veeeeldig til ein aften med pleie for ein sleten kropp og sjel.



Vi ville prøvde ein hamam som Ving anbefalte og vart henta på hotellet i ein gamal og skranglete kassebil. Tenkte ikkje så mykje over det, då dei fleste bilane i Tyrkia er gamle og skranglete.
Lokalet låg i ei lita bakgate og  virka i første augekast som ein ok plass, var litt sjuskete, men vi er ikkje prippne, og tenkte at dette kan jo berre bli betre..... vel, det var iallefall det vi trudde...
Vi vart anbefalt å oppgradere bestillinga frå hamam + (som var badstu, hamam, skrubb og 20 min. oljemassasje) til 30 min. aromaterapimassasje, indianhodemassasje, fotmassasje og ansiktsmaske. Det kosta oss det dobbelte av det vi alt hadde betalt, men vi gjore det med glede då vi ynskja ein god og behagleg opplevelse. Vi har i tillegg god erfaring med hamam tidligare, så dette kom til å bli so deilig... trudde vi....
Vi fekk inntrykk av at dei hadde dårleg tid og "skynta" seg litt gjennom hamamen med skrubb og såpevasken, og følte oss dytta ut av lokalet, saman med såpevatnet. Deretter tassa vi i våte badekle igjennom resepsjonen (der dei andre tilsette satt å røyka og drakk tyrkis eplete) ut og opp på ein takteresse for å komme til massasjerommet.


Der venta det to karar (i vanlege kle) som lurte på kva slags massasje vi hadde bestilt... Han eine prata fram og tilbake i mobilen, før dei tilslutt førte oss inn i eit rom med to massasjebord. Vi måtte gå igjennom eit rom der det låg eit anna par å fekk massasje (...stilig....), inn i eit kaldt og ekkelt rom (teppe på teppe på golvet), lukta ekkelt, ingen gardinger og berre eit sterkt taklys...
Så begynte massasjen, eller skal ein heller sei torturen ...
For det første så virka mannen irritert (vi var siste kundane), det virka heller ikkje som han visste kva han gjorde.. det var meir kniping enn massering. Hadde jo oppgratert massasjen frå vanlig til aromaterapimassasje, pga at det skulle være betre olje... vel, for det først så brukte han nesten ikkje olje, så eg følgte eg fekk brannsår over heile kroppen, og for det andre var det berre heilt vanleg olje.
Så kom vi endelig (trudde eg...) til indian - hodemassasje.... det var faktisk ein opplevelse eg ikkje unnar nokon... Eg lurte ei stund på om heile poenget med indian - hodemassasje var å få følelsen av å bli skalpert... han drog meg i håret, lugga og drog nakken min bakover i ein snål vinkel, og gav ikkje støtte for hverken nakke eller anna.
I mens eg får denne "fantastiske" behandlinga (som vi faktisk hadde betalt for...) får kavaleren min idrettsmassasje. Om de kjenner til tigerbalsam, så var det noko slikt han fekk massert inn, og om de kjenner til virkninga av tigerbalsam, så kjennes den først veldig varmande, deretter blir ein veeeeeldig kald... så mens eg fekk lugga av meg dei få hårtustane eg kan kalle langt hår, låg han å hakka tenner... Nice...
Då endeleg indian - hodemassasje var ferdig, skulle eg få fotmassasje.... ok, tenkte eg, her kan det vel ikkje gå galt... men joda.... i tillegg til å framkalle krampe under foten, følte eg han skulle dra av meg alle tæra mine.... og mens eg ligg å kjenner at føtta mine kjem til å gå opp mins to skostørrelser, kjem sjåføren som henta oss på hotellet (han og i vanlege kle)  inn og starta å smørje ansiktet vårt med ansiktsmaske....What!!!
Men då berre lo eg.... ER DET MULIG!!!???
Etter ein hysterisk latter krampe (saman med krampa under foten) vart vi vist ut til ein vask der vi måtte vaske av oss ansikstsmaska i kaldt vann, og for eit syn.... eg hinkande (pga av krampa) i fuktig bikini, håret til værs og kavaleren med "ståpels" over det heile (holdt på å fryse seg ihel) og begge to gjørmete og grønne i trynet.... 
Etter at vi hadde skrubba vekke den grønne maska,  luffa vi ned i garderoben, gjennom resepsjonen der dei tilsette satt å preika og røyka  og gav oss "tommelen opp" med eit fett glis... Var nok ikkje pga den "flotte, behagelege og deilige behandlingane" dei hadde gitt oss at dei glisa, var vel meir at det var lett tente pengar på godtruande, dumme, norske turistar, tenkjer eg... knurr....
Det var ikkje noko dusj i garderoben (!!!), berre ein halvnaken lokal tyrker, så vi kledde på oss og takka for oss.... Då sjåføren skulle kjøre oss tilbake til hotellet, stappa dei like godt heile gjengen som jobba der inni saman med oss, og vi hompa alle avgårde til hotellet.  
Fekk omvisning på hotellet sin hamam dagen etter, og det var MYKJE betre..... så av og til går ein virkeleg over bekken etter vatn... Er ikkje alltid ein skal følgje reisebyråa sine anbefalingar..
Dessutan kan eg få nokon til å massere meg til brannsår og lugge meg heilt gratis, any time.... ;o)


