torsdag 30. oktober 2014

Garasjesal

 
På fjæsboka det stod,
at det vart garasjesal no.
Eg drog med meg ho mor
og kjøyrde mot nord.
 
Det var ikkje så langt
og her kunne det vente så mangt.
Var det noko spennande skattar
eller berre nokre gamle skvett - lappar.
 
Men i garasjen var det mykje rart
og det vart ganske so hardt
å måtte velje ut kva ein skulle ha
når det var så mykje å ta.
 
Men heim kom vi med litt av kvart,
men noko ny garasje da ikkje vart....
 
.....og da var nok like greitt
for far min meinet dei ikkje hadde plass til meir enn ein garasje på tunet....
 
 

 
Bilde
 
 
 
 
Gamalt bilde, litt slitt og øydelagt ramme, men likte bilde så godt...
 



 
Bilde
 
 




Bilde
 
 
 


 
Ein gammal boks (som eg fikk med på kjøpet... ;o)
Herlige fargar!
 
 
 

 
Ei korg (noko eg aldri får nok av... ;o)
 
 
 
 
Ein søt liten nisse
 
 

 
og eit "God jul" skilt som eg òg fikk eg med på kjøpet.
 
Nokon sier at lykke ikkje kan kjøpast for pengar,
men då trur eg at ein rett og slett handlar på feil plass.... ;o)
 
 
Då var det jammen straks helg igjen.
På laurdag skal eg på càfe med mi spreke mormor,
det blir koselig!
 
Noko anna som og er veldig koselig er alle dei fine meldingane de
legg igjen her hos meg!
Tusen, tusen takk for at du brukar litt av di tid på meg,
eg set veldig stor pris på alle tilbakemeldingar og ord!
 
Ynskjer deg ei god, god helg!
 
klem frå frøken Loppe
 
 


torsdag 23. oktober 2014

Saltsjuk.....

Av og til blir eg berre så vanvittig saltsjuk...
Då leitar eg febrilsk i skap, hyller og skuffer,
hadde eg ikkje noko peanøtter liggande?!
Eller chips?! Eller popkorn?!

... og når eg endelig, langt inne i skapet, 
finn ein slunken påse med peanøtter, 
sikkert opna for 6 veker sia, 
og slikkar den rein for salt..... får eg skikkelig dårlig samvittighet...

Uffda, ikkje var det godt, ikkje var det sunt, 
egentlig var det boss som hadde låge for lenge i skapet....
... og eg er fremdeles saltsjuk....

Men i dag har eg testa ut noko nytt, 
som eg aldri har gjort før, 
men som eg har smakt,
og som var veldig, veldig godt... og sunt.... 
og som aldri kjem til å bli liggande alt for lenge langt inni eit skap,
fordi det blir oppete med ein gang.....

S A L T E  M A N D L E R




For 1 porsjon (som er alt for lite... ;o)

200 g mandler (med skall)
2 dl vatn
3,5 ss med grovt salt




Vatn og salt i ei gryte
kok opp til alt saltet har løyst seg opp
tilsett mandlar og kok opp igjen
trekk panna vekk frå plata
la stå med lokk i 15 min





Sett ovn på 150 grader
hell vatnet av mandlane
fordel dei utover bakeplate m/bakepapir
steik i ovn 20 - 25 min til vatnet er dampa vekk
opn ovnen litt innimellom for å sleppe ut damp
la dei kjøle seg ned på rist




og ET.....

Er det eventuelt noko igjen, 
oppbevar dei på glass med tett lokk.

Ypperlige som vertinne gåver, julegodterier, 
snacks på fest, tilbehør på ostefat, smaker godt til både øl og vin.

og det beste av alt....det hjelper veldig, veldig godt mot saltsjuka....


Må berre få sei tusen, tusen takk for alle dei flotte kommentarane De legg igjen,
vert så glad og takknemlig for kvart eit ord!!!


Store, gode og salte klemmer frå Frøken Loppe



onsdag 15. oktober 2014

S U R P R I S E......!!!!!...?

