torsdag 26. april 2012

Eller......

Fyll den opp med tepper og puter!
La den stå ute ved hagemøblane, 
om sommarkvelden blir litt for kjølig, er hjelpen nær.

Eller la den stå i stova,
for å holde orden på tepper og slikt.



Eller har du eit stort soverom, 
kan den stå der og romme sengeteppet og pynteputene,
mens du ligger og drar deg i senga

Eller la den stå i gangen,
og ta vare på alle hanskepar, tjukkesokker, skjerf og luer,
slik at du alltid veit kor du finner sokk nr. 2.




 
Eller la den stå på badet,
fyll den opp med deilige, mjuke, nyvaska handkle,
klare for å tørke deg etter dusjen.




Eller la den stå på vaskerommet, 
slik at dei skitne klea har ein plass å vente på sin tur til vaskemaskina.

Eller.....
ja, kor ville du bruk den?!? :o)

Frøken Loppe

fredag 20. april 2012

Award.......

Søte fruen frå bloggen Fruehuset har sendt meg ein award.
Er ofte innom bloggen hennar, syns den rett og slett er herleg!!
Takk for at fruen tenkte på meg ;o)
Litt usikker på kordan dette fungerar, men tar utfordringa og kastar meg uti....




1. Ein skal linke tilbake til den ein mottok awarden frå
2. Ein skal sende den videre til 5 andre bloggare som har mindre enn 100 følgere.
3. Ein skal svare på 5 spørsmål. 
Awarden er heilt frivillig


Kvifor begynte du å blogge?
Eg har "alltid" vært interessert i interiør, og starta tidlig med bla ommøblering av jenterommet.
Smak og stil har svinga litt hit og tid, alt ettersom kor eg har vært i livet.
Men føler etter kvart eg har funne meg sjølv og min smak og stil.
Gjennom min kjære søster, som har bloggen; Marianne på landet
blei eg kjend med ein ny verden, ein verden som eg kjendte meg igjen i og følte meg heime i...
 Ein ny verden ein kunne reise i, uten å betale dyre flybiletter eller bruke opp feriedagar på jobb.
Her var det mange som hadde interesse og lidenskap for lopper og "skrot".
Mennersker som inpirerte meg.
Så kom tanken, kanskje eg òg kunne inspirere og dele med andre....
Så med god hjelp frå lillesøster 
vart "Frøken Loppe" ein del av denne nye verden eg hadde fått innblikk i...





Kva for nokre blogger følgjer du?
Det er litt forskjellig, men mest interiørbloggar.
Prøver å få med meg bloggar med litt forskjellige stilar,
men må innrømme at eg trivs best hos dei som
digger lopper og er kreative og tenker litt nytt i forhold til bruk, plassering og gjennbruk. 



Favoritt farge?
Tja, trur faktisk at det akkurat no er grått.
Tenker ikkje då på "inspirasjonsfarge" som ein gjerne plasserar rundt om kring som fargeklattar,
men grått som meir basisfarge, kombinert med kvitt.. 


Favoritt film?
Oi, Oi... her må eg muligens melde pass.
Elskar å sjå ein god film og drømme meg litt vekk frå kvardagen.
Men har ikkje nokre direkte favorittar.
Alt etter humøret, romantisk komedie, action eller drama.
IKKJE grøss og gru!!!!!






Kva land drømmer du om å besøke?
Vel, kor skal eg begynne........ ;o)
Står mange reiser og land på ynskjelista...
USA, spes New York
Sør Amerika
Australia
Kunne faktisk tenkt meg å reist på interrail... eller er det berre for dei unge?! :o)
Ellers så er Spania mitt favorittland, 
og dit kjem eg nok til å reise tilbake, tilbake og tilbake..


Håper du vart litt betre kjent med meg no!

Eg sender awarden vidare til desse flotte bloggarane:

Anns Draum 
Marianne på landet
Fjordlykke
Jeanettes lille paradis 
Jorunns hobbyblogg
 
Fredag i dag, helga står for dør, det er sol og ingen spesielle planar..
Er litt lykkefølelse, kjenner eg... :o)


Men litt skår i lykka er det, for vi skulle egentleg vært i Barcelona no...
Eg, min kjære og eit vennepar.
Men sjukdom og helse kan dessverre ingen rå over, 
så turen måtte avlysast.... 
Hardt å svelge, men satsar på at vi har turen tilgode.....


