søndag 29. januar 2012

Tøm huset...

På laurdag fann min FINNsurfande mor eit kupp på finn.no
Det var eit hus som skulle tømmast for møblar.
Etter ein kjapp kikk på finn, fann vi ut at vi ville bort å sjå kva vi kunne finne....
....og vi fann.....

Skal vise dykk fleire bilder seinare,
men må berre vise det eg var aller, aller mest nøgd  med!!
Vinballong :o)
Ikkje fordi eg er så glad i å lage vin på gamlemåten,
men fordi korgane rundt vinballongane er så suuuuuuper fine!!!



Bilde er henta frå annonsa på finn, det er dei to inners til venstre eg kjøpte.
Den minste korga har ein herleg grøn farge.

Så for den nette sum av 500 kr køyrte vi veldig nøgd heimover med
to krakkar, ein stol, to vinballonger og ein kommode.
+ at eg fekk ei klokke og ein gamal spegel med på kjøpet :o)
Gjett om eg var super fornøgd!!!
Tusen, tusen takk til mamma mi som fann på finn 
og i tillegg spandere alle tinga på meg :o)
Super snille mamma mi :o)

Ynskjer alle ein god start på ei ny veke,
denne veka avsluttar vi januar og går inn i februar...
Enda nærmare lysare tider...

Stor klem frå fornøgd Frøken Loppe

torsdag 26. januar 2012

Eg skal rømme....

Nokon som huskar Gulars?
Ein gul fugl frå Bergen,
som budde hos Marianne.




Ein dag vil Gulars rømme, men er jo litt bekymra for at
Marianne ikkje vil oppdage det, 
så han må gje beskjed at han faktisk har rømt.
Men den gule fuglen kan jo ikkje skrive, stakkars pip...
Så kva skal han finne på då?
Jo, då finn han fram ein boks med rømme, egg og eggeskall.
Når du setter sammen desse varene vert det:

"Eg skal rømme"
(eggeskall og rømme)

Eit herleg barndomsminne som tydlegvis sitter god fast hos meg, vertfall :o)

Sjå Gulars på rømmen her

Tar i samme slengen med bilde av 
ein "eggemann" som dukka opp sist søndag eg skulle lage omelett...




Vart mykje prat om egg i dag...
Begynner vel snart å klukke... ;o)

Ha ein super torsdag, i morra er det fredag.....

Klem frå Frøken Loppe
(som IKKJE skal rømme ;o)

onsdag 25. januar 2012

Ja, takk!!

No i desse mørketider er det så lett å drøyme seg vekk....
Eg drøymer om lysare tider,
sol og varme, brune legger og fregner i kinn...

Men sia det virkar så lenge til, 
er det lett å begynner å drøyme om andre ting.
For eksempel litt nye ting som kan skinna i heimen... ;o)

Har luska litt rundt inne på Kremmerhus bloggen 
og funne meg nokre favorittar :o)








Det er jo lov å drøyme...... :o)

Ynskjer deg ei framleis strålandes veke!

Frøken Loppe

torsdag 19. januar 2012

Lykke på skattejakt.....

På veg heim frå tannlegen, måtte eg berre nett innom bruktbutikken.
Lenge sia eg har vært der,
og hadde vel eigentleg lova meg sjølv at eg ikkje skulle kjøpe så mykje "nytt",
sia vi går med flytteplanar.....

Men ein kan jo umuleg gå forbi slik LYKKE
(eg var jo ikkje på skattejakt akkurat, då, berre kikka... ;o)

Men slik er det vel av og til,
når du ikkje leitar, finn du.... 


 Frukt knivar i herlege fargar



2 stk. Norgesglass, har alltid brukt for nokon ekstra



Vase i sprek farge
(tenk så fin den blir med prestekrager til sommaren :o)





4 stk eggeglass frå Figgjo, med søte sommerfuglar.. og her begynte hode å spinne...
 Hmmmmm, då er det kanskje koppar og fat også med dette mønsteret...?!?!
Dei hadde vært super søte!!!


Søt skål (får aldri nok, trenger jo masse skåler når vi lager tapas :o)



Så til slutt for kun kr. 40,- fann eg denne saken.
Er ikkje heilt sikker på kva det eigentleg er, 
kva den er blitt brukt til
eller kva eg skal bruke den til.
MEN den var veldig, veldig stilig!!
Berre MÅTTE ha den,
kan jo brukast som kasse når vi skal flytte :o)

Har DU ein ide til kva eg kan bruke kassen til?!?

No er eg veldig, veldig nøgd,
nesten som om roen har senka seg...
Eg hadde nok litt "bruktbutikk abstinensar"
og har fått "dosen" min for ei stund.... :o)

Tusen takk til alle som ser innom og spesielt takk til dei som legg igjen kommentar!
Er lykke det også :o)

I morgon er det fredag, deilige fredag....
God helg til deg!

Stor klem frå Frøken Loppe i lykkerus :o)

søndag 15. januar 2012

Den Grønne baljen

Før jul fekk eg endeleg moglegheiten til å stikke innom:
"Den Grønne baljen".

