torsdag 25. august 2011

Lopper frå Spania

I ein gamal by kalla Nerja, sør i Spania har familien funne sitt paradis.
Her har vi vært fleire gonger, feira runde bursdagar eller berre kosa oss på ferie.
 Kvar gong vi er i Nerja går eg på loppemarked.
Det er så mykje spennande å sjå, av og til er det lett å gløyme at ein skal ha plass i kofferten heim og....

Tenkte å vise nokre av loppane som har fått bli med meg heim frå Nerja


3 store og 4 små krukker med lokk
Seljaren, som var frå England, mente at krukkene var frå Frankrike.
Eg har ikkje fått oversett teksten på krukkene, der står blant anna;
"Vermicelli" på den eine store krukka og "Nootmuscaat"  på ein av dei små...
Nokon som veit kva språk det er?
Trur vermicelli kanskje betyr kveitemjøl.... ;o)
Ellers er det krukke til kaffi, sukker, pepper, kanel og noko som heiter nagelen... (mon tru kva det er...)
Dei er vertfall kjempe søte og eg er blitt veldig glad i dei!


På ein av dei andre turane kom eg over denne loppeskatten





Dette er eit søtt, lite krydderskap, i blikk som er blitt mal i ein litt rusten rødfarge.
(det er faktisk litt rust på den også, så den er berre til pynt ;o)
Det er 6 små skuffer som har romma forskjellig krydder.
Kjempe dekorativ på kjøkken veggen!

Små loppeskatter som gir glede i kvardagen min....

Håper du får ei fin helg!
Eg skal i bryllup i helga, gledar meg!!

Frøken Loppe



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)