God fredag til deg!
Takk for at du ser innom til meg!


Stor fredagsklem frå Frøken Loppe

mandag 16. april 2012

Gåver

Eg er aprilbarn og født i værens tegn, 
med alle dei egenskapane som følgjer med det..... ;o)

 Bursdag er jo kjekt!!!
 Eg hadde gleda av å feire min dag i påska,
og hadde kjempe kosleg besøk, både til lunsj og til middag :o)
Satte spesielt stor pris på besøk av bestemor og tante,
som eg dessverre ikkje treff så ofte!
Når ein har bursdag, 
får ein feire at ein har fått oppleve enda eit år av livet sitt,
saman med dei ein er glad i.
Det er òg ein god unnskyldning for å invitere til fest og selskap 
(om ein treng unnskyldning for det, då ;o)

Og så vankar det jo alltids litt gåver... :o)

Mange seier at det er så vanskelig å kjøpe gåver til meg,
men det kan eg ikkje forstå....
Det er jo "berre" å ta turen innom feks Kremmerhuset, 
Søstrene Grene eller liknande butikkar ;o)
Eller grave litt i kassar på loftet eller i kjellaren....
Eller stikke innom bruktbutikken og finne noko der....
Eller ta ein tur på søppeldynga, som gjerne far min ville sagt... ;o)
 
Eg er i allefall super, super nøgd med alle gåvene eg fekk!
Her er nokon av dei....


 Nye putetrekk stod på ynskjelista.... :o)
Herleg med litt fornying!


 Nydeleg etasjefat med søte blomster, gleder meg til å servere jordbær på dette i sommar!
Herleg, personleg, heimelaga kort :o)



 Kjempe søt fyrstikkboks frå Green Gate :o)
Slik har eg ikkje sett før!


Veldig søt mugge i herleg blåfarge, 
til sommerblomster eller litt saft i sommarvarmen kanskje......




Desse super herlege, gamle og midt i blinken for meg boksane,
fekk eg i posten av mi kommande svigerinne (bryllup i mai ;o)
Vart sååååå hoppande happy!!!




Denne klokka stod på "Den Grønne baljen" og eg hinta både vel og lenge til 
min kjære søsterom at DENNE ønska eg meg til bursdagen...
og joa, ho tok hintet... hi, hi, hi!!!
Takkar også for kosleg helsing frå Kerstin på "Den Grønne baljen"!!

I tillegg fekk eg litt til å putte i banken, 
om ikkje det blir brukt opp på vegen dit då... ;o)

Ynskjer alle ein super start på ei ny veke!


Klem frå ei 1 år eldre Frøken Loppe :o)


mandag 9. april 2012

Min kommode

Myke minutter har ein artig utfordring på gang;

"Vis meg din kommode"

Eg vil vise ein kommode som står i heimen på landet.
Det var ein kommode i furu, 
som fekk smake på litt kvitmaling + nye knottar.
Likar så godt plasseringa på kommoden, 
den vert liksom ein del av senga...









Bli med på utfordringa du og!
Sjå alle dei flotte bidraga her.

Ynskjer alle som ser innom ein god start på kvardagen!
Eg har nokre veldig spennande dagar i vente....
Følg med så kanskje du får vete kva det er.... ;o)

Stor klem frå Frøken Loppe

søndag 8. april 2012

UTFORDRINGEN COLOUR ADDICT

Kaster meg med i siste liten på utfordringa hos NIB.
Dei etterlyser litt farge i tilværelsen....

Her er nokre av mine fargeklattar







Klossane fann eg på Fretex,
og dei gir meg gode minne om barndom.

Sjå alle dei flotte bidraga til den fargerike utfordringa her.

Har du fargeklattar i heimen?

Frøken Loppe

Påska

 Påske egga er tomme.
Påskeliljene visna.
Påskekyllingane pjuskne.
Påskeharen har hoppa vidare.
Lammelåret er fortært.
Fjellturen gjennomført.
Nye fregner på nasetippen.
Gode minner lagra.
 Skuldrane har senka seg.....



 
Kvardagen ventar.........
Farvel til påska for denne gang,  velkommen til våren!!!

Tusen, tusen takk for alle koslege kommentarar
og velkommen til dei som ynskje å følgje meg :o)
Håpar de alle har hatt ei flott påske!

klem frå Frøken Loppe