onsdag 7. september 2011

Skogen gull

Hausten er ikkje berre regn og vind, mørke og refleks, sofakos og stearinlys.
Hausten gir oss også flotte naturopplevingar.
Hausten visar seg fram i fantastiske fargar,
gir oss frukt og bær.

I år har eg for første gong vore på sopptur i skogen.
Då fann eg masse kantarell
(er den einaste soppen eg er trygg på å plukke)

Det var rett og slett spennande og kjekt å gå på leit etter skogens gull,
og når eg fann ein kantarell, var det som oftast fleire på lur.
Det gjekk fort å fylle ei korg.


Var kjempe nøgd med "fangsten",
gledar meg til å ta desse godene opp av frysen i løpet av vinteren,
som tilbehør til feks ein hjortesteik eller noko anna vilt ;o)

Men før eg kunne fryse soppen, måtte eg forvelle den,
og oppskriften på det er slik:

1. Bruk ein pensel å "kost vekk" mold og anna rusk frå soppen
2. Skjær vekk rota
3. Del soppen opp i passande biter
4. Set på steikepanna, middels varme
5. Det skal IKKJE være noko smør eller olje i panna, panna skal være "rein"
6. Dekk steikepanna med sopp
7. Steik soppen, det kjem til å komme ganske mykje vaten i steikepanna
8. Steik til alt vaten har fordampa, og legg steikt sopp på eit fat for avkjøling
9. Gjennta til du har steikt ferdig all sopp
9. Avskjøl soppen og frys i posar

Gledar meg til å smake på skogens gull!!!!

Takk for at du stakk innom!
Ha ein fin, fin dag!

Frøken Loppe


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)