onsdag 28. september 2011

Nappegåver...

I helga skal eg på jentetur, og no er den viktigast pakkinga unnagjort, 
nemleg NAPPEGÅVENE!!!

To gongar for året dreg eg på jentetur med ein fantastisk flott og artig gjeng.
Vi kosar oss med god mat, masse latter, går tur, har smykke og kjole party....
 I det heile tatt koooooooosar oss, 
berre slik som ein gjeng med kvinnfolk kan gjere når 
mann, ungar, hundar og husvask får vere heime ;o)

Høgtida er sjølvsagt når vi skal NAPPE!!!

Det går ut på at alle jentene har med seg kvar sine tre NAPPEGÅVER.
(vi kjøper for maks kr. 150,- for alle tre gåvene)
Alle gåvene skal være innpakka.
Gåvene vert lagt på bordet, og så kan vi begynner morroa...

Oppmerksomheita vert skjerpa,
konsentrasjonen er på topp.....
no skal det NAPPAST....



Vi brukar to terningar.
Når ein får to like, får ein velgje seg ein av gåvene på bordet.

Når alle pakkane er fordelt
(forhåpentlegvis har alle vertfall fått ei gåve...;o),
åpnar vi ein og ein, alle gåvene.
No er det spennande å sjå om ein har blitt blenda av eit vakker papir,
og kanskje berre fått eit lommetørkle eller ei pose med rosiner,
ELLER at ein har vore heldig og fått verkeleg fine gåver.

MEN....... NO STARTAR MORROA :O)
Ein av damene får ansvar for å sette varsel på klokka
(det kan være alt frå 5 min til mange timar, om ein vil/har tid ;o)
Så trillar vi terningane igjen.......

Den som får to like, kan NAPPE gåve,
den som får to seksere, kan NAPPE ei gåve,
+ bytte ein av sine eigne gåver med nokre andre sine...
(dvs dobbel nappelykke :o)

Det er alltid noko som er meir populært enn andre ting,
så det blir fort rift om gåvene, 
og same gåve går gjerne over bordet fleire gongar.

Temperaturen stig etter kvar som klokka går,
alle håpar at klokka skal ringe nett når ein sjølv har favoritt gåva i fanget...

Lykke er stor når klokka ringer og ein har fanget fullt av flotte gåver :o)

Nokon gonger har eg reist heim utan gåve i det heile tatt,
andre gongar har eg fått med meg mange flotte gåver.

Morro er det iallefall!!! :O)

Har du og dine vennar ein "leik" på jentekveldar/helgar??
Hadde vært spennande å høyre om dei :o)

Ynskjer deg ein super onsdagskveld!!

Frøken Loppe

tirsdag 27. september 2011

Eg tar utfordringa.....

......frå Ida Susanne på hennas flotte blogg Sukkertøy for øyet
Utfordringa er at ein skal ta eit bilde, 
som skal representere meg og  bloggen min.

Eg er jo ganske so "fersk" i bloggeverden, 
er nok litt usikker på om eg heilt har "funne meg sjølv" enda..
Men utfordringa er artig og fekk lyst å prøve.




Pledd = likar sofakos
Brødboks som dvd oppbevaring = likar ein god film
Stol frå bruktbutikken = ikkje alle prosjekt kjem like raskt i gang ,o)
Gamal meierismørboks = har dilla på boksar i alle fasongar og fargar
Forskjellege skålar og fat = sjarm går framfor stil
Vaskefat (kjøpt då eg var tenåring) = har lenge hatt interesser for gamalt og interiør
Sminkebordet = fullførte prosjekt (er nokon av dei og...;o)
Mange, mange loppeskattar = får aldri nok av lopper!!!

Det var litt om meg......

Kjenner du meg igjen?!? ;o)

Frøken Loppe

mandag 26. september 2011

Dei nyaste loppeskattane

På fredag var det loppemarknad!
Eg kom litt seint, gleda var derfor stor,
då det frameleis var nokre loppeskattar igjen til meg!

Fekk tak i nokre flotte stolar til kun kr. 250,- for begge to :o)
Kjem truleg til å trekke dei om (der må eg nok ha litt hjelp),
men akkurat no er dei fine nett slik dei er :o)

Kom og over ein søt liten benk/skjenk,
den skal eg male kvit, så skal den få nye knottar.
Gledar meg til å starte på det prosjektet!!

Ei lita lampe fikk òg være med heim...
veit ikkje heilt kva planar eg har for den,
den var berre søt ;o)
Dessutan manglar den skjerm,
skal nok være ein glass skjerm..
Nokon som har eit tips???
Lurar på å spraye den kvit?!?
Tja, noko må ein jo spekulere litt på ;o)




Bildene er tatt i Loppehuset på landet :o)

Kjem med fleire bilde derifrå seinare.

