tirsdag 23. oktober 2012

Bort bra, men.....

Vel heime igjen etter nokre flotte, men hektiske dagar i København.
Programmet var stramt, så det vart ikkje mykje tid til 
"eigne aktivitetar", men vi fekk sjå og oppleve mykje nytt i Køben.

Trur det må være favoritt byen min,
vakker, innhaldsrik, vennleg og spennande.....



København (utsikt frå hotellrommet)



Bilde frå hotellrom og baren på hotellet




Det er spennande å være på reise,
og mange vri seg nok i missunning når eg pakkar kofferten gang på gang, 
MEN det er faktisk ganske slitsomt og....

Dessuten trur eg om ein reiser alt for mykje,
om det er privat eller jobb (eller ein kombinasjon, som det ofte blir)
så set ein til slutt ikkje pris på alt ein får oppleve...
Ein vil liksom berre.... HEIM....


Soloppgang frå hotellrommet, drink ved solnedgang... ;o)



Det er IKKJE meininga å sutre og/eller være bortskjemt,
men etter mange, mange år med mykje reising,
både via jobb og privat,
kjenner eg at det er HEIM eg vil reise no......


Nerja - Spania


Ynskjer å finne roen, 
kjenne at helgane ladar opp og ikkje berre er eit pustehull...
Vil glede meg over å rusle rundt i heimen, 
sysle med prosjekter (lista er blitt lang...;o)
Tusle ein tur til byn, 
kjøpe ein kaffi og avis, la timane rusle roleg avstad, 
utan å sjå på klokka for at det er noko ein skal rekke...
Ha tid til kvardags sysler...

Kan ikkje huske siste eg kjeda meg.....
Er det noko som ein veks av seg, eller ??


 Nerja - Spania


Det er jo kvardagar som formar livet, 
det er dei som skapar tryggheit og struktur i livet.
Eg ynskjer meg fleire kvardagar.... heime...

*
Nokon som kjenner seg igjen?
Kjenner du tidstjuven puster deg i nakken av og til?!
Er det vanskelig å prioritere tida?
 
 *

Til helga skal eg endeleg være heime. (gliser stort)
Gledar meg til ein roleg helg, med gullrekka på fredag, 
taco på laurdagskvelden,
spasertur søndags føremiddag,
og ein søndagskvil etter søndagsmiddagen.... ;o)

Men eg skal òg på AUKSJON!!!! :o)
Frøken Loppe tar ikkje heilt fri.... ;o) hi, hi

klem Frøken Loppe

(alle bildede er tatt med mobil)

mandag 15. oktober 2012

Nytt prosjekt på gang...

Ja, slik er det vel for dei fleste...
Når ein har avslutta eit prosjekt, 
går det ikkje lang tid før eit nytt er på gang... ;o)

No skal eg til på eit STORT prosjekt!!


Min nye HEIM... :o)

Gledar meg til å ta fatt på oppgåvene, 
her skal det pussast golv, rivast veggar, byggast opp at veggar, 
malast, byggast benk, lage skap av gamle vindu.....
 
Kjøpte i august 2011, og fram til no har eg  leig ut.
No når salget av tomannsbustaden er i boks, og flyttedato sett, 
kjenner eg at eg gledar meg veldig til å få "sett klørene" i prosjektet og oppgåvene. 
Er veldig klar for å endeleg få bu der sjølv :o)

I hovudet mitt er det meste planlagt, men litt inspirasjon kjem alltid godt med.....



Ynskjer meg ein sittebenk under vinduet....

 



Lyst og artig kjøkken....





Store vindu gir masse lys.....



 

Gamle vinduer skal bli flotte og sjarmerande skap....



Lyse soverom gir ein god start på dagen....


Eg er nett komt heim etter nokre fantastisk flotte dagar i Spania,
bilder kjem seinare...;o)

No må eg pakke kofferten igjen, 
København ventar....

See you!

klem frå Frøken Loppe i farta

ps. tusen, tusen takk for alle dei koslege kommentarane de legg igjen, 
blir såååå glad for kvar og ein av dei!!!!
Eg kjem sterkare tilbake, når eg har "landa" etter København turen ;o)

tirsdag 2. oktober 2012

Ein skrue laus.....

Når vi var på Island,
såg eg noko kjempe artig inne i frukostsalen på hotellet.
Fikk nesten litt julestemning faktisk.... ;o)
(Rart det der, når ein set tal på rekke og rad)




Men for ein artig og god ide!!!!!
Eg vart reint inspirert!

Her er det kun fantasien som set grenser...

Kva med hus nr?
Eller gløymer du ofte telefon nr ditt?
Eller kjæresten sitt ;o) ?!
Julekalender?
Fødselsdato for barna dine eller deg sjøl og/eller din kjære?
Har du butikk, kan du "skru opp" opningstidane :o)



Ein kan bruke skruar i alle forskjellege størrelsar og fargar,
alt etter kva som passar inn.
Ein kan skru rett på veggen, eller på ei plate.

Ein kan jo bruka kva som helst slags plate og....
Kanskje nokre skruar som kjem rekandes på ei fjøl..... ;o)




 
Eg digga ideen!!!
og som sagt, det er kun fantasien som set grenser....

Kva ville du laga ??!!

*
 
Eg har pittelitt reisefeber,
Spania ventar, torsdag lettar flyet...Tjohei!!!!! :o)

klem frå Frøken Loppe