søndag 18. september 2011

Dalen hotell....

eit ekte eventyr hotell.
Sist veke var eg på jobbtur til Dalen hotell i Telemark.
Det var verkeleg eit imponerande hotell.

Hotollet er bygd i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn og spir.
Hotellet har bevart sin storheit og sjel, 
og er i dag tilnærma lik som då treslottet åpna i 1894!

Det føltes som vi gjekk tilbake i tid,
alle møblar, tapet, detaljar er frå ein forsvunnen tid...
Det er ein heilt spesiell stemning på hotellet.

Hotellet ligger nydeleg til med bratte fjell i nord, sør og vest,
og har ein flott utsikt mot innlandsfjorden Bandak mot øst.
Hotellet ligg ved ein romantsik park, 
der det var flott haust stemning med gule bjørker og lau på bakken.




Om de nokon gong er på desse kantar, 
anbefalar eg på da varmaste å ta turen innom Dalen hotell.

PS det seies at det spøkjer på Dalen hotell, at det er ei engelsk Lady som går igjen.
Ho bur visst på rom 17, eg hadde rom 18..........

Vel, eg traff ho ikkje, hverken i matsalen, i gangen eller på rommet mitt,
men so har eg eit veldig godt sovehjerte og......... ;o)

No er det snart måndag, ny veke og nye moglegheiter!
Ynskjer deg ein fin start på veka!

So kjekt at du stakk innom,
blir veldig, veldig glad om du legg igjen ein kommentar.

Frøken Loppe

1 kommentar:

  1. Ser du har fått dreisen på blogginga ja! Artig! Veldig flott blogg :)
    Takk for helga og god hjelp!
    Klemmar frå LinnHelen :)

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)