torsdag 15. september 2011

I stova står det.....

eit sminkebord, 
som eg fekk av mormor og morfar for mange år sia.

Eg malte det først i okergult, 
og for eit par år sia malte eg over med fargen caffe latte.
Er kjempe nøgd med DET resultatet!

I og med at det no står i stova, har eg valt å ta vekk spegelen,
føler at det ikkje passar her.
Bilde som står oppå sminkebordet, 
er frå Oddvar Torsheim.

Stolen har eg kjøpt på bruktbutikken,
den rykjer stadig fram i køen over ting eg skal fikse på.
Den skal vertfall få nytt trekk + eit malingsstrøk.

Den store glasskrukka fann eg på lofte til bestemor,
den er super til kjempe store blomsterbuketter ;o)

Vaskefatet med orkideen fikk eg for mange, mange år sia,
av mamma mi. Masa den til meg frå ein antikvitetsbutikk i Bergen.

Den lille spegelen som heng på veggen,
er ein av loppeskattane eg fann i Rakkestad i sommar.
Der fann den sin plass.....

Ynskjer deg ein fin, fin fredag!

Frøken Loppe














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)