torsdag 31. mai 2012

Til inspirasjon og nytte

Ein av mine lastar er at eg elskar blader, 
elskar å strekke meg ut på sofaen, 
med eit rykande ferskt blad,
fylt med inspirasjon, flotte bilder og ideer.


Eg abonnerer på 2 blader + at det gjerne blir kjøpt eit og anna blad i ny og ne også.
Det samlar seg fort opp store bunkar...


På grunn av nærståande flytteplanar, 
fann eg ut at eg skulle ta meg ei rydde runde i blada mine.
Er jo dessverre ikkje alt ein kan samle på...

Har derfor tatt saksa fatt og klipt ut oppskrifter, 
ideer og bilder som inspirerer meg!
På den måten får eg rydda plass til nye blader ;o)
og fått masse nye gode oppskrifter eg kan prøve meg på.


Oppskriftane limar eg inn i "klippekokeboka" mi,
ideear og inspirasjon skal få plass i ei
inspirasjonsbok eg skal lage meg :o)

Godt papirbosset blir henta på måndag, 
for der er det fullt no... :o)




Fredag i morra og plutselig helg igjen ;o)

klem Frøken Loppe

fredag 25. mai 2012

Osteboller

Fredag og ei ny langhelg venter.
Deilig...

Kva med å prøve litt tapas i helga?!?

Her kjem ei oppskrift på herlege OSTEBOLLER
som er eit must når vi lager tapas her heime!



1. Rett ost
Du må bruke ein ost som tåler frityrsteiking, 
vanleg norwegia fungerer ikkje.
Det beste er ofte ein av dei utanlangske ostane dei har i butikken, 
spør deg fram...
Osten eg har brukt kjøpte eg sist eg var i Spania.
Har skarpare smak ein feks. Norwegia og er ikkje så "mjuk"...

Skjær osten opp i passande biter ( ca. 4 x 4)
Viktig at dei ikkje blir alt for små ELLER alt for store.
Då vil dei enten "forsvinne" i frityrgryta eller osten inn ikkje vil smelte.


2. Pose med mjøl 
Ta ein brødpose og putt oppi 2 ss med kveitemjøl + litt salt og pepper.
Putt oppi dei oppskårne ostebitane, 
"rist" posen, slik at alle ostebitane blir dekka av mjøl.




3. Egg
Ta 1 egg og visp det saman med 1 ts vann.
Rist av overflødig mjøl frå ostebitane og legg ostebitane oppi egget.
(ikkje alle på ein gang, du få ha plass til å "ruller" ostebollen rundt i egget)
Pass på at ostebollen har fått egg på alle kantar :o)




4. Strøkavring
Fyll ein tallerken med strøkavring,
legg oppi ein ostebit og vend den rundt slik at heile ostebiten 
har fått strøkavring på seg.
Dette er viktig, for at ikkje osten skal "flyte ut" når ein frityrsteiker den.




Legg dei på ein tallerken etterkvart som du blir ferdig med dei,
no er det klart for frityrsteikinga.
(Ein kan lage til ostebollane i god tid før ein eventuelt får gjester, 
slik at det kun er steikinga igjen når gjestene har kome :o)



5. Frityrsteiking
Fyll ei lita panne med olje, eg brukar rapsolje.
Den skal ikkje være heilt full, men ostebollen skal "flyte" i olje.
Høg varme, men pass godt på her!!
Legg ein og ein ostebit oppi og vend litt om.
Når ostebiten har fått ein fin gyllen farge, 
er den ferdig.
Ta ut av panna og legg i serveringsskål.
Server straks, då er osten mjuk inni....



Nyt det!!!!!
Smakar himelsk saman med stekte dadler pakka i spekeskinke,
spanske pølser, kjøttboller, avoqado salat og deilig brød med aioli.

Ynskje deg ein super fin pinsehelg!
Her går det i besøk av svigers og maling...

klem frå Frøken Loppe

 

onsdag 23. mai 2012

Altan, balkong, terrasse eller veranda....

Endeleg sol og varme!
Deilig å våkne til sol og kunne plukke fram 
sommarkle langt, langt, langt bak i kleskapet...

Med sol og varme kjem også muligheit til å 
ta igjen det ein ikkje rakk i fjor...
som å male...


I tillegg til å male heile huset  
(som berre fekk delvis maling i fjor pga det "fantastiske" sommarværet vi hadde då)
må eg male rekkverket på...
ja, kva heiter det EGENTLIG ?!?
Altanen, balkongen, terrassen eller verandaen...?!?

