torsdag 29. november 2012

Tid.......

No for tida, er det ikkje mykje eg har tid til....
Tida går til pakking, rydding, kasting og planlegging.

Når tida ikkje strekk til
og ein har (alt) for mykje på planen,
er det godt å ty til lette løysningar...

Som for eksempel eit raskt mellommåltid
med heimelaga kornblanding....



Det er faktisk ein kjempe god ide til julegåve!
Eit glas med heimelaga kronblanding med ei fin sløyfe på!
Kan passe godt når ein skal starte på dei tradisjonelle nyttårsforsetta etter jul.... ;o)


Når alt er flytta og ting er begynt å kome litt i orden igjen,
(og eg har fått pakka opp vertfall nokre av kassane...;o)
skal det bli tid til kos ved frokostbordet igjen...



I mellomtida kosar eg meg med alle dei
flotte, koslege og fine innlegga om juleforberedelsar her i blogglandia :o)

Fin helg til deg!

klem Frøken Loppe


mandag 26. november 2012

Rett på veggen.....

Her går det frammover,
både med pakking og planlegging.

Hode er begynt å bli ganske så fullt av ting som må huskast,
gjerast, fiksast, ordnast osv...

Men ser òg at ting etter kvart ordnar seg......

Golvet er som sagt i boks,
det skal klikkast på plass i løpet av jula...
(o jul med din glede....)

Ein anna ting som er i boks,
er tapeten vi skal ha i stova.

Vi hadde egentleg tenkt å spikre opp ein
vegg av plank,og beise den grå.
Men så såg vi denne tapeten og "gikk rett på veggen...."
DEN ville vi prøve...





Trur det blir veldig tøft sammen med golvet
og dei andre tinga vi har planlagt i stova....

Tapetet er av vinyl og har ein slitesterk overflate,
karakteristiskk for vinyltapet er strukturen og
naturtro imitasjoner i overflata.

Vi likte den så godt,
at vi til og med tok sjanse på å bestille den uten
å ha sett den i "levande live....."
Så gledar meg veeeeeldig til å hente den på butikken!!

Tapeten har merke Storeys
Dei har masse, mange kjempe tøffe tapeter...



Måndag igjen, og snart 1. advent...
Ikkje la julestresset ta deg heilt endå ;o)
klem Frøken Loppe


torsdag 22. november 2012

Det sa berre klikk.....

Då har vi bestemt oss for golv.........
og det sa berre klikk.... så vart eg både betatt og overbevisst... ;o)


Linoleum 
Marmoleum Click

Det er eit klikkgolv som vi enkelt legg sjølv, 
rett oppå det golvet som ligg der, 
utan noko ekstra dill og dall.

Det skal klikkast samen, utan lim eller spiker
og kan lett fjernast om ein ville ynskjer det, eventuelt legge det i eit anna rom...

Flisane er på 30 x 30

Vi har valt ut to farger, 
som skal leggjast i sjakkmønster.........

Galen?!? 
Ja, litt..... hi, hi


Slik vert det.....i både fargar og str. på fliser...

Kva syns du?

Går du inn på linken under, kan du sjølv prøve å legge linoleum fliser,
masse artige varianter.... ;o)


No er det snart helg,
her vert det julebord på fredag 
og familieselskap på laurdag!
Gledar meg til å treffe familien igjen!!

Ynskjer deg ei super helg!!

klem frå Frøken Loppe

mandag 19. november 2012

Fifty Shades of Greige.....

Så koslig med alle kommentarane de legg igjen!!!
Blir så glad og varm i hjarterota :o)

I helga trakka vi rundt i diverse butikkar 
for inspirasjon, tips, råd og ikkje minst prisar.....

Det kan sjå ut for at vi har klart å bestemme oss for eit golv, 
no ventar vi i spenning på pristilbod før vi gjer ein endeleg avgjering....

I tillegg fekk vi ein ny ide til langveggen i stova,
som vil passe kjempe godt til alt det andre vi har planlagt,
golvet, skap av gamle vindu, møblar, fargar osv...