Det er sin super, super søt butikk,
som har veldig masse flott som følgjer akkurat min smak, vertfall :o)

No har du moglegheit til å prøve lykke på Den Grønne baljen.
Stikk innom å sjå fine premiar på
årets første gåve utdeling.

Her er ein av skattane eg tok med meg heim
då eg var på Den Grønne baljen...


4 stk av sink skuffene er no MINE :o)
No må vi "berre" snikere nokre hyller til dei,
og det er vel gjort i ein fei...;o)

Eg har hatt ei roleg og avslappande helg heime i huset i byen. 
Det var godt!
Neste helg vert det jobb helg, 
med kurs på Alexandra hotell i Loen. (litt gratis reklame... ;o)
Her har ein moglegheit for hygge, velvære og avslapping etter lange kursdagar :o)

MEN.... først ein heilt ny, fersk og ubrukt veke...
Ynskjer DEG ei flott veke!

Frøken Loppe

lørdag 14. januar 2012

Den beste gåva.......

Under juletreet låg det ein pakke og på den sto det:
Til Frøken Loppe 
Frå ein lesar...
Eg opna pakka, spent og nyskjerrig, kva kunne det være?!?

Det var den finaste gåve eg fekk,
ikkje fordi den kosta så mykje,
ikkje fordi den stod øverst på ynskjelista,
ikkje fordi eg trengte den,
men rett og slett fordi:
den kosta ikkje noko,
den som gav gåva visste at eg ynskja meg den
og ynskja at eg skulle ha den...




Gåva var frå mi kjære Bestemor som har brukt denne boksen som syskrin.
Eg huskar den frå eg var lita jente, der den stod på rommet med symaskina.
Eg vart så glad for at ho huska at eg likte den og at ho ville gje den til meg.


No står den saman med dei andre boksane mine,
og eg smilar for meg sjølv kvar gang eg ser på den....

Tusen , tusen takk Bestemor :o)

Stor klem frå Frøken Loppe

torsdag 12. januar 2012

Stol på det......

eller kan eg det.....?!?
Kan eg stole på at eg blir ferdig med eit prosjekt innan "rimleg tid"... :o)

Tja, ikkje alltid tydlegvis....
Men no er eg altså ferdig med STOL prosjektet mitt.
Ikkje eit stort STOL prosjekt, men jammen har den stått lenge på vent,
og når eg først tok tak i STOLEN, tok det meg kun ein liten 1/2 time....
Skjønner ikkje kvifor eg har utsett det så lenge......
For mange tankar, for liten tid...?!?eller....

Slik såg den ut da eg kjøpte den på Gjenbruksbutikken for kr. 125,-


No ser den slik ut:




"Pels stoffet" er kjøpt på Stoff og Stil.
Eg brukte ein kraftig stiftemaskin til å feste stoffet i sete.
(sete kan løftes av)

Kan eg STOLE på at eg blir ferdig med neste prosjekt... :o)
eventuelt NÅR blir eg ferdig... ?!? 

I morra er det fredag, den aller, aller beste dagen i veka!
God fredag til deg!!!!

Frøken Loppe

søndag 8. januar 2012

Vinterdag.....

I dag vakna eg til blå himmel og sol.
Deilig, deilig, deilig!!!

Tok med meg ein turkamerat som eg passa i helga,
og gjekk ut for å nyte dagen...




Tenk at nedi gryta her ligg det ein by.
Plutseleg er den berre vekke.
Då er det godt å bu oppi høgda, 
der sola skin :o)


Tusen takk for kjempe koslege kommentarar!

Ynskjer alle ei flott ny veke!

Frøken Loppe

torsdag 5. januar 2012

Speilreflekskamera... Ja takk!

Hos søte Mia på bloggen Fabelaktig har du no moglegheit til å vinne
eit SPEILREFLEKSKAMERA!!!
Ja, du leste rett...... :o)
Ein fantastisk premie, sant!!!!

Det einaste du treng å gjere for å vere med i konkurransen,
er å vise Mia og Nikon ditt beste interiørbilde.

Reglane er:

Du må ha tatt interiørbilde sjølv.

Du må laste opp bildet på bloggen til Mia

Du må lage ein link tilbake til innlegge til Mia.
 

Mitt bidra til konkurransen:


For dei som har fulgt meg litt, så veit de at
eg gjekk litt "beserk med lerk" her før jul.
Her har eg putta lerkegreiner nedi nokre
 gamle flasker som eg brukar som lysestakar + oppi glasslysestakar eg har fått av mormora mi.
Det vart både annerleis og artig,
og skapte litt ekstra liv i lysestakene.

Bli med på utfordringa du og!

Så alle dei flotte bidraga her
Godt nyttår, forresten... :o)
Det vart ein pang start, rett på jobb og full rulle med ein gong!!
No er vi godt i gang med eit nytt år!!

Håper din 1. helg i 2012 blir super!

Frøken Loppe