mandag 24. desember 2012

God jul!

No har roen senka seg, hovmeistaren har snubla over golvet, treet er pynta, snopen frå julesokken er oppeten, askepott har fått prinsen sin, grøten har vi ete, mandelen funne og pinnekjøtet er snart klar.....

Ynskjer dykk alle ein fredfull og god jul!!!

Klem Frøken Loppe

tirsdag 18. desember 2012

Godt i gang....

Dagane raser avgårde, prøver å fylle dei så godt eg kan, 
men kvar kveld tenkjer eg at dagane skulle vært lenger, 
eg burde gjort meir....

Men, men slik er det ikkje...
heldigvis, kanskje... ;o)




I helga overtok vi nye huset og kunne starte opp - pussingsarbeidet.
I og med at huset har vært til utleige i 1 1/2 år, møblert....
var det i første omgang mykje som skulle sorterast og kastast.

I løpet av søndagen starta vi på golvet,
etter å ha diskutert fram og tilbake, hit og dit, 
opp og ned, med oss sjølv og med andre,
gikk vi for det vi i førsteomgang bestemte oss for...
(er ikkje det litt typisk... ;o)

Problemet var at vi syns den mørkaste ruta vart litt vel mørk i virkelegheita, 
i forhold til slik den var på prøvene...
Vi vart rett og slett litt redd for at den skulle dominere for mykje....




MEN no er vi ferdig å legge golv på soverommet, 
og det vart faktisk kjempe kult!!!! :o)

Den mørke ruta er jo framleis ganske mørk, 
men det vart tøfft når ein såg heilheita, spesielt saman med fargen på veggane....

Er ikkje heilt klar for å vise bilder enda,
må få på plass litt innredning først...





Garderobeskap er straks på plass, 
men manglar lamper, gardiner, seng, kommoder og nattbord...
 Men det kjem, litt etter litt...

Vi er jo godt i gang........



Ynskjer alle som stresser og/eller berre koser seg med 
juleforbredelsane lykke til med siste innspurt... ;o)

klem frå Frøken Loppe


ps. alle bildene er henta frå nettsida LIVET HJEMME
(IKEA si inspirasjons nettside)

tirsdag 11. desember 2012

Inn frå naturen.....

Det kan sjå ut for at julepynten i år
er spesielt inspirert av naturen.

Lykter, lys, hjerter, stjerner, 
dyr, puter, pledd, juletrepynt...... osv
Her er det kjempe masse flott!

Det som er ekstra kjekt,
er å kunne gå ut i skogen og finne ting sjølv...






Ser det er magne som er inspirert og pynter med element frå
naturen i år... og det er vakkert.... 
og lukter så godt... og er kjempe koslig ;o)

Tusen, tusen takk for alle dei fine kommentarane de legg igjen!

Ynskjer deg ei fin førjulstid!

klem Frøken Loppe

tirsdag 4. desember 2012

Ventetid.....




 
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede
Det står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede

*

Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede




Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede

 *

Vi tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned
For lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred
på denne lille jord, hvor menneskene bor



I helga har vi vært i Sogn og pynta til jul i huset der.
Godt å ha eit ekstra hus, der vi kan pynte og lage litt jul,
no når alt står på hode her heime..... ;o)
Det er her vi skal være i jule - og nyttårshelga også, 
så kjekt å pynte litt.

Var ein tur i skogen og plukka mose og kongler, 
ein lite tre fekk og være med heim...
Tenker det får være juletreet vårt i år.. ;o)

Har så smått begynt i nye huset, 
etterkvart som romma vert tømt, må det vaskast og gjerast klart til maling.
 Kjekt å endeleg være i gang, begynne å gjere noko 
og ikkje berre ha alt oppi hode og på huskelister.. ;o)

Er så koseleg å sjå innom alle dei flotte bloggane rundt om kring, 
er så masse herleg julestemning i alle hjem...

Fin veke til deg!

klem frå Frøken Loppe