onsdag 21. september 2011

Det er i boks....


Har i sommar fått dilla på boksar!
I alle formar, fargar og til alle typar formål....
Vel, må vel innrømme at formålet til dei fleste kun er å stå på pynt,
men noko må jo det og... ;o)
Ellers så er det jo supert å lagre knekkebrød i boksar, 
då får ein det fint på kjøkkenet + supersprø knekkebrød :o)

Boksane er kjempe dokorative, og ein kan stable dei oppå kvarandre, 
mikse fargar og form.
Nokon er nye, andre er loppefunn,
må innrømme at loppefunn boksane gledar meg mest...


Ellers så er fotoapparatet mitt "på tur" i kveld,
og merkar eg er litt rastlaus og saknar det litt....
Har nokre bilder på minnebrikka so eg gjerne skulle blogga litt om ;o)

Lurer på om eg skal prøve meg på utfordringa til Sukkertøy for øyet,
frå sjå kva eg får til....;o)

Ha ein flott onsdag kveld, kjekt at du stakk innom!
Frøken Loppe

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)