Ynskjer deg ein strålandes måndag!!

Frøken Loppe

søndag 25. september 2011

TAPAS....


TAPAS, TAPAS...
Laurdagskveld med tapas på menyen,
det er ALLTID ein suksess!

Favorittane er:
Ostebollar
Dadlar surra med spekeskinke
Heimelaga kjøttbollar
Grilla potetbåtar marinert i grønn pesto
Innbakt kyllingfile

Til dessert:
Ost med honning og valnøtt




Osten (som er av sau) som vi brukar til både ostebollar og desserten,  har vi kjøpt i Spania.
Spekeskinka rundt dadlane er òg innkjøpt i Spania.
Lageret er begynt å bli tomt,
så vi må vel snart ha ein Spania tur ;o)

Skriv ein kommentar om du er interessert i nokon av oppskriftane :o)

Med loppemarknad på fredag og tapas på menyen på lørdag,
kan ein ikkje sei noko anna enn at det har vært ein fin helg!!

 Kjem innom med bilde av siste loppeskattane snart!

Ha ein framleis flott søndag!!

Frøken Loppe

onsdag 21. september 2011

Det er i boks....


Har i sommar fått dilla på boksar!
I alle formar, fargar og til alle typar formål....
Vel, må vel innrømme at formålet til dei fleste kun er å stå på pynt,
men noko må jo det og... ;o)
Ellers så er det jo supert å lagre knekkebrød i boksar, 
då får ein det fint på kjøkkenet + supersprø knekkebrød :o)

Boksane er kjempe dokorative, og ein kan stable dei oppå kvarandre, 
mikse fargar og form.
Nokon er nye, andre er loppefunn,
må innrømme at loppefunn boksane gledar meg mest...


Ellers så er fotoapparatet mitt "på tur" i kveld,
og merkar eg er litt rastlaus og saknar det litt....
Har nokre bilder på minnebrikka so eg gjerne skulle blogga litt om ;o)

Lurer på om eg skal prøve meg på utfordringa til Sukkertøy for øyet,
frå sjå kva eg får til....;o)

Ha ein flott onsdag kveld, kjekt at du stakk innom!
Frøken Loppe

søndag 18. september 2011

Dalen hotell....

eit ekte eventyr hotell.
Sist veke var eg på jobbtur til Dalen hotell i Telemark.
Det var verkeleg eit imponerande hotell.

Hotollet er bygd i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn og spir.
Hotellet har bevart sin storheit og sjel, 
og er i dag tilnærma lik som då treslottet åpna i 1894!

Det føltes som vi gjekk tilbake i tid,
alle møblar, tapet, detaljar er frå ein forsvunnen tid...
Det er ein heilt spesiell stemning på hotellet.

Hotellet ligger nydeleg til med bratte fjell i nord, sør og vest,
og har ein flott utsikt mot innlandsfjorden Bandak mot øst.
Hotellet ligg ved ein romantsik park, 
der det var flott haust stemning med gule bjørker og lau på bakken.




Om de nokon gong er på desse kantar, 
anbefalar eg på da varmaste å ta turen innom Dalen hotell.

PS det seies at det spøkjer på Dalen hotell, at det er ei engelsk Lady som går igjen.
Ho bur visst på rom 17, eg hadde rom 18..........

Vel, eg traff ho ikkje, hverken i matsalen, i gangen eller på rommet mitt,
men so har eg eit veldig godt sovehjerte og......... ;o)

No er det snart måndag, ny veke og nye moglegheiter!
Ynskjer deg ein fin start på veka!

So kjekt at du stakk innom,
blir veldig, veldig glad om du legg igjen ein kommentar.

Frøken Loppe

lørdag 17. september 2011

Gåva til dei søte små...

er overlevert :o)
Håper det er eit minne dei kan ta med seg
på livets veg.



Eg kjøpte ubehandla krakkar på Europris,
malar dei først med grunning,
deretter 3 lag med maling.
Brukte sjablongar frå IKEA for å skrive namna.
Fikk god hjelp frå loppejenta mi!

Ei lita innflyttningsgåve til mine søte små tanteungar,
som har fått seg nye, flotte rom i huset sitt!

Frøken Loppe

torsdag 15. september 2011

I stova står det.....

eit sminkebord, 
som eg fekk av mormor og morfar for mange år sia.

Eg malte det først i okergult, 
og for eit par år sia malte eg over med fargen caffe latte.
Er kjempe nøgd med DET resultatet!

