onsdag 31. august 2011

På kjøkken...

Eg elsker skåler, krukker og fat og har alltid eit ekstra blikk etter artige og gamalt kjøkkenredskap og duppedingser, som kanskje ikkje er så mykje i bruk i vår meir lettvindt kvardag...
Tenk på alle duppedingser, redskap og utstyr dei brukte på kjøkkenet før i tida...

Å setje fram ei skål som du ser har "levd litt", gjer det kosleg ved bordet,
og det smakar ekstra godt av maten ;o)
For meg er det ikkje så nøye kva stempel det har i botnen,
men kva form, farge og funskjon den har eller har hatt ;o)

Hos meg står og/eller henger det små loppeskattar rundt på heile kjøkkenet.
Nokre av loppeskattane eg er mest glad i på kjøkkenet har eg tatt bilde av her:



Tallerkenhylla har eg fått av ei tante, den var brun, men fekk nokre strøk med kvitmaling,
og vart kjempe fin!!!
Eg skrudde i nokre krokar i enden, slik at koppane og kunne henge på.
Kaffeserviset har eg kjøpt på Fretex ein gang i tida.

Hylle med "skuffer" til sukker, ris, mel osv kjøpte eg på Hvaler ein sommar.
Eg leita lenge etter ein slik før den plutseleg ein dag stod der å venta på meg..
Så den måtte eg berre ha...
Eg fekk og med ein gamal niste boks i blått og kvit som de ser på bilde med skålane.
Den er kjempe lekker og har ein fantastisk flott blåfarge!

Skålene med blått mønster har eg kjøpt litt her og der.
Eg elskar dei blå detaljane på krukker, skåler og servise.
Føler det gir ein litt gamal, bonde stil..

Til slutt er det eit bilde av nokre kjøkkenredskap, dei fann eg på ein brukthandel.
Dei har eit kjempe søt rosemønster og det er 4 deler.

Det gjere godt å omgi seg med slike små loppeskattar kvar dag...
... gir små smil i kvardagen.....

... og er faktisk veldig praktiske i tillegg.....

Ha ein flott kveld!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)