tirsdag 30. september 2014

God morgen!!

 
 
Havregraut, ein god kopp te og tid til å nyte det.......
 
 
Ynskjer deg ein fin dag!
 
 
klem
 


mandag 15. september 2014

Loppe abstinens

"Abstinens er karakteristiske tegn og symptomer som oppstår når et stoff
som forårsaker fysisk avhengighet blir brukt over lengre tid,
 for deretter brått å bli seponert eller få redusert dosering."
 
 
Og slik kjennes det ut for meg no...
 
No er det alt for lenge sia eg var på loppis og
eg kjenner tegn og symptomer på at
eg har fått alt for lav dosering i det siste.....
 
Og når eg i tillegg les i lokalavisa på SØNDAG,
at det har vært LOPPEMARKED i byn,
på LØRDAG, som eg ikkje har fått med meg....
Ja, då.......då blir abstinensene ekstra ille....
 
Frå no av skal lokalavisa lesast side opp og side ned,
spesielt før helga for å unngå ytterligare tegn og symptomer.
 
I mellomtida får eg nyte dei siste loppane eg fekk i hus
etter København turen.
 
 





 
 
Håper dåke får ei flott ny veke,
med eller uten abstinenser.... ;o)
 
 
klem frå ei Frøken med sterke abstinenser
 

tirsdag 9. september 2014

Heilt korka......

Eg samlar på mykje rart,
noko meir rart enn andre ting,
og noko ikkje så veldig rart......
 
 
 
 
Ein av tinga eg samlar på er K O R K E R,
og då frå type vin/champis flasker.
 
Det som er litt artig, er at også familien har engasjert seg,
spesielt mor mi.
So når dei har samla opp ein påse,
kjem ho med dei og eg kan legge dei til samlinga mi....
 
 
 
 
For eg drikk faktisk ikkje sååå mykje vin og champis,
så det hadde tatt tid å samla nok korkar,
om eg kun skulle samla etter eige forbruk.... faktisk... ;o)
 
 
 
 
Men kva skal eg lage,
no når eg har fått så mange korkar...?!?
 
 
Tja, skal vi googla då....?.
 

 


 




 
 
I første omgang må eg sei nøkkelringen,
urte - merkene og navn - kortet fall i smak,
men her er det berre å sleppe fantasien laus!!
 
 
Julegåve tips, kanskje?!? ;o)
Hausten går fort, den....
 
 
Har du laga noko av vin korkar?
Eventuelt kva?
 
 
Helsing ei heilt korka Frøken Loppe
 
 
 

mandag 1. september 2014

Måndagen derpå.....

Nokre måndagar er tøffere enn andre måndagar...
Nokre måndagar er starten på ei ny veke...
Nokre måndagar er slutten på ei lang og fin helg....



(bilde frå soverommet mitt) 

Denne måndagen er slutten på ei lang og flott helg.
Vi har feira 50 årsdag der vi samla venner og familie til fest. 

Dagen starta med felles fjelltur til vakre Fuglesteg innerst i Lustrafjorden. 
Deretter var det rømmegraut, spekmat og masse god drikke
i det gamle Bryggjehuset på Skjolden brygge. 

Nydelige rammer rundt ein rund dag!

Vi stod sjølv for all planlegging og pynting, 
samt mykje av maten. 
Men med god hjelp av venner og familie, 
både før, under og etter festen gikk det veldig bra!

Men etter ein slik stor fest, som ein har planlagt lenge, 
(detaljorientert som eg er ;o)
går liksom lufta litt ut av meg når måndagen kjem.....

Vel, det var i allefall verdt det, vi fekk masse flotte tilbakemeldingar
og alle kosa seg masse!
Til og med jubilanten var svært nøgd :o) 
Er så utruleg takknemelig overfor alle som kom, 
og at vi klarte å samle mange av våre venner og familie under same tak!






Bildene frå Fuglesteg er henta frå nettet. 


Dette bilde tok eg på veg ned frå Fuglesteg.




Litt av forberedelsene....


Men no er vi klar for ei ny veke, 
vi legg opplevelsane på minnebrikka
og puster sakte og letta ut...
............alt gikk etter planen....... ;o)

Håper du har hatt ei flott helg!
Gler meg til å ta ei runde å sjå kva de har gjort på siste veka..

Stor klem