tirsdag 29. januar 2013

Liten titt......

Eg fann, eg fann..... ladaren..... ;o)
Den låg sånn ca akkurat der eg trudde den var... hi, hi..

Tenkte å vise dykk ein pitte liten sniktitt frå nye huset.

Oppbevaring har vært og er framleis ei stor utfordring, 
men noko er heldigvis kome på plass....




Garderobe frå IKEA.
Her er det god plass, både høgt og lågt i skapet.

Slike skap kan være LITT frustrerande....
IKEA er jo "flatpakka", så her vart det mykje montering...
.... og stor variasjon i gloser....

Men kjempe flott resultat, er utruleg nøgd!!
Vi har valgt å bruke ein heil vegg på soverommet til garderobe,
det gav eit ryddig og fint inntrykk og det plasserte seg godt i rommet.





Liten titt frå stova, her har vi plassert eit stort skap som vi kjøpte på loppemarked for 1000,- kr.
Trur den har vært brukt til utstilling av ting og tang i ein malerforretning....

Passer jo godt inn her, sia eg og har mykje eg vil ha på utstilling, 
og no er den allereie smekk full.
Vart litt rotete med så mange opne hyller, så vi vil lage dører på nokre av hyllene, 
er ikkje alt som passer seg på utstilling ;o)

 Er ekstra kjekt å ha ein handy mann akkurat no må eg innrømme, 
eg bestiller og han fikser... ;o)




Ein liten sniktitt på betongveggen vår, også...
Vart veldig, veldig fornøgd med veggen!

Når eg såg tapeten etter vi hadde henta den hos malaren, 
 vart eg kjempe skuffa og veldig bekymra,
såg grønn ut.....
Men når den kom på veggen, vart den perfekt!!!!!





 Til slutt ein liten titt på nokre av våre nye naboar også... hi, hi.. ;o)





Tusen, tusen takk for at de ser innom 
og ekstra stor takk til de som legg igjen kommentar!
Stoooooor glede!!!!

Flott ny veke til deg!

Klem frå Frøken Loppe

5 kommentarer:

  1. Det vart veldig fint med den rekka med skap! Godt med god skapplass:)
    Tapeten ser nesten ut som ekte betong på bildet - stilig!
    Gledar meg til å sjå meir:)

    SvarSlett
  2. Åh så gøy med en sniktitt og for ett gulv! For ett skap!WOW! WOW!

    Fin tirsdagskveld, her er det snart Greys.
    klemklem

    SvarSlett
  3. Hei og hoppsann Frøken Loppe:)
    For ein lekker garderobe, og fantastisk med mykje garderobeplass. Får aldri nok av skap og skuffer:).
    Hahaha...eg ler...vi har masse frå Ikea hos oss, så det har vore mykje skruing ja...og mykje glosar..haha:)
    Stilig golv, og kanon stilig betong vegg, diggar den:).
    Fin tirsdagskveld til deg:)
    Eg har vore og kjøpt meg meir maling idag, så her er det maling på gang...Det bare "badlar" på seg:)
    Klems Ecelyn:)
    PS! Kjekke naboar:):)

    SvarSlett
  4. Anonym30/1/13

    Kommentaren eg skreiv forsvant med at eg kom bort i noko,men måtte bare sei kor fantastisk flott skapet og gulvet er,knallflott!!
    Knalltøff vegg og:)
    Fin kveld til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  5. Den garderoben tror jeg må bli min drøm! Synes dette var mye finere enn skyvedørsgarderober! Også det lekre gulvet! Sukk!

    Gry K

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)