Det merkast på aktiviteten her hos "Frøken Loppe" at det er travle dagar no før jul.
Tida går til julebord, snømåking......, juleselskap, handle julegåver, snømåking.......,
pakke julegåver, juledekorasjoner, snømåking...., julekake baking,
handle juletre, snømåking.....
Som de sikkert skjønner har vi eindel snø her, og det er jo KJEMPE kosleg no før jul,
MEN hadde den berre dala ned ferdig måka, liksom...
DET hadde vært noko det..... :o)
I år har julegåvene blitt pakka inn i gråpapir med hyssing og
med raud, enkel merkelapp.
Kjøpte pepperkakeformer på IKEA, der var det "tegna inn" nokre artige figurar,
så for å få litt forandring på merkelappane, klippte eg ut figurane og brukte dei som namnelapper.
Enkelt og greitt :o)
Småkake formane kjøpte eg hos Den Grønne Baljen,
soppane er kjøpt hos Søstrene Grene.
Det gir julestemning å pakke julegåver med tente stearinlys
og Kurt Nilsen sin julecd i spelaren :o)
Ynskjer deg ein god og fredfull førjultid,
husk å senke skuldrane innimellom...
Frøken Loppe