fredag 2. november 2012

Å drøyme seg vekk på IKEA.....

Ein liten jobbtur til Bergen,
gav moglegheit til ein kjapp tur på IKEA.

Masse, masse flott inspirasjon,
lett å drømme seg vekk nokre timer der, ja.... ;o)











I og med at eg vert på flyttefot i desember, 
og det meste kjem til å stå stabla i kasser,
er det vel kanskje eit slikt juletre vi bør satse på i år.... ;o)

Alle bildene er henta frå IKEA sin inspirasjonsnettside;
LIVET HJEMME


Fredag igjen, deilig!
God helg, alle sammen!!

klem Frøken Loppe

ps. eg fann nokre skattar på auksjon sist laurdag, 
bilde kjem seinare..... ;o)


tirsdag 23. oktober 2012

Bort bra, men.....

Vel heime igjen etter nokre flotte, men hektiske dagar i København.
Programmet var stramt, så det vart ikkje mykje tid til 
"eigne aktivitetar", men vi fekk sjå og oppleve mykje nytt i Køben.

Trur det må være favoritt byen min,
vakker, innhaldsrik, vennleg og spennande.....



København (utsikt frå hotellrommet)



Bilde frå hotellrom og baren på hotellet




Det er spennande å være på reise,
og mange vri seg nok i missunning når eg pakkar kofferten gang på gang, 
MEN det er faktisk ganske slitsomt og....

Dessuten trur eg om ein reiser alt for mykje,
om det er privat eller jobb (eller ein kombinasjon, som det ofte blir)
så set ein til slutt ikkje pris på alt ein får oppleve...
Ein vil liksom berre.... HEIM....


Soloppgang frå hotellrommet, drink ved solnedgang... ;o)



Det er IKKJE meininga å sutre og/eller være bortskjemt,
men etter mange, mange år med mykje reising,
både via jobb og privat,
kjenner eg at det er HEIM eg vil reise no......


Nerja - Spania


Ynskjer å finne roen, 
kjenne at helgane ladar opp og ikkje berre er eit pustehull...
Vil glede meg over å rusle rundt i heimen, 
sysle med prosjekter (lista er blitt lang...;o)
Tusle ein tur til byn, 
kjøpe ein kaffi og avis, la timane rusle roleg avstad, 
utan å sjå på klokka for at det er noko ein skal rekke...
Ha tid til kvardags sysler...

Kan ikkje huske siste eg kjeda meg.....
Er det noko som ein veks av seg, eller ??


 Nerja - Spania


Det er jo kvardagar som formar livet, 
det er dei som skapar tryggheit og struktur i livet.
Eg ynskjer meg fleire kvardagar.... heime...

*
Nokon som kjenner seg igjen?
Kjenner du tidstjuven puster deg i nakken av og til?!
Er det vanskelig å prioritere tida?
 
 *

Til helga skal eg endeleg være heime. (gliser stort)
Gledar meg til ein roleg helg, med gullrekka på fredag, 
taco på laurdagskvelden,
spasertur søndags føremiddag,
og ein søndagskvil etter søndagsmiddagen.... ;o)

Men eg skal òg på AUKSJON!!!! :o)
Frøken Loppe tar ikkje heilt fri.... ;o) hi, hi

klem Frøken Loppe

(alle bildede er tatt med mobil)

mandag 15. oktober 2012

Nytt prosjekt på gang...

Ja, slik er det vel for dei fleste...
Når ein har avslutta eit prosjekt, 
går det ikkje lang tid før eit nytt er på gang... ;o)

No skal eg til på eit STORT prosjekt!!


Min nye HEIM... :o)

Gledar meg til å ta fatt på oppgåvene, 
her skal det pussast golv, rivast veggar, byggast opp at veggar, 
malast, byggast benk, lage skap av gamle vindu.....
 
Kjøpte i august 2011, og fram til no har eg  leig ut.
No når salget av tomannsbustaden er i boks, og flyttedato sett, 
kjenner eg at eg gledar meg veldig til å få "sett klørene" i prosjektet og oppgåvene. 
Er veldig klar for å endeleg få bu der sjølv :o)

I hovudet mitt er det meste planlagt, men litt inspirasjon kjem alltid godt med.....



Ynskjer meg ein sittebenk under vinduet....

 



Lyst og artig kjøkken....





Store vindu gir masse lys.....



 

Gamle vinduer skal bli flotte og sjarmerande skap....



Lyse soverom gir ein god start på dagen....


Eg er nett komt heim etter nokre fantastisk flotte dagar i Spania,
bilder kjem seinare...;o)

No må eg pakke kofferten igjen, 
København ventar....

See you!

klem frå Frøken Loppe i farta

ps. tusen, tusen takk for alle dei koslege kommentarane de legg igjen, 
blir såååå glad for kvar og ein av dei!!!!
Eg kjem sterkare tilbake, når eg har "landa" etter København turen ;o)

tirsdag 2. oktober 2012

Ein skrue laus.....

Når vi var på Island,
såg eg noko kjempe artig inne i frukostsalen på hotellet.
Fikk nesten litt julestemning faktisk.... ;o)
(Rart det der, når ein set tal på rekke og rad)




Men for ein artig og god ide!!!!!
Eg vart reint inspirert!

Her er det kun fantasien som set grenser...

Kva med hus nr?
Eller gløymer du ofte telefon nr ditt?
Eller kjæresten sitt ;o) ?!
Julekalender?
Fødselsdato for barna dine eller deg sjøl og/eller din kjære?
Har du butikk, kan du "skru opp" opningstidane :o)



Ein kan bruke skruar i alle forskjellege størrelsar og fargar,
alt etter kva som passar inn.
Ein kan skru rett på veggen, eller på ei plate.

