lørdag 20. august 2011

Lopper i Rakkestad

I sommar var eg i Rakkestad,  ein fin litan plass utanfor Fredrikstad.
Der hadde dei tilfeldigvis Loppemarknad i gågata... det kunne jo ikkje blitt meir hell!!
Og loppar fann eg..... sjå berre her:




Eg vart kjempe nøgd med handelen og fekk med meg heim mykje fint
(tok fly heim, så her vart det god planlegging i pakkinga)

Av og til når eg får nye loppar i hus, kan det ta litt tid før eg plasserer dei... må liksom kjenne litt på kor dei høyrer heime, og kor dei passar best...og kva dei kan gjere for meg for å gleda meg mest...
Så nokre av desse tinga har blitt liggande å berre vente på sin rette plass....

Her har ei av loppane fått sitt oppdrag i heimen:


Ein gamal sil i sink får stå framme på kjøkkenbordet med epler og anna frukt.
Er veldig nøgd med resultatet, tykkjer den er kjempe søt der den står!
Kan bruke den som feks blomsterpotte, om den blir lei av å bære frukt...
Slik den står i dag, er den vertfall ein liten glede i kvardagen...

Frøken Loppe

1 kommentar:

  1. Anonym21/8/11

    Fin blogg, flotte bilder:-) Du er flink:-)Hilsen ho på andre sida av fjorden:-)

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)