Frøken Loppe (på tur ;o)
ps. bildene har eg finne på google


tirsdag 18. oktober 2011

Minner frå Tyrkia

Ein av dei kjekke tinga med å kome heim frå ferie,
er å setje seg ned å sjå på bilda ein har tatt,
og berre minnast ....


I haustferien i år, gjekk turen til ein by i Tyrkia som heiter Bodrum.
Kjempe kosleg by som har behelt sin gamle sjarm.



Vi budde eit stykkje frå Bodrum sentrum, ein liten plass som heite Bitez.
For første gang prøvde vi "alt inklusivt" og fekk kvar dag servert frokost, lunsj og middag + fri bar ;o)
Var nok ikkje berre bagasjen som hadde nokre ekstra kilo når vi reiste heim.


Langs strandpromenaden, var det masse koslege plasser, 
der vi kunne nyte god mat (det fikk jo vi på hotellet) eller ein drink.
Testa ut mojitos... ein herleg sommerdrink!

Herlege fargar på desse putene, måtte berre ta eit bilde.


Det hadde vært ein ekstra flott ferie, om vi hadde fått sett meir til sola,
med det var fint likevel, ferie er ferie...rett og slett DEILIG!!
Frøken Loppe

søndag 16. oktober 2011

Utfordring hos Mrs. Hardy

Tenkte eg ville hive meg på ein artig utfordring hos Mrs. Hardy.
Utfordringa er at ein skal presentere eit bilde eller ein collage/digital collage 
og fortelle litt om historia bak bloggnamnet!

So her I go....

Grunnen til at min blogg heiter "Frøken Loppe":
Eg elskar lopper, når eg får moglegheit til å dra på loppemarked,
kjenner eg ein heilt spesiell eigen lykke.
Det kriblar ekstra i magen når eg stig over dørstokken til bruktbutikkar,
og eg undrar meg over kva skatt eg kan finne akkurat i dag.
Eg ser gøymte skattar.
Eg ser moglegheiter i ting folk har kasta eller gitt vekk,
eg ser sjarm, framfor design.
og eg har alltid vært slik....

Ein anna grunn til val av bloggnamn er at eg ikkje ynskja at namnet mitt skulle sei noko om
kor eg bur, kva type hus/stil det er osv.
For i skrivandes augeblink har eg i alt 3 hus....

1. Heimen i byen, der eg bur i dag.
2. Heimen på landet; kavaleren min har hus på landet, som eg brukar som feriehus.
(Kjem til å blogge derifrå og, då det er eit hus frå 1930 som vi har pussa opp, mykje flotte skattar der...;o)
3. Heimen ved brygga; i sommar kjøpte eg ei  leiligheit nærare sentrum i byen der eg bur.
Plassen har ordet "brygge" i seg, så det ligger veeeldig fint til.... ;o)
For augeblikket så leier eg den ut til nokre søte sjukepleiarstudinar.
Målet er å flytte inn der sjølv i løpet av sommaren 2012...

