søndag 8. september 2013

Heimelaga seng.....

Utfordring, ide, løysing og gjennomføring....
 
Utfordringen var at senga på soverommet plasserte seg best i rommet under vinduet,
og eg hatar å ligge med hode rett under eit ope vindu.
Er redd for både trekk, edderkopper og andre ting som kan komme inn vinduet mens eg søv.... ;o)
 
Alternativet var å ligge med hode den andre vegen,
men då datt jo puta på golvet heile tida, og vakna med kink i nakken likevel.....
 
Men så fekk eg ein ide (!!!!); "Kva med å LAGE ein sengegavl, slik at puta ikkje dett på golvet...."
 
Løysinga og inspirasjonen fikk eg ein dag eg satt å bladde i eit blad.
Lykka er at eg har ein snikkar i hus, som tok utfordringa på strak arm,
slik at ideen kunne gjennomførast :o)
 



 
Det var dette som gav meg ideen og inspirasjonen!
 
 

 
 
 
Først lagde han ei ramme rundt senga.
 
 


 
Deretter kledde han den inn med rupanel.
 
 

 
Nysgjerrigper......... ;o)
 
 

 
Deretter male eg den kvit......
 
 

 
 
Det som står igjen er lister i hjørnene og ei hylle på toppen av kvar gavel.
Når DET er på plass, skal de få sjå bilde  av det ferdige resultatet,
eg er allerede kjempe nøgd med resultatet,
vart akkurat slik eg ville ha det :o)
 
Ny utfordring (om/når den tid kjem)
Umulig å flytte.... ;o) hi, hi
 
Håper alle har hatt ein kjempe fin sommar og
ein god start på hausten!
 
Eg har alltid vært ekstra glad i hausten,
veit ikkje heilt kvifor, men noko med fargane, lyset, klarheita i lufta....
Kosen med å være inne, pledd, levande lys...
Kosen med å være ute i skog og fjell,
oppleve naturens siste sprell før den går i vinterdvale....
 
Ønsker deg ei fin, fin veke og håpar vi bloggast igjen snart!
 
Stor klem fra Frøken Loppe