tirsdag 19. august 2014

Den som googler får svar......

Etter ein veldig, veldig fin tur til København,
vart ein kasta inn i kvardagen igjen...
Her har det, som sikkert hos mange fleire,
gått i forberedelse til ny skulestart.
 
Alltid spennande når hausten er her,
og i år har eg ei jente som startar på vidaregåande skule,
ein ny epoke er i gang.
 
Er so glad eg og ho hadde København turen saman,
no før kvardag, mas og kjas innhenta oss.
I tillegg er ho jo blitt så stor,
at det er ikkje sikkert at det er like stas å reise
på tur med "berre mamma" framover.
Eg håpar vi kan ha starta ein flott tradisjon,
mor og dattertur, ein gong for året.... ;o)
 
Vel, eg kunne jo ikkje reise til København,
uten å sjekke opp eventuelle loppemarknader. 
København og Danmark generelt,
er jo kjent for sine store og flotte loppemarkeder,
med fantastisk utval og herlige skatter.
 
 
 
 
Så, då googla eg da.......
og den som googlar, får som regel svar.
 
 Det var faktisk fleire aktuelle loppemarkeder å velgje mellom,
skulle gjerne vært innom alle, men til tross for ekstrem loppeinteresse,
måtte eg velgje berre eit av dei....
Men med på kjøpet fekk vi ein flott tur med båtbuss over kanalen,
vi fekk sjå oss om på nye plassar og
og eg fekk ein liten sniktitt inn i "loppemarked himmelen"...... 
 
 
 
 
Her kunne eg gått i timevis, ja kanskje dagesvis...
og eg skulle jo sjølvsagt hatt med bil, eller aller helst ein stooooor bil,
ja, kanskje eg rett og slett skulle ha booka eit fly...
For her var det masse flott!!
Mykje møbler av alle slag, mykje retro og teak.
Tradisjonelle Turborg trekasser, lamper, skap, dekketøy...
....ja, alt du kan tenke deg og litt til..
 
Då eg ikkje hadde med bil, lastebil
eller hadde huska å booke heile flyet heim,
måtte eg dessverre begrense meg....
Ikkje ein lett oppgåve, men, men...må ein, så må ein...
 
Men nokre skattar fekk være med heim,
ein liten sniktitt på ein av dei her...
 
 
 
 
Gult er ein gjennomgåande farge i stova vår,
så denne var perfekt på så mange måtar.
 
Ellers så kosa vi oss med shopping, besøk på Tivoli,
båttur på kanalen, god mat og drikke.
Vi testa ut tog, metro, båtbuss og taxi,
og vi fekk veldig, veldig mykje ut av dagane,
uten av det vart stress.
 
 
 
 
København kan eg anbefale for alle!!
Om du reiser som mor og datter,
med venner eller kjæresten din!
Her er det så masse å sjå og finne på for alle,
og ikkje minst, så opplever eg danskene som veldig vennlige og kjekke!
 
 
Skål og takk for turen :o)
 
 
 
PS. Mojito på Kafe Norden (ligger på Strøket) er den aller, aller beste eg har smakt!!
(dei sel og "jomfruversjon", dvs uten alkohol ;o)
 
Frøken Loppe
 
 
 
 


fredag 8. august 2014

Shopping i Køben......

Eg og mi dotter har pakka kofferten (ikkje for full)
og vender i helga nasa mot København.
Her skal vi to kose oss på langweekend tur,
med shopping, tivoli, kanaltur,
kafebesøk, restaurant besøk mm
 
Ho har sufta på nettet for å finne dei rette butikkane
og eg har surfta etter
bruktbutikker og loppemarked....
 
Vi skal nok finne noko for både mor og dotter :o)
 
 
 
 
Håper eg har masse å vise dåke når eg kjem heim :o)
 
God helg til deg!

ps. den store kofferten på bilde har eg kjøpt på ein lokal bruktbutikk,
den nest største er kjøpt på bruktbutikk på Island
og dei to minste er kjøpt på Søstrene Grene :o)
Den søte gule folkevogn bussen er kjøpt i Spania, Frigiliana.
(skulle gjerne hatt den i stor str... ;o)

 
Frøken Loppe


tirsdag 5. august 2014

God start på dagen....

Oppskrifta på ein god start på dagen,
er blant anna ein god frokost...
 
Til kvardags blir det ikkje prioritert tid til
lange, rolige og koselige frokostar
med kokt egg, stor te kopp og lange samtalar.
 
Havregryn og jogurt er super kvardagsfrokost,
og blir ofte inntatt framfor pc'en på jobben....
 



 
 
Men i helgane, når tida strekk til,
er det sååååå kos å få tid til ein god frokost.
 
 
 
 
 
Det gir ein ekstra god start på dagen..... ;o)
...og kanskje ein ekstra god helg også.....
 
 
Ønsker deg ei god ny veke!
 
Eg skal pakke kofferten denne veka,
skal på tur til helga,
ein tur eg har gleda meg til leeenge..... ;o)
 
 
klem frå Frøken Loppe
 


fredag 1. august 2014

Regnværsdag......

Med tanke på den utruleg flotte sommaren vi har hatt,
har ein vel nesten ikkje lov å klage om det kjem ein regnværsdag...
 
På regnværsdagen kan ein med god samvittighet for eksempel;
ligge på sofaen å sjå repriser på tv
gå på shopping
gå på kino eller lage heimekino
lage eit godt måltid
surfe på nettet
oppdatere bloggen din
ta eit langt bad, inne.....
lage fotoalbum av feriebildene
pakke badebeggen, så den er klar til neste solskinnsdag
invitere til regnværsdag fest
 
ja, kun fantasien som setter grenser...
 
Det som vertfall er kos når det regner,
temperaturen faller og mørket sig på,
DET er å tenne stearinlys...
 
Kanskje det er på tide på fornye lysfatet?!?
 
 


 
 
 
I helga skal eg passe to hundane til søstra mi,
der den eine er kvelp.....
Tenker det blir lite søvn og mykje moro ;o)
 
Då får nok denne karen konkurranse om oppmerksomheita vertfall...
 
 
 
 
 
Ønsker deg ei kjempe flott helg!
 
Stor klem frå Frøken Loppe