fredag 19. desember 2014

Julens ufarlige sopp....

Hei, hei og god jul!

I går hadde vi gjester på kveldsmat, 
og då serverte eg blant anna sopp, ein heilt ufarlig sopp....

Den er veldig lett å lage, smakar godt og 
ikkje minst utrulig artig å pynte bordet med, 
og setter virkeleg prikken over i'en på eit koldtbordet...
  

Julens ufarlige sopp


Her treng du:

1. Kokt egg
1. Cherry tomat
Majones med pitte lite hull...

Kok egg som vanlig.
Dersom du ikkje ynskjer å bruke eggeglass, skjær litt av "botnen" på egget, 
slik at det står stødig. 
Veldig fint å sette oppå ein eng av salatblad, agurk eller lignende.

Del cherry tomaten i to, la den eine biten (som skal være "hatten på soppen") 
være litt større en den andre delen.
Ta ut innholdet på tomaten og sett den oppå egget som ein hatt. 

Lag eit pitte lite hull i masjonesen, 
og lag små "prikker" med majonesen.

Plasser på tallerken som spiselig pynt 
eller på koltbordet som eit artig og fargerikt innslag 
ved siden av alle dei andre deilige rettene du serverer!

*

Håpar de har det bra i førjulstida og ikkje stressar for mykje!
Ta tid til å kose dåke, og la heller
hybelkaniner og vasking av skaphyller vente til neste år.... ;o)

G O D  J U L

juleklem frå Frøken Loppe



torsdag 11. desember 2014

Julegåve tips....

Eg har eit lite julegåve tips. 
Alle kan gje den og alle kan få den.
Ikkje kostar det så mykje heller.

Det beste med gåva er at 
både givar og mottakar har gleden av den 
kvar mnd i året som kjem, 
pluss at det blir skapt mange flotte minner. 




Gåva inneheld:
12 frimerker
12 brev ark, kjøpt eller laga sjølv.





Du pakker det inn saman med ein lapp, der det står noko lignande:
"Eg tykkjer det er så kjekt å høyre kordan du har det,
og eg blir så glad kvar gong eg høyrer frå deg. 
Det hadde vært så koselig og eg hadde satt stor pris på 
om eg kunne fått eit brev frå deg kvar mnd i 2015. 
I brevet kan du teikne ein teikning, 
skrive nokre ord om kva du har gjort på eller tenkjer på,
skrive eit dikt eller dele det du har lyst til."





Så kvar mnd i året som kjem, 
vil den som har fått gåve ha glede av å sende eit brev i posten til deg. 
Og kvar mnd i året som kjem, 
kan du glede deg til å få brevet frå 
den du ga gåva til......


På ein måte er dette ei gåve til deg sjølv og, 
men også ein tankevekkar i desse elektroniske duppeditt datatider.
Vi held stor sett kontakt med familie og venner 
via snap, facebook, meldinger, chatt, instagram osv.
For min del har vi nesten slutta å ringe til kvarandre også, 
alt går via meldingar og snap...




Alternativet er at ein snur på det, 
og pakkar inn eit brev på julafta, 
med lovnad om at du vil sende eit brev kvar mnd, 
til og med neste jul...
Då gir du ei gåve som gledar lenge, 
både for deg sjølv og andre.

*

Så kjekt at du ser innom, og velkommen til ny følger!
Håper de har ei fin, fin førjulstid!

Frøken Loppe

onsdag 3. desember 2014

Førjulstida og julestria.....

I november hadde eg planar om at 
desember skulle bli ein koselig, roleg og triveleg mnd. 
Eg skulle ha god tid til å pynte, 
lage heimelaga julegåver, ha besøk, reise på besøk, 
bake, lage juledekorasjoner, kjøpe gåver, pakke inn gåver, 
slappe av og kose meg med førjulstida.

Vel.... ligger litt bakepå med pyntinga.
Julestjerna kom opp på etterskudd, 
første lyset i advensstaken blei tent tirsdag, 
eg laga eit par heimelaga julegåver kl. 01.00 i natt, 
eg har ikkje hatt tid å reise på besøk, har laga 1 juledekorasjon, 
kjøpt 2 gåver og pakka dei inn samtidig som eg 
laga heimelaga julegåver kl. 1 i natt....
Dagar og kveldar har gått i ett, 
eg har ikkje slappa av....

...men eg har kosa meg...... ;o)




For sjølv om ein planlegg å ha god tid til alt, 
så er det noko med denne tida, 
den strekk liksom ikkje alltid til...
Men då er det viktig å tenkte på at kanskje nokon 
av krava kan justeras ned litt, 
noko kan ein kanskje kutte heilt ut, 
og noko er jo rett og slett kjempe kos, 
sjølv om det blir litt seint og ein vert litt trøtt dagen etterpå.

Uansett... desember er nett starta, 
og det er mange, mange dagar igjen til julafta. 
Så det er framleis håp :o)
 

Kos deg i førjulstida med julestria,
nyt det og gled deg over dei små tinga!


Stor klem frå Frøken Loppe
(som presser inn ein tur til Bergen i helga, der venter julebord, julehandel og koselig familiebesøk)