Eg vil at bloggnamnet skulle følgje MEG, sei noko om min stil, interesse og smak,
og ikkje så mykje om kor eller korleis eg bur :o)

For DET kan jo endre seg anytime :o)

Grunnene til at eg starta å blogge var at eg hadde lyst å dele alle loppegleda og alle skattane eg finn,
med mennesker som har same interessa og kjenner den same gleda som meg.
Eg får masse, masse inspirasjon av å lese og sjå andre sine bloggar, 
håper at andre kan få idear og inspirasjon til å lese min blogg og :o)
Dessuten har eg eindel oppussing i vente i sentrumsleiligheita, og DET vil eg jo gjerne dele med dykk :o)

Bli med på utfordringa du og, sjå dei andre bidraga her

Frøken Loppe

Borte bra, men heime best.....

Er komt vel heim etter ei flott ferieveke i Tyrkia.
Etter nokre regnfulle dagar i starten på ferien,
fekk vi til slutt nokre etterlengta soldagar dei siste dagane :o)
Det gjorde godt for både kropp og sjel!

Kjem tilbake med nokre bilder frå turen litt seinare :o)

Men sjølv om det er deilig å ligge strak ut i sola,
ete spennande og annerleis mat,
treffe nye mennesker,
gå på shopping i nye butikkar (med andre prisar enn i Norge :o)
og ha fri og være i feriemodus,
 er det ALLTID godt å komme heim.

Borte bra, men heime best...

Det er alltid godt å komme heim til min eigen sofakrok...


... til mi eiga seng....


og til min eigen frukost....


No er det igjen kvardag... og uansett kor kjekt det er med ferie,
er det godt og trygt å kunne kome tilbake til kvardagen :o)

Ynskjer alle som titter innom ein strålande start på ei ny veke!

Frøken Loppe

søndag 9. oktober 2011

Helsing frå regnfulle Tyrkia...

Haustferie og endeleg skulle det bli sol, varme og late dagar...
Men nei, vi tok nok med oss regnet til Tyrkia.
Kom på fredag og det har regna i to dagar,
og er meldt regn i to dagar til..

Ja, ja.. ferie er det likevel,
går litt meir penger på shopping :o)

Fortsatt god haustferie til dei som har det!!

Frøken Loppe

onsdag 5. oktober 2011

På tapeten....

vert kjempe imponert og inspirert over alle dei flotte innlegga til utfordringa 
"På tapeten" hos NIB.
Sjå dei flotte bidraga her

Sjølv har eg testa ut tapeten på soverommet.
Med behov for mykje skap plass, men med eit lite soverom,
vart dette til slutt ei god løysing.




Her i huset ladar vi opp til haustferie :o)

Frøken Loppe

tirsdag 4. oktober 2011

Guacamole.....

smaker godt....
Både store og små i familien likar denne varienten,
den er mild, frisk og passar til det meste.
Bonus; kjempesunt :o)




Avocado 
1 lita ss kesam pr. avocado
sitronsaft
sukker
ei klype salt

Kor mykje ein skal bruke av sitronsaft og sukker, kjem an på kor mange avocadoar du brukar,
ein må "smake seg fram" med sitronsaft og sukker.
(det skal faktisk ganske mykje sitronsaft til, for å få den friske smaken :o)

Guacamole kan ein bruke til tapas, taco, fisk, kjøtt... og mykje, mykje meir..
Denne varianten er venleg for både store og små



Håper det smakar :o)

Frøken Loppe

søndag 2. oktober 2011

Party, napping og lopper.....

er oppskrifta på ei flott helg!!

Er vel heime etter ein kjempe kjekk helg,
med mykje latter,moro og nokre nye skattar.

Om du tar smykke - og kjole party på fredag,
loppemarknad, shopping og nappegåver på laurdag,
legger til 8 damer, mykje latter og morro,
kan du  ikkje få ei betre helg :o)








Krakken og klokka fekk eg tak i på Loppemarknad.
Veeeeeldig nøgd med dei!
Klokka tikkar ekstremt høgt, så trur ikkej eg kjem til å bruke ho som vekkerklokke,
då kjem eg nok ikkje til å få blund på auga.

Krakken må stille seg i prosjekt kø, den skal vertfall få nytt trekk, 
vurderar å male føtta kvite... får sjå, får sjå ;o)

Rakk og innom på Stoff og Stil, der fann eg endeleg stoff til stol prosjektet mitt.
Gledar meg til å teste det ut :o)

Måndag i morgo, ny dag, ny veke...

Ynskjer deg ein flott søndagskveld og ein god start på ei ny veke!

Frøken Loppe