Gledar meg til å høyre kva de meinar, 
kjem meir om litt... ;o)


For no skal vi snakke GREIGE.....


 


 Fargen GREIGE er visst høstens snakkis i fargeverden.
 Greige er nemlig ein kombinasjon av grått og beige. 
Det vil sei at den har dei beste eigenskapane frå to verdener, 
grå med sin eleganse, og beige med sin hygge......




 Storbygrå FR1212, er den mørkeaste greige nyanse. 
Den er elegant og sofistikert, svært god til soverom, men og til opphaldsrom. 




 Kanin FR1104 er visst sesongens bestselgjar.
Ein vakker fargetone, som lett kan kombinerast med andre fargar.
(trur denne kan bli min favoritt og... ;o)





 På dette soverommet er fargen Grå Ara FR1129.
Den gyldne tonen er ekstremt behagelig, sjå kor fint det er med greige malt panel... ;o)




Lavakull FR1131 er betraktelig lysare, og kan med hell brukast i alle rom. 


Alle nyansene av Greige er også svært gode gulvfarger.

Masse flott, hæ!!??
(bilder og fargekoder er henta frå Fargerike sin nettside)

*

Vi har fått nokon til å mala trapp kvit (dobbelsalto av lykke!!! :o)
Har "tradisjonell" gulna, trekvit, lakka trapp,
det skal bli ein fryd for auge å få den kvit.

Tenkte eg ville prøve meg på ein av GREIGE farge i trappeoppgangen,
trur det kan bli veldig fint, 
spesielt saman med golve vi (mest truleg) går for... ;o)


Spennande tider i møte.... ting å tenke på, 
ting å bestemme seg for, ting å gjere.....


Fin ny veke til alle dykk!

klem frå Frøken Loppe
 

fredag 16. november 2012

Surrehue......

Er for tida i pakke modus, 
men ofte, veldig ofte, svinsar tankane innom prosjektet som ventar....
Blir litt surrehue av og til...

Vi skal blant anna legge nytt golv i gang, stove og kjøkken
(pga ein liten vannlekkasje, forsikringsak...)
Men så er det jo så masse å velge mellom......................


Det er eit flott parkettgolv der frå før (trefarga),
men om vi skal bruke det må det slipast og lakkast på nytt...
dvs mange timar med slipemaskin, 
mange timar med lakking, maaaaannnnge timar med venting
og maaange timar med støvtørking.....

Vi har tidsnød og har ikkje tid å bruke mange timar på 
sliping, lakking, venting og støvtørking... så kva gjer vi då....!?!

 Nokon som har prøvd å male parkett??

Kjenner eg får ilt i magen med tanke på å legge 
nytt oppå eit flott og fullstendig fungerande godt golv, 
kjenner det langt inni gjennbruks - sjela mi at det liksom er litt feil,
MEN......

Eit alternativ vi har sett på er linoliumfliser...
Dei kan vi legge rett oppå parketten, og då blir den på ein måte bevart....
Nokon som har erfaring med det?

Eg er veldig glad i sjakkmønster, 
og ser for meg fargane lys grå og kvit....


Og så er det mønstert.....!?!?
wwwæææææ, valgets kvaler..... 






Blir litt surrehue, kjenner eg...
Den eine dagen vil eg det eine, den andre dagen noko anna.....


Golvet er eit viktig grunnlag, det bør være tidløst så ein ikkje går lei.
Det må være slitesterkt og lett å vedlikeholde.
Det må være fint å sjå på og passe sammen med innredning, møblar og interiør.





Veggane skal være kvite, og på den eine langveggen skal vi sette opp 
ståande plank og male dei grå/kvite.

 



Kom gjerne med tips og erfaringar,
setter STOR pris på ALLE tilbakemeldinger!!

I helga skal vi oppsøke forskjellege forhandlare, 
satsar på at eg ikkje er eit like stort surrehue på søndag,
men at vi då har kome fram til eit val... ;o)

Blir kjempe, kjempe glad når de er så søte og snille å 
legg igjen kommentar her hos meg!

