søndag 8. september 2013

Heimelaga seng.....

Utfordring, ide, løysing og gjennomføring....
 
Utfordringen var at senga på soverommet plasserte seg best i rommet under vinduet,
og eg hatar å ligge med hode rett under eit ope vindu.
Er redd for både trekk, edderkopper og andre ting som kan komme inn vinduet mens eg søv.... ;o)
 
Alternativet var å ligge med hode den andre vegen,
men då datt jo puta på golvet heile tida, og vakna med kink i nakken likevel.....
 
Men så fekk eg ein ide (!!!!); "Kva med å LAGE ein sengegavl, slik at puta ikkje dett på golvet...."
 
Løysinga og inspirasjonen fikk eg ein dag eg satt å bladde i eit blad.
Lykka er at eg har ein snikkar i hus, som tok utfordringa på strak arm,
slik at ideen kunne gjennomførast :o)
 



 
Det var dette som gav meg ideen og inspirasjonen!
 
 

 
 
 
Først lagde han ei ramme rundt senga.
 
 


 
Deretter kledde han den inn med rupanel.
 
 

 
Nysgjerrigper......... ;o)
 
 

 
Deretter male eg den kvit......
 
 

 
 
Det som står igjen er lister i hjørnene og ei hylle på toppen av kvar gavel.
Når DET er på plass, skal de få sjå bilde  av det ferdige resultatet,
eg er allerede kjempe nøgd med resultatet,
vart akkurat slik eg ville ha det :o)
 
Ny utfordring (om/når den tid kjem)
Umulig å flytte.... ;o) hi, hi
 
Håper alle har hatt ein kjempe fin sommar og
ein god start på hausten!
 
Eg har alltid vært ekstra glad i hausten,
veit ikkje heilt kvifor, men noko med fargane, lyset, klarheita i lufta....
Kosen med å være inne, pledd, levande lys...
Kosen med å være ute i skog og fjell,
oppleve naturens siste sprell før den går i vinterdvale....
 
Ønsker deg ei fin, fin veke og håpar vi bloggast igjen snart!
 
Stor klem fra Frøken Loppe


mandag 12. august 2013

Ein lang siesta....

Dei siste vekene har eg tilbragt i vakre Spania....
Har enda ei lita veke igjen av ferien, men jammen har det gått fort.
Skulle gjerne vært fjorten dager til ;0)
Har blant anna gått flotte fotturer, sola oss fine og brune, bada i havet og ete og drukket godt av herlig Spansk tradisjonsmat og drikke!
Har også lurt meg ein tur på bruktmarked, skal vise kva eg fann der når eg kjem heim ;0)
I mellomtida vert det ein lenger siesta frå denne kanten!

Klem fra ei frøken i feriemodus













torsdag 25. juli 2013

Krona på verket......

Alt for lenge sida no!!!!
 
Ikkje så mykje som skjer innadørs for tida,
været har vært så fint at nesten all tid har gått til å være ute ;o)
...og det er jo bra!
 
Men litt har vi no fått gjort innimellom soldagane...
 
I gangen, der trappa går opp til loftet,
har vi hengt opp ein fin lysekrone, kjøpt på Bohus.
Det vart også kjøpt inn ein rosett som skulle være i taket,
men av og til tar ting litt tid... TTT... ;o)
 
Men her ein kveld kom ånden over mannen i huset,
og jammen fikk han opp rosetten!
 
Det satte verkeleg krona på verket!!
 
 
 

 
 
Men det er ikkje alt vi har gjort i sommar,
vi har faktisk snekra vår eiga seng og.....
Ideen fekk eg i bladet ROM123.
 
Du skal få sjå..... men malinga måtørke,
og eg må berre ha litt ferie først... ;o) 
For no er det berre 1 dag igjen på jobb,
så venter 3 veker fri!!
 
Gledar meg!
Turen går blant anna til vakre Spania....
 
Håper alle har ein kjempe fin sommar!!!
 
Lovar å komme sterkare tilbake etter ferien ;o)
 
*
Stor varm sommar 
klem fra Frøken Loppe
 


fredag 7. juni 2013

Mykje nytt.........

Mykje nytt i kvardagen, 
men dessverre lite nytt innanfor interiøret......




Konfirmasjon, oppstart i ny jobb og omstillingar
har tatt og tar det meste av tida mi.

Er innom og ser på bloggar innimellom,
og får masse inspirasjon,
men mangler tid til å utføre nye drømmer og prosjekt.....

Er klar for noko nytt,
men kor skal eg begynne...

Er rett og slett alt for mange ideer og ting eg har lyst å begynne på,
så her må eg prioriter og velge....

Har blant anna eit loft eg må rydde, 
skap i stove som må lagast ferdig, 
blomsterpotter som må plantes.....
ja, osv, osv........ ;O)






Får ta dagane som dei kjem, 
eg veit vertfall at eg ikkje kjem til å kjede meg i sommar ;o)
Nok av ting å finne på, planar å gjennomføre...

