fredag 25. mai 2012

Osteboller

Fredag og ei ny langhelg venter.
Deilig...

Kva med å prøve litt tapas i helga?!?

Her kjem ei oppskrift på herlege OSTEBOLLER
som er eit must når vi lager tapas her heime!



1. Rett ost
Du må bruke ein ost som tåler frityrsteiking, 
vanleg norwegia fungerer ikkje.
Det beste er ofte ein av dei utanlangske ostane dei har i butikken, 
spør deg fram...
Osten eg har brukt kjøpte eg sist eg var i Spania.
Har skarpare smak ein feks. Norwegia og er ikkje så "mjuk"...

Skjær osten opp i passande biter ( ca. 4 x 4)
Viktig at dei ikkje blir alt for små ELLER alt for store.
Då vil dei enten "forsvinne" i frityrgryta eller osten inn ikkje vil smelte.


2. Pose med mjøl 
Ta ein brødpose og putt oppi 2 ss med kveitemjøl + litt salt og pepper.
Putt oppi dei oppskårne ostebitane, 
"rist" posen, slik at alle ostebitane blir dekka av mjøl.




3. Egg
Ta 1 egg og visp det saman med 1 ts vann.
Rist av overflødig mjøl frå ostebitane og legg ostebitane oppi egget.
(ikkje alle på ein gang, du få ha plass til å "ruller" ostebollen rundt i egget)
Pass på at ostebollen har fått egg på alle kantar :o)




4. Strøkavring
Fyll ein tallerken med strøkavring,
legg oppi ein ostebit og vend den rundt slik at heile ostebiten 
har fått strøkavring på seg.
Dette er viktig, for at ikkje osten skal "flyte ut" når ein frityrsteiker den.




Legg dei på ein tallerken etterkvart som du blir ferdig med dei,
no er det klart for frityrsteikinga.
(Ein kan lage til ostebollane i god tid før ein eventuelt får gjester, 
slik at det kun er steikinga igjen når gjestene har kome :o)



5. Frityrsteiking
Fyll ei lita panne med olje, eg brukar rapsolje.
Den skal ikkje være heilt full, men ostebollen skal "flyte" i olje.
Høg varme, men pass godt på her!!
Legg ein og ein ostebit oppi og vend litt om.
Når ostebiten har fått ein fin gyllen farge, 
er den ferdig.
Ta ut av panna og legg i serveringsskål.
Server straks, då er osten mjuk inni....



Nyt det!!!!!
Smakar himelsk saman med stekte dadler pakka i spekeskinke,
spanske pølser, kjøttboller, avoqado salat og deilig brød med aioli.

Ynskje deg ein super fin pinsehelg!
Her går det i besøk av svigers og maling...

klem frå Frøken Loppe

 

2 kommentarer:

  1. Anonym25/5/12

    Nam!! Ser veldig godt ut!!
    Ønsker deg en fin helg.
    Klem

    SvarSlett
  2. Ååå tusen takk for tips og oppskrift :-D
    Elsker tapas, og ikke minst ost og gjerne spansk så dette skal definitiv prøves ut!!!
    Må du og dine ha en fortsatt god pinsehelg

    Klem Karianne

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)