søndag 26. februar 2012

Tid til frukost

Helg betyr tid til lang frukost.
Tid til å dekke på favoritt dekketøy og servietter.
Tid til å skjære opp grønnsaker og frukt,
tid til å nyte og smake på maten.
Tid til å prate om dagen som kjem.
Tid til å sitte leeeeenge ved frukostbordet.






"Var det rekesalat du sa ?!?" ;o)

På den flotte bloggen EKTE INTERIØR
er det no ei utfordring på gang....
"Har du eit kosleg frukostbord?!?"

Eg tar utfordringa og utfordrar hermed deg til det samme :o)
Sjå alle dei flotte bidraga her.

Søndag kveld, og ei effektiv helg er over.
Har omsider fått rydda ut av (det eine) roterommet,
så deilig å sjå golvet der igjen... ;o)

Tusen takk for alle dei koslege kommentarane på forje innlegg,
det gledar STORT!!!!
Veldig kosleg med nye følgere også, 
blir så glad for kvar og ein som ynskjer å følgje meg på min veg... ;o) 
Velkommen skal de være!

Ynskjer DEG ei flott  ny veke, kanskje er våren på veg til deg....?!?

Store klemmer frå Frøken Loppe

tirsdag 21. februar 2012

Vis meg din Figgjo


Tusen, tusen takk for alle dei koslege kommentarane i innlegget om Robbie!
Så super søte de er :o)
Det virkar som han har finne roen, og begynner å føle seg heime her hos oss. 
Blir ei spennande tid framover.

Så..... ny utfordring på gang....
Frk. Eplegrøt utfordrar oss til å vise vår Figgjo favoritt!
Artig utfordring som eg kastar meg på :o)

Men ser at den største utfordringa faktisk er å finne EIN favoritt,
Figgjo har så masse flott og eg har vært heldig å finne nokre skattar...

Fann to nydlege Figgjo koppesett på Gjennbruksbutikken for litt sia,
+ nokre søte eggeglass.
Dei er pr. dato Figgjo favorittane mine :o)
Men synd eg berre kan dekke til to, skulle gjerne hatt eit fult sett.....


Kva er din Figgjo favoritt?
Bli med på utfordringa du og,
sjå dei andre bidraga her.

I morgo er det lille laurdag,
jobb og trening står for tur.
God onsdag til deg som stikker innom :o)

Gode klemmer frå Frøken Loppe

søndag 19. februar 2012

Ny mann i hus.....

I helga har vi vært å henta ein liten kar som skal bu hos oss.
Han heiter Robbie og er ein veldig, veldig pen mann.
Han har ein flott hårmanke, store brune auger,
er lett på foten, trufast, snill og kosete.

Robbie måtte ha ei ny plass å bu,
og vi ville gjerne at han skulle bu hos oss.

Blir spennande dagar framover for å sjå om han trivast her hos oss.
Vi skal vertfall gjere det beste vi kan for at han skal få det godt her.



Hels på Robbie :o)

De kjem nok til å møte han fleire gonger...

Ynskjer velkommen til dei som har lagt seg til som følgjar,
så kjekt at de vil følgje med på kva eg drive med :o)

Tusen takk for kvar einaste kommentar de legg igjen,
blir veldig, veldig glad for at de set av tid til akkurat meg :o)

Ynskjer deg ein flott ny veke!

Stor klem frå Frøken Loppe
(som er blitt litt forelska i den nye mannen sin.... ;o)

torsdag 16. februar 2012

Fabelaktig utfordring

På den inspirerande og flotte bloggen;
er det no ein artig utfordring på gang.

Utfordringa er kalla "Merket?!"
og har du dymo i hus, 
får den ein sentral rolle ;o)

Det er ikkje så lenge sia eg fekk dymoen min,
(høyres ut som ein dinosaur av eit eller anna slag..... :o)
så eg har ikkje blitt heilt


enda, men eg er nok på god veg.....  ;o)

Mitt bidrag til utfordringa:


Eit lite kort festa på ei bok om stoveplanter, 
som mamma fikk til morsdagen.

Utfordrar DEG til å være med og...

Sjå dei dei flotte bidraga her.

No er det jammen fredag igjen i morgo,
vekene går så alt for fort..

Ha ein super fredag!

Stor klem frå Frøken Loppe

fredag 10. februar 2012

Tid til helgesysler

Endeleg fredag og helga ligg urørt framfor oss.
Herlege fredag :o)

Helga er hellig for mange,
då skal ein få tid til familie, venner, opp - pussingsprosjekter, besøk,
lange frukostar, seine kvelder, eigenpleie, parpleie.....og så vidare....



Eg føler ofte at helga går alt for fort,
er så mykje eg gjerne skulle fått gjort.
På søndagskveld eg ofte sitter,
på andre sine blogger å titter.
Ser på alt de har fått gjort,
i løp av helga som gjekk så fort.


Her er noko av det eg har lyst til å få tid til i løpet av ei helg.


 
Tid til prosjekter




Tid til å prøve nye oppskrifter.
Kosleg å ta med på besøk, eller servere om ein får besøk.


Tid til å nyte naturen


Tid til eigenpleie (ta igjen litt skjønnheits søvn ;o)


Kva er dine helgesysler?
Føler du at helga av og til vert alt for kort?!?

Ha ein super fredag og ein super helg!

Stor god helg klem frå Frøken Loppe

onsdag 8. februar 2012

Velkommen etter....

Følger meg litt "treig",
men eg har altså ENDELEG fått DYMO i hus :o)

Så no blir det merkelappar både her og der framover.



Tusen takk for alle kommentarane de legg igjen!
Super kosleg :o)

I helga vert det ein tur til heimen på landet,
bursdagsfeiringar, besøk hos bestemor og morsdagsfeiring....
Gledar meg!

Husk morsdag på søndag, då ;o)

Klem frå Frøken Loppe

torsdag 2. februar 2012

Krim i koffert

Var nett innom Bruktbutikken i dag 
(har visst blitt mykje av slike dropp inn turer i det siste... ;o)
Der stod det ein super fin koffert å venta på meg...




Har ein gamal koffert frå før,
den har eg fått av svigermora mi, kofferten har vært faren hennas sin....
Den har stått i bokhylla, fylt med Agatha Christie krim bøker.
No har den fått selskap...



På min kjappe ferd med skjerpet blikk rundt i Bruktbutikken, 
kom eg også over noko søtt frå Figgjo.
Lykke dag :o)


Fredag i morra, og Bergen lokkar....

Stor klem frå Frøken Loppe

onsdag 1. februar 2012

Jippi!!!!!

Endeleg var det min tur til å vinne noko :o)

Eg vart den heldige vinnar av ein stilig sminkeveske frå



Det passer super bra, skal til Bergen i helga, 
så då har eg ein herleg unnskyldning for at eg berre
innom Den Grønne baljen.
Må jo hente premien min,
og kanskje snope litt også.... ;o) hi, hi

Ynskjer deg ein super onsdag!
Onsdagane er spinning dag for meg, 
og i kveld venter det ein 90 minutters spinningtime  :o)
Herleg å få ut litt "gruff" ;o)

Klem frå Frøken Loppe