lørdag 31. desember 2011

Jula til halv pris....

I dag er det den siste dagen i 2011.
I dag er det den siste dagen i Jula 2011.
I dag er jula på halv pris....




Har kjøpt inn litt "jul til halv pris", blir kjekt å pakke dei ut til neste jul... ;o)

Nytt år gir opning for nye moglegheiter,
nye idear, nye impulsar, ny inspirasjon, nye gleder og mange nye minner....

Det har vært veldig kjekt å følgje alle dei forskjellige fantastisk flotte Bloggarane,
og blitt kjendt med mange nye jenter som har samme interesse for interiør som meg!
Håper eg får sjå mykje til dykk i året som kjem og!
 
Takk for det gamle, velkomen til det nye!

 Den siste helsinga i 2011 kjem frå "akevitt Nissen" som bestemora mi har laga.
Han har stått heile jula og passa på akevitten, det har vært greitt å ha litt "hjelp" til å fordøye pinnekjøttet :o)

GODT NYTTÅR TIL ALLE!!!

Stor nyttårsklem frå Frøken Loppe

fredag 30. desember 2011

Mista tellinga....

Veit ikkje om det var Dagmar som reiv den med seg
eller kva som skjedde, men plutseleg var teljaren min uta av drift...:o(

Nokon som har opplevd det samme?!?

I tillegg til å få koslege kommentarar,
er det både motiverande og artig å sjå kor manga som har vært innom på besøk.
Så eg måtte sjølvsagt legg inn ein ny teljar...
Håper denne held ut om det kjem ein ny storm å herjar... :o)

No er det snart nyttårsafta og eit nytt år står for tur......
Håper du har hatt ei flott romjul, det har vertfall eg ;o)

Ville vise dykk eit flott RETRO juletre;o)
Eg og far min vart einig om at FURU er retrojuletreet, 
for det var furu dei brukte som juletre når han var barn,
og mykje dei hadde når han var barn, er jo litt RETRO...
(bilde er tatt med mobil)


Nyt dei siste dagane av 2011, dei får du aldri igjen ;o)

Klem frå Frøken Loppe

mandag 26. desember 2011

Romjul.....

Kva betyr eigentleg "romjul"?!?
Eg grubla litt på det, og googla meg inn på Wikipedia, 
og der fann eg svar.....

Romjul, romhelg eller mellomjul er en norsk betegnelse for perioden mellom julehelga og nyttår
Ordet romhelg kommer fra det norrøne rúmheilagr som betyr 
«som ikke trenger å holdes strengt hellig».

Romjula er for mange preget av julefred og hjemmehygge med ferie eller stille arbeidsdager, 
skolefri, familiebesøk og spesiell julemat som grøt, pepperkaker og nøtter




Romjula kan bestå av rolig inneliv med mye spising, 
men også turer ut, refleksjon og ettertanke. 
Før var det også vanlig å gå julebukk i romjula. 
En nyere tradisjon er å knuse og spise pepperkakehuset en har lagd.
Romjula benyttes også ofte til å bytte julegaver

ok......
Her går det vertfall mykje i familiebesøk, julemat, heimehygge og julefred.
Det er godt å kjenne at roen senker seg og at ein med god
samvittigheit kan nyte late dagar. 

Her har vi hatt masse strømbrot i løpet av gårsdagen og i dag.
Det gir oss ein fin moglegheit til å tenne nokre ekstra stearinlys, 
lese ei bok, prate med familien, spele eit spel....

Ei gåve som kom ekstra godt med no når det har vært strømbrudd,
(og varmepumpa berre står å sukkar på veggen...)
er ei gåve som eg fekk frå den søte og snille nabodama mi.
Ho gav oss ein stor papirpose med heimelaga tennbrikker!
Genial gåve som varmer ekstra godt ;o)


Håper de alle har ei trivleg og god romjul!!

Juleklem frå Frøken Loppe

mandag 19. desember 2011

Pakkar julepakkar med julekos......

Det merkast på aktiviteten her hos "Frøken Loppe" at det er travle dagar no før jul.
Tida går til julebord, snømåking......, juleselskap, handle julegåver, snømåking......., 
pakke julegåver, juledekorasjoner, snømåking...., julekake baking, 
handle juletre, snømåking.....