Nyt helga!
Her blir det sommerfest på lørdag:o)

klem frå Frøken Loppe

lørdag 4. mai 2013

Snart er DAGEN her.....

Det meste er i boks,
kryss i huskelista....
Mykje å huske, mykje å gjere,
mykje å tenke på, mykje eg aldri har gjort før....
 
Men ikkje alt kan gjerast på førhand,
dei siste detaljane kjem på plass dagen før....
Oppdekking, blomster, kaker, mat...
blir det sol.... blir det regn....
Er alt klart, har vi huska ditt og datt...!?!

Minner for livet,
ein stor dag...............

Tenk at vesle jenta mi er konfirmant....



Gledar meg til dagen er her,
gledar meg til å gjere stas på jenta mi!

Håpar du har ei super helg!
Neste helg skal eg berre ligge med beina på bordet...;o)

klem Frøken Loppe

torsdag 25. april 2013

Snartur....

Hei!

Tar meg ein snartur på IKEA.
Garderobeskap til gangen står på handlelista...

Spennande...




Ynskjer deg ei super fin helg!

klem Frøken Loppe

mandag 22. april 2013

Smake på våren.....

Då var eg vel heime etter ein flott tur til Krakow.
Her fekk vi verkeleg smake på våren....

24 grader frå skyfri himmel, 
utepils, varm sol og kjole temperatur...
Det var utruleg deilig!!
Var som å reise inn i ei anna årstid...

Heile 6 saueskinn vart med heim,
nydelige, kvite, store OG billige... ;o)



 
Litt vårstemning heime i stova også....
Blomster plansje kjøpt hos "Den grønne balje", 
gamle flasker arva, vinballong kjøpt brukt,
blomstergrein fikk eg i gåve til bursdag (Kremmerhuset) 
og bjørkegreiner plukka i skogen...

 
På veg heim frå Bergen (supert å fly direkte til Krakow frå Bergen),
fikk eg jammen tid til å stikke innom eit av dei mange 
loppemarknadane som var i byen i helga.
Fikk med meg blant anna to kjempe fine lamper...
Bilder kjem sjølvsagt ;o)

Håper du har hatt ei fin helg, 
gladar meg til å ta ei bloggrunde å sjå kva som har skjedd sia sist..;o)

Fin ny veke til deg!
.....og takk for at akkurat DU ser innom...

Klem frå Frøken Loppe
 

mandag 15. april 2013

Pakke koffert...

I dag skal eg pakke kofferten igjen.
Blir siste turen med jobben  før eg sluttar,
og ferden går denne gang til Krakow.

Har vært i Krakow nokon gonger før, 
og det er ein kjempe koslig by.
Gledar meg!!

Satsar på å ikkje pakke så mykje, 
då eg vil ha god plass til alt eg skal handle... hi,hi ;o)
Sist eg var i Krakow kjøpte eg med heim
4 (!!!!) saueskinn... 

*
 
Her kjem eit lite bilderas frå favoritt blomsten min...
Buketten var i ferd med å takk for seg,
så eg tok dei beste blomstene, 
og satte dei oppi små glass...
Så fikk eg gleden av dei litt lenger...;o)












Eg har hatt ei kjempe kjekk helg, kosa meg masse med besøk 
av flotte, artige, fine og gode damer!!!
Magemusklane har fått trimma seg, 
latteren sitter løst slike helger... ;o)

Det vart og nokre fine nappegåver på meg...

*

Ynskjer deg ei fin veke!
Eg skal vertfall kose meg i Krakow, 
håpar å få ein forsmak på våren.... ;o)

klem frå reiseklar Frøken Loppe

fredag 12. april 2013

Jentehelg....

Stemma er på veg tilbake,
og eg er klar for jentehelg!!!!
Jippi!!

Gleder meg super masse til å få besøk
av flotte damer i helga.
Vi skal prate, le, ete, drikke, sove (litt),
tulle, tøyse, prate, ete, drikke, le, le, le, le og le.... ;o)




I tradisjons tro vert det napping fredagskveld.
DET er morro DET!!

Alle har med 3 gåver, innpakka.
Så triller vi terninger, dei som får to like kan plukke ein pakke.
Når alle pakkene er fordelt,
skal dei pakkast opp.
Så begynner morroa.............

Trill terning, får du to like NAPPER du ei gåve frå dei andre,
får du to seksere, får du nappe + bytte ein gåve...
Ein av oss har sett på klokka,
og til den ringer er det berre å trille og nappe....

Kjempe morro, spennande, sosialt og artig!!
Vi har ein regel om at gåvene tilsammen kun skal koste kr. 150,-.
Eller det kan være noko ein har laga sjølv,
funne på loppis eller lignande...





Har du vært med på nappeparty?!
Om ikkje berre MÅ du prøve!! 
Inviter til ein koslig og artig kveld med venner eller familie,
garanterer at de får ein kjempe fin kveld!!  

*

Tusen, tusen takk for alle dei fine "god bedring" helsingane de har lagt igjen!!
Er heilt sikker på at det er det som gjer at eg no er bedre!! ;o)

Ynskjer DEG ei kjempe fin helg!