Satt å grubla på dette mens malerkosten svinga seg, 
og måtte berre sjekke det opp...

og her kjem "fasiten"

Altan

er ein ikkje-overbygd oppholdsplass på tak
Den har rekkverk 
Altanen kan og være understøtta av søyler eller stolper.

Balkong

er ein oppholdsplass på husfasade
Golvet på balkongen ligg i same plan som golvet innafor, 
og er ein fortsettelse av dette. 

Terrasse

er ein avsats foran bygning. 
Frå terrassen er det vanligvis inngang til stova og 
trapp til nedenforliggende hage. 
En terrasse ligger oftest på bakkeplan.


Veranda

er ein open eller overbygd (med tak) oppholdsplass som tilbygg til hus
Taket på verandaen kan være understøtta av stolpar. 
Frå verandaen kan du som regel gå rett inn i stova eller gå ned trappen til hagen.

Så da vet vi det ... eller var det no egentlig så klart?!?
Vart faktisk litt usikker på kva eg EGENTLEG malar rekkverket på,
lignar litt på terrasse, men kan være veranda også, har delvis tak over....
Tru om eg må gruble litt meir mens eg malar...


1000 takk til alle dere søte som legg igjen kommentar til meg!!
Er utruleg takknemleg for at de set av tid til akkurat meg :o)
Ynskje deg ei fortsatt god veke, 
håper du har godvær der du er!!!
klem frå "Malermester" Frøken Loppe 

ps. bildene har eg lånt frå google, 
kjem bilder frå eigen terrasse/veranda når den er ferdigmalt... ;o)

onsdag 16. mai 2012

Gratulerer med dagen!!



For meg er 17. mai



Sognebunad


17. mai tog, med masse flagg, musikk, rop og glede!

 

 Rømmegraut, hels Pappa sin, den er aller, aller best!!!



 Is.... er ikkje så glad i is sjølv, 
men på 17. mai har alltid jentungen fått så mykje is ho berre orkar.......
...og ho er VELDIG glad i is... ;o)



 Kaker, gjerne pynta ekstra fint med flotte farger og friske bær...

Håper 17. mai 2012 kan by på noko av dette,
værmeldingane er ikkje gode, men vi har jo alltids vestlandsbunaden vi kan tre på oss ;o)
(Altså regnkle, for dei som ikkje veit kva vestlandsbunaden er, hi, hi ;o)

Kva er 17. mai for deg?

Gratulerer med dagen!!
Håper du får ein flott 17. mai feiring!

klem frå Frøken Loppe

(ps. alle bildene er "lånt" frå google)

torsdag 10. mai 2012

Oreokake og bryllup

Til helga vert det bryllup i familien!!!!
Lillebroren min skal gifte seg
og bryllupet skal være i nydelege Bergen!
Håper værgudene er med oss,
og ikkje sender regn til Bergen denne dagen ;o)






Brudeparet har valgt ein litt utradisjonell plass for både vielse 
og bryllupsfesten, men DET skal eg fortelle om etter bryllupet.
Er hemmeleg for dei andre gjestene, enn så lenge... hi, hi..

Eg har fått æra av å være toastmaster i bryllupet,
grugleder meg...



 No er det kakebaking som står på, 
det er bestilt Oreokake til bryllupet...
Det er ei kake til og med eg kan lage.
Enkel, treng ikkje steikast og kjempe god!!

Oppskrift er berre å google, finnes utallige rundt om kring på nettet :o)
 


God helg til deg, håper den blir super fin!
Eg kryssar fingrar for godt vær og ynskjer brudeparet lykke til!!!
Gleder meg til å feire dagen saman med dei!

klem frå Frøken Loppe
 


tirsdag 1. mai 2012

Stilig tre, mamma....

 i ein litt ironisk tone,
var kommentaren eg fekk etter eg glad og fornøgd,
endeleg hadde fått vaska og fått på plass vinballongen min!
"Treet" hadde eg dradd med meg heim etter ein tur på stølen,
og det har stått på vent ei stund...



Ikkje alle i heime som er like imponert over
"alt eg drar i hus...." ;o)
hi, hi.. men gøy er det!!



Det har vært litt travelt i det siste, 
og det kjennes som det kjem til å vare ei stund til også...
så de få unnskylde om det er litt lav aktivitet her litt framover..
 
Det har vertfall vært deilig med langhelg,
eg er klar for ny, kort veke!!
Jentehyttetur lokker til neste helg :o) Jippi!!

Ynskjer deg ein fin dag!

klem frå ei travel Frøken Loppe