Nokre måndagar er tøffere enn andre måndagar...
Nokre måndagar er starten på ei ny veke...
Nokre måndagar er slutten på ei lang og fin helg....
(bilde frå soverommet mitt)
Denne måndagen er slutten på ei lang og flott helg.
Vi har feira 50 årsdag der vi samla venner og familie til fest.
Dagen starta med felles fjelltur til vakre Fuglesteg innerst i Lustrafjorden.
Deretter var det rømmegraut, spekmat og masse god drikke
i det gamle Bryggjehuset på Skjolden brygge.
Nydelige rammer rundt ein rund dag!
Vi stod sjølv for all planlegging og pynting,
samt mykje av maten.
Men med god hjelp av venner og familie,
både før, under og etter festen gikk det veldig bra!
Men etter ein slik stor fest, som ein har planlagt lenge,
(detaljorientert som eg er ;o)
går liksom lufta litt ut av meg når måndagen kjem.....
Vel, det var i allefall verdt det, vi fekk masse flotte tilbakemeldingar
og alle kosa seg masse!
Til og med jubilanten var svært nøgd :o)
Er så utruleg takknemelig overfor alle som kom,
og at vi klarte å samle mange av våre venner og familie under same tak!
Bildene frå Fuglesteg er henta frå nettet.
Dette bilde tok eg på veg ned frå Fuglesteg.
Litt av forberedelsene....
Men no er vi klar for ei ny veke,
vi legg opplevelsane på minnebrikka
og puster sakte og letta ut...
............alt gikk etter planen....... ;o)
Håper du har hatt ei flott helg!
Gler meg til å ta ei runde å sjå kva de har gjort på siste veka..
Stor klem