Stor klem frå Frøken Loppe

ps. bildene tok eg i påska, dei er frå huset i Sogn.

mandag 8. april 2013

Eit lite pip......

frå meg i dag....

Influensa fann meg i påska og slo meg ned...
Er så vidt begynt å fungere litt igjen, 
men uten stemme....

Det positive ved å ligge dag ut og inn på sofaen, 
er at eg har fått surfa mykje på nettet, lest blader
og innhenta mykje inspirasjon...

Har allerede fått snikkaren min i arbeid... hi,hi
Greitt å være sjuk, 
når ein kan sette andre i arbeid......

Bilder kjem sjølvsagt etterkvart,
i dag vert det berre eit lite pip herifrå... ;o)





Tusen, tusen takk til alle som kikker innom,
blir ekstra glad når du tar deg tid til å legge igjen nokre ord!!

Ynskjer deg ei super ny veke,
håper våren kjem snart..

klem Frøken Loppe

tirsdag 19. mars 2013

Snart påske og ferie....

No er påskeferien rett rundt hjørnet, 
og heldige meg som har ferie allereiie frå helga av...;o)

Ferien skal nytast litt her og litt der...
Gledar meg!!





Påske pyntinga tar eg i løpet av helga....
Sia vi skal være litt her og der, 
vert det enkel pynt med blomster og små påske effekter ;o)

Har du planar ?
Foretrekker du fjellet, fjorden/havet eller byen i påska?

Når og kva pynter du med til påske?

Kan aldri få takke nok for dei fine kommentarane de legg igjen!
Dei lyser opp min dag!!

klar for siste innspurt før ferie...?!?... ;o)

klem Frøken Loppe
 

fredag 15. mars 2013

Litt rund.....

Det er ikkje figuren min eg snakker om no altså, 
men saker og ting i heimen.. hi,hi


Litt rund inspirasjon frå kjøkkenet før helga....



Rund tallerken og rund kopp frå Kremmerhuset
Duk med runde prikker frå Spar kjøp



Stol med rundt sete, kjøpt på auksjon




Rund sittepute til den runde stolen, kjøpt på IKEA





 Høgt rundt glas frå IKEA, med smoothie frå runde jordbær.





Rund pute frå Kremmerhuset.


No går det nesten rundt for meg her....
så eg tar straks helg...hi, hi

Takk for super fine kommentarar!

God helg!

klem Frøkne Loppe

mandag 11. mars 2013

Den første solstråla....

Har lagt bak meg nokre hektiske veker,
no håper eg på rolegere dagar...

Ein liten forsmak i går, 
då eg fekk ein liten time ute i den deilige sola....

Den første solstråla fekk skinne på mine kinn.

Liten sitteplass vart rigga opp, 
kaffi i kopp og kjeks på fat...

D E I L I G




Robbie slappar av i sola, han og...;o)



I helga var det årsmøte med jobben og det siste for min del,
då eg går inn i ny jobb i mai.
Saman med gode ord fekk eg blant anna ein nydeleg bukett...

Rart å tenke på at mine snart 11 år i denne jobben snart er slutt...
 Trist og spennande på samme tid...

*

Ynskjer DEG ei god ny veke!
Håper nokre solstråler skinn på deg og ;o)

stor klem frå Frøken Loppe

tirsdag 26. februar 2013

Å være sammen......

Endeleg fekk vi ei laaaang helg i Bergen.

Tid med familie, søte nevøer og nieser,
(litt) shopping, lang frukost, tur i sola,
tid til å lese bok og spille spill, kino,
mimring, latter og tull..... ;o)

Det er så godt å være sammen....
 

Vi fekk jo sjølvsagt tid til eit obligatorisk besøk på IKEA
Klarte IKKJE motstå fristelsen til å kjøpe med meg dette bilde heim,
syns det er såååååå fint!!!! ;o)
No flytter eg det rundt om kring for å finne "DEN PERFEKTE PLASSEN...." ;o)

Kjøpte litt småtteri som eg har planar med...
Ting som skal hengast opp, litt her og litt der....
Gleder meg til å vise dåke ;o)






Vi fekk òg studert og planlagt rommet til konfirmanten.
Ho har fargen MARENGS på rommet sitt, 
litt søt, lys, lys rosa......
Her manglar framleis nokre møbler, 
her er det som står øverst på ynskjelista til no....




I samme slengen fann vi inspirasjon til TEMA til konfirmasjonen, 
ho har vært litt usikker på kva slags pynt, fargar osv ho ville ha,
men så dukka desse fine tinga opp, 
og då valgte jo TEMA seg sjølv.... hi, hi ;o)






Når ein er i godt selskap, og tida flyr, er det ikkje alltid like lett å få tid til alt...
Har vært litt stille frå meg siste veka, 
men kun fordi eg ville nyyyyyyyyte å være sammen med familien..... ;o)

Men her er eg igjen.. ;o)
Gleder meg til å ta ei runde hos dere!

klem Frøken Loppe