torsdag 25. august 2011

Test av Lavkarbobrød

Eg har alltid vært glad i å bake brød og knekkebrød.
Ingenting smakar så godt som nybaka brød, med brunost... nam, nam.
Eg kom over ei oppskrift på lavkarbobrød i eit blad, og eg hadde faktisk alt eg trengte i oppskrifta.
Så då var det berre å finne fram sleiva...


Oppskrift på Lavkarbobrød:

(1 brød)
4 egg
3 ss olje
1/2 boks creme fraiche eller kesam
1 ss bakepulver
1/2 ts salt
50 g linfrø
50 g sesamfrø
50 g solsikkefrø
60 g havrekli

Pisk eggene lett, bland i kesam og olje og tilsett deretter det tørre.
Deigen skal være som ein tjukk graut.
Legg bakepapir i ein brødform, ha røra oppi.
Steik nederst i omnen på 180 grader i 55 min.




Brødet vart kjempe godt!! Saftig og fint!
Var redd det kanskje skulle bli litt klissete, men det vart det heldigvis ikkje.
Kjempe godt med brunost og ein kopp te til ;o)

Brødet var faktisk så godt, at det vart oppete dagen etterpå, så eg måtte lage meir.
Men denne gangen dobla eg oppskrifta, slik at eg fekk to brød.
Ein anna ting eg kom på etterpå, var at det hadde passa veldig godt med valnøtter eller gresskarkjerne oppi.
Det får eg prøve neste gang!

Ha ein fin, fin dag!

Frøken Loppe

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)