tirsdag 13. september 2011

Eg fann, eg fann.....

nye loppar på Voss i helga.....
Var innom Fretex butikken,
har alltid hatt lyst å stoppe der når vi har kjørt forbi,
men det har aldri passa seg.

Dei har ofte spreke utstillingar, og virkar som ein ryddig og fin Fretex butikk,
og det var det også...
Men.... er det berre meg, eller har det skjedd noko med prisane på Fretex?!?

Vel, eg fekk med meg nokre loppar,
og trippa plystrande og nøgd tilbake til hotellet og 75 år feiringa til Bestemor!

Det eg fekk med meg var ein kjempe kul knall rød bag,
(som loppejenta mi stakk av med... ;o)
ein vaskefat kommode (bilder kjem seinare, her må malarkosten fram...),
ein litt skada, men kjempe søt sukker skål og
eit herleg FIGGJO fat.
Diggar fargane tiI FIGGJO!!



Hadde ein (også litt skada) lignande krukke til gryn frå før,
så no står dei saman på vekta i vinduskarmen og sprer glede i kvardagen.....

Denne veka er eg på Dalen hotell på konferanse med jobben,
og her er det MASSE inspirasjon!!

Kjem tilbake med nokre innlegg herifrå!

Ha ein fin dag!

Frøken Loppe

1 kommentar:

  1. Lisell14/9/11

    Takk før sist :-) kjempe fin blogg du har , ha ei fin veka på Dalen hotell :-)l

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)