mandag 28. juli 2014

Når du er blitt så glad i t - skjorta di....

Eg hadde ei t - skjorte eg vart veldig glad i.
Brukte den masse, så masse at den rett og slett blei litt utslitt.
 
Men eg ville liksom ikkje gje slepp på ho...
 
Derfor sit eg på ho kvar dag.... hi, hi...
 
 
 
 
Uhuuuuuuuu... ikkje kast meg, eg er jo så fiiiiiiiinnnn.....
 
 
 
 
Stol kjøpt på bruktbutikken...
 
 
 

 
Ein stiftemaskin.... 2 minutter og finito... ;o)
 
 



 
Favoritt t - skjorta vart favoritt stolen min!!
Kjempe nøgd!!
Blei den ikkje fin??
 
 
Håpar du har det bra!
Gledar meg til å ta ein "surferunde" på bloggane rund om kring
for å sjå kva de har gjort på i det siste.
Det er nok mykje herleg nytt og spennande!!
 
Ha ein fantastisk flott veke!
 
Stor klem frå Frøken Loppe
 
 


torsdag 24. juli 2014

Påan igjen.....?!

Heisann og takk for sist!
Ser at det jammen begynner å bli lenge sia.
 
Har ingen spesielle unnskyldning,
forklaring eller bortforklaringer for kvifor det er så lenge sia...
 
Er vel tida.....den som går så fort...
 
MEN, eg har savna det og mang ein gang tenkt tanken
på å "stikke innom ein tur",
skrive nokre ord og legge ut nokre bilder.......
 
.........og no er eg her,  og lurer på om det kanskje er
påan igjen...... ;o)
 
Vel, uansett vil eg vertfall vise dåke det siste "nye" i heimen....
 
Ein finn mykje på finn.no
Her fann eg noko eg har leita etter ei god stund....
E T E B O R D
(eller spisebord, om du vil... ;o)
 
Etter å ha engasjert slekt i Bergen,
vart bordet henta og lagra ei lita stund (fikk litt problem med logistikken ;o).
Deretter frakta frå Bergen og heim av mor og far.
Deretter har det stått i garasjen deira,
der det har blitt pussa og dulla med.
 
Det som er det mest genial med dette bordet er
at det til vanlig er 140 cm, men om vi skal dekke til mange,
følger det med 4 ilegg - plater og bordet blir totalt 3 m!!
L Y K K E!!!
 
 
 
Syns bordet er skikkelig vakkert,
men dessverre ikkje så veldig praktisk......
Utfordringa var å få stolane inntil bordet pga "støttene".
Noko eg ikkje kan fordra, er stoler som stå lang ut frå bordet,
tar masse ekstra plass og ser rotete ut...
 
Etter litt vurdering frå snikkaren, diskusjon fram og tilbake
vart valet tatt.....
 
 
 
 
Vi valgte å sage av "støttene"
Veldig spennande å sjå om det fekk stor innflytelse på
stabiliteten på bordet,
men det gjekk bra... og eg vart kjempe nøgd!!!!
 
Så var det pussing, pussing og pussing.
 
 
 
 
Deretter vart det frakta heim, i litt feil rekkefølge,
då planen er at det skal malast...
 
Men vi fekk sommergjester og måtte ha litt meir bord å tilby
en den midlertidige løsninga vi har hatt i sommar....... "knis"...
 
 
 
 
 
 
No ser det slik ut......
Var jo litt kult slik også.... men trur nok at det blir malt,
om tid og stunder...
 
Eller kva syns du?!?
 
 
 
 
 
Håper dåke alle har ein fantastisk sommar!
Den må jo være den aller beste på mange, mange år..
Her er det meste av ferien brukt opp,
men har nokre "godbitar" tilgode.....
 
Fortsatt super fin sommar til deg!
Blir veldig glad for å høre frå deg
om korleis du har hatt det i det siste...
 
 
Stor gjensynsglede frå Frøken Loppe
 
ps. beklager bildekvaliteten på innlegget,
har kun hatt mobilkamera tilgjengelig i det siste...