fredag 2. september 2011

Nye loppeskatter.....

I morgo skal eg på loppemarknad!!!
Det blir loppelykke og kanskje nokre nye loppeskattar ;o)

Alltid spennande å reise på loppemarknad, kjenner at spenninga byggjer seg opp...
kanskje eg finn akkurat DEN skatten....

Siste loppefunn var 3 skålar og eit flott serveringsfat



2 av skålane har eit fint rosemønster, og den eine er litt større enn den andre.
Ein til poteter og ein til gulerøtter ;o)



Den 3dje skåla har eit artig blått mønster,
og eg digger jo blått møster, så denne var berre ei MÅ ha skål... ;o)



Den største skatten var eit ovalt serveringsfat.
Då eg såg at det var av FIGGJO merket auka pulsen nokre hakk.
Det er eit kjempe fint fat, og i kveld fekk fredagspizzane bli servert på fatet.
Er kjempe nøgd med denne skatten!!

Gledar meg til loppemarknad i morgo,
blir spennande å sjå om det blir med noko heim...

Ha ein flott fredagskveld!

Frøken Loppe

1 kommentar:

  1. Skal på loppis i morgen jeg også... gleder meg :)
    Kos deg på loppejakt!

    Klem fra Marianne

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)