Som de sikkert skjønner har vi eindel snø her, og det er jo KJEMPE kosleg no før jul,
MEN hadde den berre dala ned ferdig måka, liksom...
DET hadde vært noko det..... :o)

I år har julegåvene blitt pakka inn i gråpapir med hyssing og
med raud, enkel merkelapp. 
Kjøpte pepperkakeformer på IKEA, der var det "tegna inn" nokre artige figurar, 
så for å få litt forandring på merkelappane, klippte eg ut figurane og brukte dei som namnelapper.
Enkelt og greitt :o)







Småkake formane kjøpte eg hos Den Grønne Baljen,
soppane er kjøpt hos Søstrene Grene.


Det gir julestemning å pakke julegåver med tente stearinlys
og Kurt Nilsen sin julecd i spelaren :o)

Ynskjer deg ein god og fredfull førjultid,
husk å senke skuldrane innimellom...

Frøken Loppe

tirsdag 13. desember 2011

Vinn interiør frå Thelma T

Har hatt nokre dagar opphold her på bloggen,
har vært ute å farta igjen...
Julebordhelg i Bergen, med RASKE MENN, god mat og tid til å besøke familile :o)

Fekk også moglegheit til å stikke innom
Det var ein super kosleg butikk, og hygglege Kerstin serverte oss kjempe god gløgg.
Heldigvis for meg  er det i desember søndagsope i Den Grønne baljen,
og eg fekk med meg nokre herlege skattar heim... ;o)
Anbefalar alle som er i Bergen, å ta turen innom  denne koslege butikken på Minde :o)


************


No vil eg prøve vinnerlykka hos Thelma T 
og har plukka meg ut to favorittar.



Utfordringa er open fram til 15. desember!
Kva ynskjer DU deg hos Thelma T??






Ynskjer alle som ser innom ei god førjulsveke!

Frøken Loppe

onsdag 7. desember 2011

Jul hos Frøken Loppe

"Jul i vårt hus" er tema for årets siste utfordring på NIB i 2011.
Eg kaster meg med i siste liten i "Jula på kjerringa" stil....
(artig uttrykk det der..... ;o)

Jul hos Frøken Loppe byr på blant anna:


VENTETID......



VASKE OG RYDDETID.....



KOSETID....



TID SAMAN.....
 

Sjå alle dei flotte juleheimane her.

Ynskjer alle som ser innom ei flott førjuls veke!

Frøken Loppe

søndag 4. desember 2011

Beserk med lerk......

I helga var eg igjen i "Heimen på landet".
Då måtte eg sjølvsagt ut å finne meir lerkegreiner.
Så i ly av mørket, tok eg med kurv og saks,
og fann vegen til "lerkeskogen"...

Eg blei kanskje litt for gira, og det tok litt av...
Men dei er jo så fine og dekorative..... ;o)





Slik såg det ut på kjøkkenbordet på laurdags morgon.
No var dama klar for å GÅ BESERK MED LERK.......






















Kjøkkenglaset, stovebordet, glassverandaen, ein entrekommode,
lamper ved spisebordet og adventstaken
fekk gjennomgå når eg gjekk BESERK MED LERK.....

No er det julepynta og fint i Heimen på landet :o)

Ynskjer dykk alle ein flott veke!

Frøken Loppe

fredag 2. desember 2011

Det snør, det snør.....


.....tiddeli bom.
Det er det det gjør,
tiddeli bom.
Nå snør det mye mer enn før
tiddeli bom og tuttemei tu.

 ( bilde er (dessverre) tatt frå google :o) 


Så kaldt det er,
tiddeli bom.
Jeg kjenner det her –
tiddeli bom,
kjenner det på mine tær,
tiddeli bom og huttemei tu

For første gang i år måtte eg koste snø av bilen..
Gav litt ekstra julestemning, men også eit glimt av kva vi har i vente.... :o)

I helga skal eg til Huset på landet igjen,
pynte litt til jul der også!
Denne gangen SKAL eg få tatt litt bilder så de og får sjå :o)

Ynskjer dykk alle ein strålandes fredag!!
Frøken Loppe