I og med at det no står i stova, har eg valt å ta vekk spegelen,
føler at det ikkje passar her.
Bilde som står oppå sminkebordet, 
er frå Oddvar Torsheim.

Stolen har eg kjøpt på bruktbutikken,
den rykjer stadig fram i køen over ting eg skal fikse på.
Den skal vertfall få nytt trekk + eit malingsstrøk.

Den store glasskrukka fann eg på lofte til bestemor,
den er super til kjempe store blomsterbuketter ;o)

Vaskefatet med orkideen fikk eg for mange, mange år sia,
av mamma mi. Masa den til meg frå ein antikvitetsbutikk i Bergen.

Den lille spegelen som heng på veggen,
er ein av loppeskattane eg fann i Rakkestad i sommar.
Der fann den sin plass.....

Ynskjer deg ein fin, fin fredag!

Frøken Loppe














onsdag 14. september 2011

Ein loppe fann sin plass....

For eit par helgar sia, var eg på loppemarknad.
Eg lova å vise noko av det eg fann der,
etter kvart som loppane fann sin plass i heimen.

Ei mjøl krukke, med ein litt stygg skade bak,
(har sikkert vært eit tre lokk på den, som har blitt "reve" av)
har funne sin plass som blomsterpotte på stovebordet.
Passar kjempe god saman med serveringsfatet det står på.
Flotte haustfargar i både krukka, brette og blomsten.



Kjekt du stakk innom :o)
Blir kjempe, kjempe glad for kommentarar!!

Frøken Loppe

tirsdag 13. september 2011

Eg fann, eg fann.....

nye loppar på Voss i helga.....
Var innom Fretex butikken,
har alltid hatt lyst å stoppe der når vi har kjørt forbi,
men det har aldri passa seg.

Dei har ofte spreke utstillingar, og virkar som ein ryddig og fin Fretex butikk,
og det var det også...
Men.... er det berre meg, eller har det skjedd noko med prisane på Fretex?!?

Vel, eg fekk med meg nokre loppar,
og trippa plystrande og nøgd tilbake til hotellet og 75 år feiringa til Bestemor!

Det eg fekk med meg var ein kjempe kul knall rød bag,
(som loppejenta mi stakk av med... ;o)
ein vaskefat kommode (bilder kjem seinare, her må malarkosten fram...),
ein litt skada, men kjempe søt sukker skål og
eit herleg FIGGJO fat.
Diggar fargane tiI FIGGJO!!



Hadde ein (også litt skada) lignande krukke til gryn frå før,
så no står dei saman på vekta i vinduskarmen og sprer glede i kvardagen.....

Denne veka er eg på Dalen hotell på konferanse med jobben,
og her er det MASSE inspirasjon!!

Kjem tilbake med nokre innlegg herifrå!

Ha ein fin dag!

Frøken Loppe

søndag 11. september 2011

Familie og arv........

Søndag kveld, etter ei kjempe kosleg helg!
Har vært på Voss å feira mi kjære bestemor sin 75 år dag!
Sprek dame som vart veldig overraska då heile familien droppa opp på Voss,
og ho hadde ikkje peiling!!! :o)
Herleg helg med mykje morro!
Ein herleg blanding av foreldre, søsken, søskenbarn,
barnebarn, oldebarn, tantar, onklar, tremenningar....

Sitat av Bjørnstjerne Bjørnson:
"En familie som holder sammen, er uovervinnelig"



Kom til å tenke på noko som eg har arva frå mi oldemor.
Desse har eg hatt i mange år, og eg er kjempe, kjempe glad i dei!

Damene mine....




Dei får stå i hylla si ved komfyren,
og krydrar kvardagen min,
på den måten har eg stor glede av dei,
kvar einaste dag....

Kjekt at akkurat du stakk innom!!
Ynskjer deg ei flott veke!

Frøken Loppe

torsdag 8. september 2011

Velkomen til bords


Gutter og jenter sitter og venter,
magen er sulten og halsen er tørst.
Nå skal vi spise,
men først må vi vise
at vi kan synge for maten vår først.






I morgo er det fredag, beste dagen i veka ;o)

God helg!!

Frøken Loppe





onsdag 7. september 2011

Skogen gull

Hausten er ikkje berre regn og vind, mørke og refleks, sofakos og stearinlys.
Hausten gir oss også flotte naturopplevingar.
Hausten visar seg fram i fantastiske fargar,
gir oss frukt og bær.

I år har eg for første gong vore på sopptur i skogen.
Då fann eg masse kantarell
(er den einaste soppen eg er trygg på å plukke)

Det var rett og slett spennande og kjekt å gå på leit etter skogens gull,
og når eg fann ein kantarell, var det som oftast fleire på lur.
Det gjekk fort å fylle ei korg.


