tirsdag 29. januar 2013

Liten titt......

Eg fann, eg fann..... ladaren..... ;o)
Den låg sånn ca akkurat der eg trudde den var... hi, hi..

Tenkte å vise dykk ein pitte liten sniktitt frå nye huset.

Oppbevaring har vært og er framleis ei stor utfordring, 
men noko er heldigvis kome på plass....




Garderobe frå IKEA.
Her er det god plass, både høgt og lågt i skapet.

Slike skap kan være LITT frustrerande....
IKEA er jo "flatpakka", så her vart det mykje montering...
.... og stor variasjon i gloser....

Men kjempe flott resultat, er utruleg nøgd!!
Vi har valgt å bruke ein heil vegg på soverommet til garderobe,
det gav eit ryddig og fint inntrykk og det plasserte seg godt i rommet.





Liten titt frå stova, her har vi plassert eit stort skap som vi kjøpte på loppemarked for 1000,- kr.
Trur den har vært brukt til utstilling av ting og tang i ein malerforretning....

Passer jo godt inn her, sia eg og har mykje eg vil ha på utstilling, 
og no er den allereie smekk full.
Vart litt rotete med så mange opne hyller, så vi vil lage dører på nokre av hyllene, 
er ikkje alt som passer seg på utstilling ;o)

 Er ekstra kjekt å ha ein handy mann akkurat no må eg innrømme, 
eg bestiller og han fikser... ;o)




Ein liten sniktitt på betongveggen vår, også...
Vart veldig, veldig fornøgd med veggen!

Når eg såg tapeten etter vi hadde henta den hos malaren, 
 vart eg kjempe skuffa og veldig bekymra,
såg grønn ut.....
Men når den kom på veggen, vart den perfekt!!!!!





 Til slutt ein liten titt på nokre av våre nye naboar også... hi, hi.. ;o)





Tusen, tusen takk for at de ser innom 
og ekstra stor takk til de som legg igjen kommentar!
Stoooooor glede!!!!

Flott ny veke til deg!

Klem frå Frøken Loppe

torsdag 24. januar 2013

Oppbevaring og åpenbaring

Ein flytteprosess kan gje nokre åpenbaringar...

Ein kan for eksempel finne igjen ting ein har leita lenge etter,
eller ein kan miste ting ein må leite etter...

Eller det går opp for deg at alt du hadde på loftet, 
egentleg berre var boss...

Eller at du faktisk har 3 juletreføtter,
men kjøpte ein på salg i januar, 
for at du var sikker på at du ikkje hadde... 

Eller når du trudde at du var ferdig å pakke, 
og opnar eit skap og innser at du trenger 5 kassar til, MINST....

Eller når du endeleg har komt på plass i nytt hus, 
og aldri blir ferdig med å pakke opp kassar og sekker
Då... kanskje då... får eg ein liten åpenbaring...

"Kanskje har eg litt for mange ting.......?!?!"







På sjølve flyttedagen fekk eg følgjande kommentar;
"Eeeeeeee... hadde det ikkje vært like greitt å berre bestilt ein kontainer...."

Hæ!!! Er det mulig!!!!!!!!????

Eg lata jo sjølvsagt som om eg ikkje høyrte den kommentaren, 
eg vil ALDRI innrømme at eg har FOR mange ting..... ;o)
Fy, tenk å antyde noko slikt!!!!! Fysjameg!! 




Men...... kanskje eg etter kvart bør innrømme at eg 
KANSKJE, berre kanskje... har pitte litt for mange ting,
for no slit eg veldig med kor eg skal gjere av alt...







I nye huset manglar det dessverre mykje oppbevaringsplass,
har kjøpt ny garderobe på IKEA, veldig nøgd med den.
Meir garderobeskap er under planlegging i gangen, 
samt bokhyllesystem i stova... så det vil hjelpe....

Men akkurat no lister eg meg rundt, 
og later som om eg har alt under kontroll, 
later som om eg veit kor alt er, 
later som om det ikkje haster med å få opp planlagte løysninger,
later som om eg ikkje har alt for mange ting..... 









...og mens eg fortsetter med mitt frustrerande søk etter ladaren til fotoapparatet, 
kan de kose dykk med bilder frå flotte oppbevaringsløysningar
(og det gjeld IKKJE bilde av kontaineren.... ;o)

Snart helg!
Håper din blir god!

klem Frøken Loppe

tirsdag 22. januar 2013

Vis din TV

Hei og hopp, her er eg igjen!!!!

No er vi omsider komt i hus,
lever blant kasser og sekker..... ;o)
Mykje er komt på plass, 
men det er mykje som gjennstår.
Men ein må ta ting litt etter litt,
er jo viktig å bu seg inn, 
kjenne på korleis ein vil ha det.....

Men ein ting som er komt på plass er TV ;o)
Vi har funne ei ganske god løysning på 
"den store elefanten", 
men den er ikkje heilt klar for å vise seg fram enda...

Fikk lyst til å hive meg på utfordringa til NIB denne gangen, 
men då med TV løysinga vi hadde i gamle huset.
Som vi var veeeeeldig nøgd med!!

Den er heimelaga, vi mala trehyller kvite og kjøpte glass skap og knekter på IKEA.
Dei nederste skapa er frå ein veggseksjon vi hadde frå før,
så litt gjennbruk vart det og ;o)
Den romma mykje, samtidig som den plasserte seg fint i rommet.
Veldig praktisk å ha litt av kvart, både glass skap,
åpne hyller og skap med heil dør.
 Då kan ein skjule eller vise fram,
alt etter kva ein vil... ;o)



Med dette innlegget håper eg at tid til blogging
igjen kan verte prioritert!

Små glimt av nye huset kjem så fort 
eg finn ladaren til fotoapparatet.... ;o) hi, hi..

Ynskjer deg ei super veke!

klem frå Frøken Loppe

onsdag 2. januar 2013

God start på eit nytt år!

Godt nyttår til dykk alle!

Nytt år, nye moglegheiter, blanke ark, forsetter og ettertanke...

Jul - og nyttårshelga vart feira i ein rasande fart ( vertfall føles det slik... ;0)
Hyggeleg julefeiring hos familie til sambo, og veldig koslig nyttårsfeiring i hyttehuset.
Var så heldig å få feira nyttår med begge mine flotte og spreke bestemødre; Bestemor og Mormor!
Er så takknemlig for at eg har dei begge to og så glad for at dei ville feire nyttår med oss!!! :0)

I romjula fekk vi nokre effektive arbeidsdagar i nye huset, golv i stove og kjøkken vart lagt + maling av stova som bonus, hadde ikkje trudd vi skulle få gjort så mykje!!

No er det siste innsats, flytting om 10 dager... Og eg har nesten ikkje pakka noke, mykje kjekkare å være i nyehuset...hi, hi.. ;0)

Håper du har hatt ein flott jul og nyttårsfeiring!

Legg med ein pitte liten sniktitt.
Kjøpt på loppemarked for kr. 1000,-, trur den har stått i ein butikk.
Gledar meg til å fylle den med masse loppeskatter.. ;0)

Ynskjer deg ein god start på det nye året!

Klem frå Frøken Loppe