fredag 31. august 2012

Alt klart....

for visning og sal.....

Det har vært stille lenge hos meg no, 
 vi har jobba på spreng, laga eit heilt nytt gjesterom, 
fått den etterlengta kjellerstua, 
rydda, grusa, mala, vaska, kasta, krangla... ja, det som høyrer til når ein pusse opp eit hus.. ;o)

Så no har vi fått det akkurat slik vi har drømt om å ha det, 
og så legger vi det ut for sal...
Er det ikkje typisk?!?

Veit ikkje kor mange ganger den siste tida vi har sagt:
"Koffor har vi ikkje gjort dette før?!?"
"Var jo ikkje så mykje jobb..."
"Tok jo egentlig ikkje så mykje tid...."
(ps. søvn er oppskrytt....)
  
Vel, ingen sure miner eller bitre minner, 
no lenar vi oss tilbake og er (nesten) klar for visning!

Legg med eit utdrag av bildene som meglar har tatt,
så kan de sjå kordan vi har (fått) det ;o)


  
 
 



Det er spennande tider i møte....

Ellers hadde eg ein kjempe flott tur på Island,
bilder kjem.... ;o)

Fredag og helg, deilig...
Gledar meg til å sjå innom dåke ein tur i løpet av helga,
det har ikkje blitt mykje tid til besøk i det siste... ;o)

God helg!

klem frå Frøken Loppe


fredag 3. august 2012

Det er kriminelt

kor fort tida går....
Tenk at juli alt er forbi.

Dagane i juli har rast avgård, 
lurer på kva tida har gått til.......


Nei, eg har ikkje gjort noko kriminelt,
berre renska verdens beste jordbær :o) hi, hi
(litt skummelt bilde, det der....)

Ved heimen på landet ligg det ein kjempe stor jordbæråker,
av og til kjenner vi den deilige jordbærlufta derifrå.
Fikk tak i 10 kilo jordbær, og no ligger det deilig jordbærsyltetøy i frysen.
Gledar meg til å ta opp syltetøyet i løpet av vinteren,
og smake litt på sommaren... 





Robbie ligg å slappar av, skjønnar det kan bli ei stund før han får turen sin.... ;o)



Juli er og ein blomstrande mnd, og ein finner blomster i alle slags fargar, 
ekstra kjekt er det når ein finn blomstrar som står i stil med interiøret... ;o)




Roser og lavendel.... fantastisk god lukt, herlege fargar...


I tillegg til bryllup, blei det og tid til ein liten tur til Hvaler i løpet av juli.
Deilig vær, godt selskap, fine turar og god mat.
Deilig å nyte nokre feriedagar der.





Jammen fikk eg tid til ein auksjon i løpet av juli også
hi,hi :o)


Det som vart med heim var blant anna ein kasse med gamle kakebokser,
og ein slagbenk som ein kan dra ut til ein liten seng.
Fikk den for kr. 750,- og var kjempe fornøgd med det!
Bilde kjem når den har fått "stelt" seg litt ;o)

August er allerede godt i gang, 
no venter 2 veker ferie, reise til Island, skulestart, sal av hus.
 Tenker august skal bli innholdrik den og...

I dag går ferden til Bergen, der eg skal hente gojenta som har vært i 
Spania i 3 veker... uten meg.... ;o)
Gleder meg så veldig til å sjå ho igjen!!!

Håper DU har hatt ein flott juli og ynskjer deg ein fin, fin august!

klem frå Frøken Loppe