På veg heim frå tannlegen, måtte eg berre nett innom bruktbutikken.
Lenge sia eg har vært der,
og hadde vel eigentleg lova meg sjølv at eg ikkje skulle kjøpe så mykje "nytt",
sia vi går med flytteplanar.....
Men ein kan jo umuleg gå forbi slik LYKKE
(eg var jo ikkje på skattejakt akkurat, då, berre kikka... ;o)
Men slik er det vel av og til,
når du ikkje leitar, finn du....
Frukt knivar i herlege fargar
2 stk. Norgesglass, har alltid brukt for nokon ekstra
Vase i sprek farge
(tenk så fin den blir med prestekrager til sommaren :o)
4 stk eggeglass frå Figgjo, med søte sommerfuglar.. og her begynte hode å spinne...
Hmmmmm, då er det kanskje koppar og fat også med dette mønsteret...?!?!
Dei hadde vært super søte!!!
Søt skål (får aldri nok, trenger jo masse skåler når vi lager tapas :o)
Så til slutt for kun kr. 40,- fann eg denne saken.
Er ikkje heilt sikker på kva det eigentleg er,
kva den er blitt brukt til
eller kva eg skal bruke den til.
MEN den var veldig, veldig stilig!!
Berre MÅTTE ha den,
kan jo brukast som kasse når vi skal flytte :o)
Har DU ein ide til kva eg kan bruke kassen til?!?
No er eg veldig, veldig nøgd,
nesten som om roen har senka seg...
Eg hadde nok litt "bruktbutikk abstinensar"
og har fått "dosen" min for ei stund.... :o)
Tusen takk til alle som ser innom og spesielt takk til dei som legg igjen kommentar!
Er lykke det også :o)
I morgon er det fredag, deilige fredag....
God helg til deg!
Stor klem frå Frøken Loppe i lykkerus :o)