tirsdag 27. mars 2012

Utfordring Old chic

Klar for nye utfordringar!!!

På bloggen Galleri Bo er det ein utfordring med namnet "Old chic".
Ho har ein forkjærligheit for kombinasjonen gamalt/nytt,
og utfordrar oss i å vise eit interiørbilde som
kombinerer noko gamalt mot noko nytt.

Eg vil vise eit bilde får glassverandane i "Huset på landet".
Der har vi snikkert ein benk som er fylt med nye puter og eit pledd,
ved sidan av benken står det eit gamalt bord som stod i huset då vi kjøpte det.
Oppå bordet står eit gamalt vaskefat, som også sto i huset.

Elsker det grønne bordet, spesielt formen på beina og den søte skuffa.




Bli med på utfordringa du også!
Sjå resten av dei flotte bidraga her.

Snart påskeferie.... gledar meg....

Klem frå Frøken Loppe

søndag 25. mars 2012

Kvardag

Etter 1 veke i vakre Spania, 
og ein alt for lang periode med ein lei og seig forkjølelse,
håper eg frå no av at eg er tilbake i normal kvardag igjen!

Dagen i dag har vertfall vært full av kvardagssysler,
som feks å lage knekkebrød og kornblanding.
Når ein har vært "ute av drift" på grunn av enten ferie eller sjukdom ei stund,
syns eg det alltid er godt når den normale kvardagen igjen tar over.

Då eg var i Spania gjekk eg på bruktmarknad,
og forelska meg djupt i .....
(det kunne vært ein spanjol, men DET var det ikkje... ;o),
men ein kjempe fin, nostalgisk og gamal kjøkkenvekt.
For 20 euro fikk den være med heim i kofferten ;o)





Oppi vekta på dette bilde ligger kornblandinga eg laga i dag.
Veldig godt og sunt, pluss at det gjer ein herleg start på kvardagen.

Oppskrift på kornblandinga:
350 g havregryn
350 g hasselnøtter, valnøtter og mandler (til saman)
1 dl solsikkekjerne
1 dl sesamfrø
ellers andre korn eller frø du likar spesielt godt

Hakk opp nøtter og mandlar og bland saman med dei andre frøa.

5 ss honning
4 ss rapsolje

varm dette i ein lita panne, slik at honning og olje blandes.
Helles over kornblanding og rør godt.

Spre blandinga i langpanne med bakepapir.
Steik på 150 grader i 45 min.
Snu litt på blandinga av og til.

Kjøl ned og lagrast i tette glass.


 
Er kjempe godt saman med tørka frukt og bær.
Herleg kvardagsfrokost og ein god start på kvardagen!

Ved eit kjapt overblikk ser eg at det vært full aktivitet her,
gledar meg til å sjå kva de har gjort sia sist :o)

Ynskjer alle ein super start på ei ny veke og nye kvardagar!!

Stor klem frå Frøken Loppe


lørdag 10. mars 2012

Med på leiken

Å pynte med B O K S T A V A R har vært "inn" ei stund no.

STORE bokstavar
små bokstavar
bokstavar i tre 
bokstavar i betong 
bokstavar i metall 
bokstavar i papir
bokstavar i forskjellege fargar
osv...



Siste eg var i Bergen, var vi innom Fretex på Lagunen.
Der fann eg desse artige klossane,
med både bokstavar, tall og figurar på.
Tenkte at desse kan ein vel pynte med, og dei fekk være med heim :O)



I tillegg til å vere eit artig innsalg i bokhylla, 
kan vi leike ordleikar, bygge høge tårn og lære alfabetet :0)

Når eg er innom bruktbutikkar, går eg ofte innom leikeavdelinga.
 Finns mykje artige leikar, 
som kan gje eit spennande og annerledes innslag i interiøret :o)




BLIR DU MED PÅ LEIKEN?!? ;O) 

Har du ein eller fleire bokstavar i heimen?
Betyr bokstaven noko for deg?
Er det kanskje første bokstaven i namnet ditt? 

Utfordrar DEG til å lage eit innlegg, der du visar dine bokstaver, 
eller eit LEIKANDE innslag i ditt interiør!

Link gjerne til bloggen din under kommentarfeltet mitt!!

Ynskjer deg ein super L A U R D A G !!!


Stor klem frå Frøken L O P P E

lørdag 3. mars 2012

Reise i tid....


I september 2011 var eg på jobb REISE
og fekk moglegheiten til å bu på fantastiske Dalen Hotell i Telemark.

 Dalen hotell er strategisk plassert "midt" i Norge, 
og det var ein naturleg plass å REISE innom før i tida,
når ein REISTE i vårt langstragte land.

For mange, mange år sidan var det mange som kom REISANDE til hotellet.
Dei fleste var på igjennom REISE
men nokon REISTE dit for å bu der over lengre tid.
Nokon hadde REIST lang, og nokon hadde langt igjen å REISE.

Å bu på Dalen hotell er nesten som å REISE tilbake i tid,
både fasaden utvendig og alle detaljar inni hotellet er prega av tida som har gått.
Det kjendes som tida hadde stått stille i mange, mange år....
Mens eg tok meg ein rusletur i sentrumsgata,
gjekk eg forbi ein bensinstasjon.
Eg fekk igjen ei kjensle av å REISE tilbake i tid...

Det hadde gjerne vært godt av og til om tida kunne stått stille,
slik at ein kunne nyta at ein faktisk var på REISE gjennom sitt eige liv.....





Dette er mitt bidrag i fotokonkurransen på bloggen


 Sjå alle dei flotte bidraga her.

Frøken Loppe

fredag 2. mars 2012

Uterom.....



VI oppfordrar til å dele eit fint bilde av uterommet vårt frå i fjor, 
eller kanskje du alt har fått rigga til årets uterommet?!?
Ein herleg og inspirerande oppfordring som visar kva vi har i vente...



Eg har dessverre ikkje noko eige uterom å vise til i dette innlegget.

MEN tenkjer at den fantastiske naturen vi har rundt oss,

må jo være det BESTE "uterommet" vi kan få  ;O)





I helga går turen til Bremanger,
ser fram til ei kosleg familiehelg :o)

Robbie får selskap av to andre hunder, 
DET blir spennande!!
Blir truleg ein fjelltur, framfor bading denne gangen......
Men med ein slik utsikt, 
er det ikkje vanskeleg å motivere seg til å komme på toppen ;o)





Ynskjer DEG ei god helg!
Her skinner sola frå blå himmel, 
håper det vert slik resten av helga og :o)

Stor solklem frå Frøken Loppe

torsdag 1. mars 2012

Drømmer om Spania

Spania er mitt favoritt ferieland!
Vi har funne eit paradis sør i Spania, der heile familien trivast veldig godt.
Det er ein liten landsby, 
som har klart å behalde sin gamle spanske sjarm.
Der er deilige strender, koslige smug med butikkar,
flotte resturanter, roleg og trygt.

 (Bilde er tatt i Spania i 2010 av min stedatter, handa tilhøyrer min søte, søte tantejente ;o)

Om 2 veker drar eg og min 13 åring til Spania :o)
Denne gangen skal vi besøke vår spreke Mormor/Olla,
som "overvintrar" i Spania.
Det er litt lenger nord i Spania enn der vi brukar å være, 
og vi har ikkje vært der før, så det blir spennande!!
Blir uansett godt å sjå Mormor Olla igjen!

Håpar på meir sol og varme enn det vi har hatt her i det siste ;o)

Ynskjer dei som ser innom ein super 1.mars dag!
Fatt mot, våren er like om hjørnet... ;o)

Stor klem frå Frøken Loppe