søndag 4. september 2011

Haust = Nye fargar


Når hausten kjem, kjem og lysta til å skifte ut sommarens lyse fargar innomhus.
Det vert mørkare kveldar, regnet piskar på ruta
og det er ekstra kosleg å krype under eit pledd med ein kopp te.
Lette, lyse fargar må vike for haustens fargar

No veit eg ikkje heilt om blått er så veldig typisk for haust,
men eg kom over nokre kjempe herlege puter på Jysk, faktisk..
Desse klarte eg ikkje la ligge, dessutan var dei blillege..
Eg vert så glad av å sjå på mønsteret og fargane.
Dei skal nok få liggje ei stund inn i haust tussemørket..

På loppemarknad i Rakkestad i sommar, kjøpte eg dei fargerike fata som de ser på bilde.
Det lilla fatet har fått stå framme på bordet i sommar,
no skal den blå få plassen ei stund.... ;o)

Her ser de sommar kontra haustfarge i min slagbenk




Eg har alltid vært svak for blått mønster..

Kjekt at du stakk innom!
Ynskjer deg ein flott start på ei ny veke!

Frøken Loppe





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)