Ein kan jo bruka kva som helst slags plate og....
Kanskje nokre skruar som kjem rekandes på ei fjøl..... ;o)




 
Eg digga ideen!!!
og som sagt, det er kun fantasien som set grenser....

Kva ville du laga ??!!

*
 
Eg har pittelitt reisefeber,
Spania ventar, torsdag lettar flyet...Tjohei!!!!! :o)

klem frå Frøken Loppe


onsdag 26. september 2012

26 timer i døgnet....

...kan være ein fordel når ein er på tur.

Når vi var på Island i august, 
fikk vi 26 timer i døgnet.
(vertfall første døgnet vi var der)

Når vi landa på Island, skrudde vi klokka 2 timer tilbake,
så då landa vi ca akkurat når vi letta.... ;o) hi, hi

Uansett kunne det vært godt å få nokre ekstra timar i døgnet når ein er på tur.
Så mykje å sjå, så mykje og oppleve......

Her kjem ein pitte liten smakebit av det vi opplevde på Island.




Vakker og trolsk natur...


Gullfossen


Kjøyretur på isbreen (!!!!) med verdas tøffaste limotruck!!!!!
(Hadde vi aldri fått lov til i Norge.... kanskje like bra, for det var litt skummelt... ;o)


Veldig koslig hotell, sentralt i sentrum



Sjølvsagt vart det tid til litt shopping.... 
og sjølvsagt fannn eg ein kjempe, kjempe koslig bruktbutikk...

Hadde berre kofferten vært litt større......
Kjøpte med meg litt derifrå, du skal nok få sjå... ;o)

Ellers var vi på hvalsafari, der vi faktisk (!!) såg ein hval,
smakte på masse, masse god mat og drikke,
hadde teambuilding med flotte kollega og ikkje minst,
bada i den Blå Lagunen.... (sensurerte bilder... ;o) hi, hi

Anbefalar å ta ein tur på Island!!
Eit meget flott land!

Kofferten skal straks pakkast igjen,
no går turen til varme og sol i Spania.
Favoritt plassen min, dit eg alltid kjem tilbake....
Nerja 
Har du vært på tur i det siste?
Har du ein favoritt plass du likar å reise til?

God onsdag til deg!

klem frå (straks) reiseklare Frøken Loppe

fredag 21. september 2012

Eg vann!!

Så heldig eg var, 
då Bjørn med bloggen "Huset ved fjorden" 
ville gje vekk to flotte plakatar!

For det var eg så vann!!!!
Vart så glad!!!

Kjempe tøff plakat, 
akkurat den eg ynskja meg :o)

I tillegg er det sååå kos å få pakke i posten!! :o)

 





 Ramma har eg kjøpt på IKEA





Tusen, tusen takk Bjørg!!!
Denne blir vertfall med på flyttelasset ;o)

God, god helg til dere alle!
For meg ventar det ei etterlangta og 
avslappande helg på hytta.

klem frå Frøken Loppe

mandag 17. september 2012

Handel hos naboen

No har endeleg roen senka seg i heimen, 
godt at alt rundt klargjering og sal av hus er over.
No kan vi ha "normal" kvardagar igjen...
I sommar rakk vi ein kjapp tur over grensa til søta bror.
Kjekt med litt grensehandel :o)

Eg vart frista av det store utvalet dei hadde i knekkebrød,
noko eg et kvar dag....







Lenge sia eg har hatt tid å lage knekkebrød sjølv, 
då smakar det ekstar godt med gode knekkebrød frå søta bror.
Kjekt å prøve noko anna og..

Takk for koslege kommentarar på innlegg ang hussalet, 
det har vært ein veldig spennande prosess!!
No begynner tankane og svirre rundt neste prosjekt... hi, hi

Klem frå Frøken Loppe

onsdag 12. september 2012

Solgt......

Da var det over!!!
 
Budrunder, spennande og hyppig telefonkontakt med megler.
Diskusjonar fram og tilbake, følelser som ein berg og dalbane, 
med usikkerhet, anger, håp, glede og lettelse......

Huset er no altså solgt!
Ventetida er over og skuldrane kan senke seg.....



Vi fikk bud godt over takst, 
og må vel være godt nøgd med det :o)

Men det er rart...
Glede blanda med litt vedmod...

Kjem til å sakne huset som har vært min heim i over 8 år,
faktisk det huset eg har budd lengst i heile mitt liv....
Kjem til å sakne utsikta, sola og naboane!

Men no er det ein ny epoke på gang,
"bylivet" venter....
...og nye opp pussingsprosjekter..... ;o)


 Klem frå "ei litt lettare" Frøken Loppe
 

tirsdag 11. september 2012

Ventetid....

Då var visningen gjennomført, 
og det kom heldigvis nokon for å sjå kordan vi har det.
Eg var jo litt redd for at ingen skulle komme,
hmmm, mulig eg må jobbe med sjølvtiliten, litt... ;o) hi, hi

Vel, no vert det ventetid.........

Kjem det inn bud eller ikkje?!?
Kor mykje kan vi forvente?!?
Skal vi godta eller ha is i magen?!?



Veldig spennande, men no vert tolmoden set på prøve,
ventetid er ikkje noko for meg... ;o)

Men, forhåpentlegvis så er det vel slik som ein seier,
"den som venter på noko godt, venter ikkje forjeves..."

Satsar på det ;o)

klem frå ei frøken som ventar i spenning


torsdag 6. september 2012