Ynskjer velkommen til nye følgere!

God fredag!

klem Frøken Loppe

mandag 12. november 2012

Velkomen inn....

Kjekt at de likte kabelsnella mi
koslig å få så mange fine kommentarar :o)

Sjølv er eg speseilt glad i gråfargen og digger dei kule røde hjula.



 


Men no har altså snella fått kome inn i varmen, 
var litt redd for at vinteren skulle være slem med ho ;o)
Ser ut for at ho fann seg godt til rette....


 





Deilige mandariner.....


Skulle ikkje vi gå tur no...... ?!?!?


 

Sinkbøtta, samt skapet på veggen kjem frå hytta i Sogn.
Sinkvasen (mjølkespann) er kjøpt på IKEA
Lampa fann eg på bruktbutikken
Klokka kjøpte eg på ein bruktbutikk på Island (virker dessverre ikkje, kun til pynt :o)
Det gamle dørslaget fann eg på marked i Rakkestad
Brettet er frå IKEA
Korga med puter og pledd fann eg via Finn.no, og høyrer til ein vinballong.
Litt nytt og litt gamalt....





Etter at snella kom inn og ho fekk stæsje seg opp litt,
vurderer eg å la ho få være inne,
for det vart faktisk ganske kult, syns eg... :o)

Vi får sjå om vi finn ein fin plass til ho i den nye heimen,
ho har værtfall fått ein plass i hjerte mitt,
så snella blir med på flyttelasset !!!! :o)

Tusen, tusen takk for alle koslege kommentarar!
Det gledar veldig!!

Fin veke til deg!

klem Frøken Loppe

ps. loftet er no tomt.... :o) :o) :o)



onsdag 7. november 2012

Rull inn kabelsnella!

I sommar laga eg eit hagebord av ein kabelsnelle.

1. Pusse, pusse, pusse
2.Beisa i same farge som terrasseborda
3. Monterte hjul (frå Biltema)
4. Rulla det på plass
5. Fint og praktisk bord, som rullar dit eg vil ;o)





No ser det ut for at det er på tide å rulle det inn....
Snøen daler ned....

*

Tankane spinn rundt flytting for tida,
mykje som skal gjerast...
Begynner å tømme loftet i løpet av helga,
blir spennande å sjå om det dukkar opp nokre gløymte skattar  ;o)

Tar med glede i mot alle gode pakke tips ;o)

klem Frøken Loppe

søndag 4. november 2012

Kjøkken teneste.....

Godt å få ein dag til å jobbe litt på kjøkkenet.

Heimelaga kornblanding
Heimelaga knekkebrød
Heimelaga kjøttkaker

Så no er det fullt i krukker og bokser :o)


Vekta kjøpte eg på bruktmarked sist eg var i Spania :o)




Praktisk og fint å ha kornblanding i Norgesglass



Boksen kjøpte eg på bruktbutikk på Island.


Skålen fann eg på ein bruktbutikk for mange år siden

Har du nokre favoritter du liker å lage sjølv?
 

Ny veke på gang...
Håper din blir fin!

klem Frøken Loppe

fredag 2. november 2012

Å drøyme seg vekk på IKEA.....

Ein liten jobbtur til Bergen,
gav moglegheit til ein kjapp tur på IKEA.

Masse, masse flott inspirasjon,
lett å drømme seg vekk nokre timer der, ja.... ;o)











I og med at eg vert på flyttefot i desember, 
og det meste kjem til å stå stabla i kasser,
er det vel kanskje eit slikt juletre vi bør satse på i år.... ;o)

Alle bildene er henta frå IKEA sin inspirasjonsnettside;
LIVET HJEMME


Fredag igjen, deilig!
God helg, alle sammen!!

klem Frøken Loppe

ps. eg fann nokre skattar på auksjon sist laurdag, 
bilde kjem seinare..... ;o)