Denne hausten har vært prega av feiringar og runde dagar.
Handy man feira rund dag i to omganger,
"jentungen" feira sweet sixteen, 
min mormor feira 85 årsdagen sin
og i helga feira vi 40 års bryllupsdag for mine foreldre.....
...og enda venter det nokre feiringar før året er omme.  
 
Feiringa i helga skulle være ein S U R P R I S E....
og på ein måte vart den jo det...
men er ikkje alltid det går som ein planlegg,
spesielt ikkje når det blir mange "kokker",
og litt for mange "tenk visst" scenarier....
  
Vel.... P L A N E N var slik:
Mor og Far på hytta
Dei har invitert med sine mødre (og det passet jo perfekt ;o)
Broder og sønn inviterer seg sjølv på hytta,
og ankommer med båt.
Eg og søster m/familie ankommer hytta
laurdag føremiddag, med middag og kake.
S U R P R I S E!!!!
(Stor aktivitet på SMS på planleggingsnivå)
 
 
 
 
 
 
Vel.....Dette skjer......:
Mor, Far m/sine mødre er vel plassert på hytta og broder m/sønn er ankommet.
Mor er mistenksom og begynner å spørre ut broder,
som er elendig å lyge..... og Mor blir mer mistenksom...
Søster m/familie kjem fredag kveld til meg,
der vi disker sammen ein ENORM panne med lapskaus og kake.
Tidlig opp lørdag,
stapper to unger, 3 hunder, søster og mann,
ein ENORM panna med lapskaus og kake inn i bilen.
...så er vi på veg...
(meget aktiv SMS kontakt med broder)
 
Broder er livredd for å avsløre nåke,
så han er super forsiktig med å spørre om planer for dagen.
Er redd mor blir enda meir mistenksom....
Han tar med seg bestemødre på kjøretur,
dei er informert om "planen".
Planen er at når dei kjem tilbake med bilen,
skal mor og far på butikken,
og vi kan smugle oss inn i hytta
og S U P R I S E når dei kjem inn....
(Ekstrem stor SMS kontakt med broder)
 
 
 
 
MEN.....
Når broder og bestemødre kjem tilbake til hytta,
har (alltid så effektive) mor allerede diska opp med grøt.
Kva skal dei no gjere?!?
Sei dei ikkje vil ha? Ikkje er sultne?
I mens er vi på veg i ein rykande fart,
med bilen stappfull av lapskaus...
(fremdeles SMS kontakt med broder)
 
Etter å ha forsynt seg godt av grøten,
gode og mette, bestemmer så mor seg for at ho vil sove middag
sammen med barnebarnet....
Kva gjer bror no?!
Dei skulle jo på butikken?!?
Planen var jo å få dei begge ut av hytta.
Vel, då bestemmer han seg for å bli med far på butikken, samt kjøre boss,
så hadde han vertfall litt styr på kor han var....
(Her opphører SMS kontakten)
 
Så mor legger seg,
bror og far setter seg i bilen,
kjører i veg for å kaste boss...
...og veit broderen kor bossplassen er då...?!? nei...
 
I mens homper vi på veg i kjent telehiv stil, 
mens lapskausen skvetter, kaken svetter,
hundene peser....
Vi tuller og tøyser, ler og fniser,
tenk om mor og far kom kjørande i mot oss no då...
ha, ha, ha, ha, ha, ha, ha, ha.........aaaaaaaaa
 
Å, jaudå.... her kjem bilen...
Rett i mot oss, ingen plass å gøyme seg,
ingen plass å snu...
Vi kjem nærmere, vi passerer og ser pappa sitt overraskande fjes,
broder ser ein anna veg og "later som ingenting"
 vi hyler av latter....
E R  D E T  M U L I G !!!??????
 
Far spør bror;
"Var ikkje det Erik?!?"
Bror; Veitikj eg.....
Far; "Du visste det du......."
 