Var kjempe nøgd med "fangsten",
gledar meg til å ta desse godene opp av frysen i løpet av vinteren,
som tilbehør til feks ein hjortesteik eller noko anna vilt ;o)

Men før eg kunne fryse soppen, måtte eg forvelle den,
og oppskriften på det er slik:

1. Bruk ein pensel å "kost vekk" mold og anna rusk frå soppen
2. Skjær vekk rota
3. Del soppen opp i passande biter
4. Set på steikepanna, middels varme
5. Det skal IKKJE være noko smør eller olje i panna, panna skal være "rein"
6. Dekk steikepanna med sopp
7. Steik soppen, det kjem til å komme ganske mykje vaten i steikepanna
8. Steik til alt vaten har fordampa, og legg steikt sopp på eit fat for avkjøling
9. Gjennta til du har steikt ferdig all sopp
9. Avskjøl soppen og frys i posar

Gledar meg til å smake på skogens gull!!!!

Takk for at du stakk innom!
Ha ein fin, fin dag!

Frøken Loppe


søndag 4. september 2011

Haust = Nye fargar


Når hausten kjem, kjem og lysta til å skifte ut sommarens lyse fargar innomhus.
Det vert mørkare kveldar, regnet piskar på ruta
og det er ekstra kosleg å krype under eit pledd med ein kopp te.
Lette, lyse fargar må vike for haustens fargar

No veit eg ikkje heilt om blått er så veldig typisk for haust,
men eg kom over nokre kjempe herlege puter på Jysk, faktisk..
Desse klarte eg ikkje la ligge, dessutan var dei blillege..
Eg vert så glad av å sjå på mønsteret og fargane.
Dei skal nok få liggje ei stund inn i haust tussemørket..

På loppemarknad i Rakkestad i sommar, kjøpte eg dei fargerike fata som de ser på bilde.
Det lilla fatet har fått stå framme på bordet i sommar,
no skal den blå få plassen ei stund.... ;o)

Her ser de sommar kontra haustfarge i min slagbenk




Eg har alltid vært svak for blått mønster..

Kjekt at du stakk innom!
Ynskjer deg ein flott start på ei ny veke!

Frøken Loppe





lørdag 3. september 2011

Loppemarkad ga loppeglede og loppeskattar....

Loppemarknaden i dag gav masse loppeglede og nokre loppeskattar.
Spesielt nøgd med eit putetrekk, ein duk med blå fargar og ei skål i FIGGJO til 10 kr!!!
Slikt gir loppeglede!!!!
Fant nokre andre små loppeskatter og, skal vise dei i eit anna innlegg.

No nyt eg laurdagskvelden,
ute regner det,
inne tenner vi stearinlys

Hausten er komen......



Ynskjer deg og dine ein fin laurdagskveld!

Frøken Loppe

fredag 2. september 2011

Nye loppeskatter.....

I morgo skal eg på loppemarknad!!!
Det blir loppelykke og kanskje nokre nye loppeskattar ;o)

Alltid spennande å reise på loppemarknad, kjenner at spenninga byggjer seg opp...
kanskje eg finn akkurat DEN skatten....

Siste loppefunn var 3 skålar og eit flott serveringsfat



2 av skålane har eit fint rosemønster, og den eine er litt større enn den andre.
Ein til poteter og ein til gulerøtter ;o)



Den 3dje skåla har eit artig blått mønster,
og eg digger jo blått møster, så denne var berre ei MÅ ha skål... ;o)



Den største skatten var eit ovalt serveringsfat.
Då eg såg at det var av FIGGJO merket auka pulsen nokre hakk.
Det er eit kjempe fint fat, og i kveld fekk fredagspizzane bli servert på fatet.
Er kjempe nøgd med denne skatten!!

Gledar meg til loppemarknad i morgo,
blir spennande å sjå om det blir med noko heim...

Ha ein flott fredagskveld!

Frøken Loppe

torsdag 1. september 2011

Gåve til søte små....

Siste prosjekt er noko som skal bli ei gåve til nokon søte, små tassar som eg er tante til....
Ideen og tanken var lenge i knollen, før eg endeleg fann fram målarkosten...

Eg prøvde meg på nokre spenstige fargar, og håpar at dei søte små blir like begeistra som eg vart
då eg såg oppi malerspannet... spesielt den knall gule... ;o)
Herleg farge!!!!!



Gledar meg til dei skal få gåva...

Men sia det skal være ei overraskelse, kan eg ikkje legge ut bilde av ferdig resultat heilt enda..
vil jo ikkje avsløre kva gåve er.... ;o)

God fredag!!

Frøken Loppe