.... s u p r i s e.....
 
ok, då var det mor igjen, 
håper vertfall vi klarer å overraske ho....
Men, har du nokon gong prøvd å liste deg inn i ei hytte,
opp ei knirkande trapp... ??
3 voksne full i latter,
2 forventningsfulle barn,
3 ville hunder, superglad for endelig å slippe ut av bilen
1 stk. enorm panne med lapskaus og kake
...... funker inte så bra....
 
og i fare for å vekke sønnesønn som låg å sov ved siden av ho
ble det " s u p r i s e " med hviskende og fnisende stemmer....
 
Ho låg våken og hadde hørt oss i det vi kom inn ytterdøra...
Ikkje alltid overraskelser vert like overraskande....
 
 
 
 
 
 
Vel....S U P R I S E  eller ikke, vi kosa oss vertfall resten av dagen med
masse lapskaus, kaffi, kaker, gåver og tid saman.
Uansett ei historie vi kjem til å huske, som vi kan mimre om
i 50 års bryllupsdagen deira... ;o)
 
Hipp, hipp hurra for mine flotte foreldre!!!!
 (og for lapskaus til middag 3 dager til ende.... ;o)
 
 
Klem frå Frøken Loppe
 
(Bildene er googla og er frå plassen der foreldra mine har hytte)
 
 


torsdag 9. oktober 2014

Loppeskatt...

Tenkt at vi kjøpte dette skapet på loppemarked
for berre 1000 kr!
 
Trur det er det "største" kjøpet eg har gjort på loppis,
vertfall i forhold til størrelsen og bruksverdien.
For her har eg jo plass til
masse, masse andre loppeskatter også... hi,hi ;o)
 
 
 
 
(har leika meg litt med redigeringa, så bilde blei litt rart....)
 
 
 
Det var berre flaks at vi fikk det,
for skapet var egentlig gitt av ein
lokal malerforretning til skulen. 
Det skulle brukast i ein garderobe.
 
Men på samme tid var det masse levering til eit 
loppemarked som skulen arrangerte, 
og på grunn av ei misforståing enda skapet på loppemarkedet.
 
Lykke for meg, men synd for skulen, då.....
 
Det var opne hyller nede og, så der snikkiderte Handy mann skapdører.
Supert med plass til litt rot.....;o)
Knottane er kjøpt på Kremmerhuset.
 
Vi har ekstra takhøgde i stova, og skapet gikk smokk rett inn!
Løv it!!!!!
 
I skapet står det masse loppeskattar, og flere blir det nok etterkvart og.
 
 
*
 
 
I helgen har eg hemmelige og lure planar...
Digger overraskelser!!
 
Torsdag allerede, så eg nyttar
annleiinga til å ynskje deg ei flott helg!!
 
 
klem frøken Loppe
 


mandag 6. oktober 2014

Sprek som ein 85 åring....

I helga har vi feira min Mormor som er 85 år i dag!
Vi var samla stort og smått,
og koste oss med god mat og drikke. 
 
Ho er ei dame eg beundrar og respekterar,
ho huskar ting eg aldri har eller får oppleve,
ho har levd lenge og har masse å fortelle.
 
Ho har ei historie det er viktig å huske,
verdiar som er viktig å ta med seg.
Ho er familiens røde trå,
som holder styr på oss alle.
 
Hennas arv til meg,
er blant anna interessen for interiør,
og behovet for å ha det koselig rundt seg.
Ho har alltid ting på stell,
er god på organisering og ein ivrig gjenbrukar.
 
Har ho noko til overs,
har ho alltid ein ide om kven som kan trenge det,
eller kor det kan passe inn... 
Ho har god smak og sans for detaljer.
 
Til tross for reservedeler og tøffe sjukdomskampar, 
er ho i dag ei sprek dame på 85 år.  
...og eg er inderlig glad i ho....
 
 
 

 
 
 
Her er eit bilde av ho og min Morfar.
Heilt i  starten av deira liv samen.
Det dei to har skapt samen, er det vi er resultatet av i dag....
 
Takk til familien for ei flott feiring!
Håper vi alle er like flotte og spreke når vi feirar vår 85 års dag.
 
 
Ynskjer deg ei flott start på ei ny veke!
Hausten spelar oss eit lite puss, og gir oss temperatur på mange pluss....
Nyt både hausten og livet!
 
stor klem