torsdag 25. april 2013

Snartur....

Hei!

Tar meg ein snartur på IKEA.
Garderobeskap til gangen står på handlelista...

Spennande...




Ynskjer deg ei super fin helg!

klem Frøken Loppe

mandag 22. april 2013

Smake på våren.....

Då var eg vel heime etter ein flott tur til Krakow.
Her fekk vi verkeleg smake på våren....

24 grader frå skyfri himmel, 
utepils, varm sol og kjole temperatur...
Det var utruleg deilig!!
Var som å reise inn i ei anna årstid...

Heile 6 saueskinn vart med heim,
nydelige, kvite, store OG billige... ;o)



 
Litt vårstemning heime i stova også....
Blomster plansje kjøpt hos "Den grønne balje", 
gamle flasker arva, vinballong kjøpt brukt,
blomstergrein fikk eg i gåve til bursdag (Kremmerhuset) 
og bjørkegreiner plukka i skogen...

 
På veg heim frå Bergen (supert å fly direkte til Krakow frå Bergen),
fikk eg jammen tid til å stikke innom eit av dei mange 
loppemarknadane som var i byen i helga.
Fikk med meg blant anna to kjempe fine lamper...
Bilder kjem sjølvsagt ;o)

Håper du har hatt ei fin helg, 
gladar meg til å ta ei bloggrunde å sjå kva som har skjedd sia sist..;o)

Fin ny veke til deg!
.....og takk for at akkurat DU ser innom...

Klem frå Frøken Loppe
 

mandag 15. april 2013

Pakke koffert...

I dag skal eg pakke kofferten igjen.
Blir siste turen med jobben  før eg sluttar,
og ferden går denne gang til Krakow.

Har vært i Krakow nokon gonger før, 
og det er ein kjempe koslig by.
Gledar meg!!

Satsar på å ikkje pakke så mykje, 
då eg vil ha god plass til alt eg skal handle... hi,hi ;o)
Sist eg var i Krakow kjøpte eg med heim
4 (!!!!) saueskinn... 

*
 
Her kjem eit lite bilderas frå favoritt blomsten min...
Buketten var i ferd med å takk for seg,
så eg tok dei beste blomstene, 
og satte dei oppi små glass...
Så fikk eg gleden av dei litt lenger...;o)












Eg har hatt ei kjempe kjekk helg, kosa meg masse med besøk 
av flotte, artige, fine og gode damer!!!
Magemusklane har fått trimma seg, 
latteren sitter løst slike helger... ;o)

Det vart og nokre fine nappegåver på meg...

*

Ynskjer deg ei fin veke!
Eg skal vertfall kose meg i Krakow, 
håpar å få ein forsmak på våren.... ;o)

klem frå reiseklar Frøken Loppe

fredag 12. april 2013

Jentehelg....

Stemma er på veg tilbake,
og eg er klar for jentehelg!!!!
Jippi!!

Gleder meg super masse til å få besøk
av flotte damer i helga.
Vi skal prate, le, ete, drikke, sove (litt),
tulle, tøyse, prate, ete, drikke, le, le, le, le og le.... ;o)




I tradisjons tro vert det napping fredagskveld.
DET er morro DET!!

Alle har med 3 gåver, innpakka.
Så triller vi terninger, dei som får to like kan plukke ein pakke.
Når alle pakkene er fordelt,
skal dei pakkast opp.
Så begynner morroa.............

Trill terning, får du to like NAPPER du ei gåve frå dei andre,
får du to seksere, får du nappe + bytte ein gåve...
Ein av oss har sett på klokka,
og til den ringer er det berre å trille og nappe....

Kjempe morro, spennande, sosialt og artig!!
Vi har ein regel om at gåvene tilsammen kun skal koste kr. 150,-.
Eller det kan være noko ein har laga sjølv,
funne på loppis eller lignande...





Har du vært med på nappeparty?!
Om ikkje berre MÅ du prøve!! 
Inviter til ein koslig og artig kveld med venner eller familie,
garanterer at de får ein kjempe fin kveld!!  

*

Tusen, tusen takk for alle dei fine "god bedring" helsingane de har lagt igjen!!
Er heilt sikker på at det er det som gjer at eg no er bedre!! ;o)

Ynskjer DEG ei kjempe fin helg!

Stor klem frå Frøken Loppe

ps. bildene tok eg i påska, dei er frå huset i Sogn.

mandag 8. april 2013

Eit lite pip......

frå meg i dag....

Influensa fann meg i påska og slo meg ned...
Er så vidt begynt å fungere litt igjen, 
men uten stemme....

Det positive ved å ligge dag ut og inn på sofaen, 
er at eg har fått surfa mykje på nettet, lest blader
og innhenta mykje inspirasjon...

Har allerede fått snikkaren min i arbeid... hi,hi
Greitt å være sjuk, 
når ein kan sette andre i arbeid......

Bilder kjem sjølvsagt etterkvart,
i dag vert det berre eit lite pip herifrå... ;o)





Tusen, tusen takk til alle som kikker innom,
blir ekstra glad når du tar deg tid til å legge igjen nokre ord!!

Ynskjer deg ei super ny veke,
håper våren kjem snart..

klem Frøken Loppe

tirsdag 19. mars 2013

Snart påske og ferie....

No er påskeferien rett rundt hjørnet, 
og heldige meg som har ferie allereiie frå helga av...;o)

Ferien skal nytast litt her og litt der...
Gledar meg!!





Påske pyntinga tar eg i løpet av helga....
Sia vi skal være litt her og der, 
vert det enkel pynt med blomster og små påske effekter ;o)

Har du planar ?
Foretrekker du fjellet, fjorden/havet eller byen i påska?

Når og kva pynter du med til påske?

Kan aldri få takke nok for dei fine kommentarane de legg igjen!
Dei lyser opp min dag!!

klar for siste innspurt før ferie...?!?... ;o)

klem Frøken Loppe
 

fredag 15. mars 2013

Litt rund.....

Det er ikkje figuren min eg snakker om no altså, 
men saker og ting i heimen.. hi,hi


Litt rund inspirasjon frå kjøkkenet før helga....



Rund tallerken og rund kopp frå Kremmerhuset
Duk med runde prikker frå Spar kjøp



Stol med rundt sete, kjøpt på auksjon




Rund sittepute til den runde stolen, kjøpt på IKEA





 Høgt rundt glas frå IKEA, med smoothie frå runde jordbær.





Rund pute frå Kremmerhuset.


No går det nesten rundt for meg her....
så eg tar straks helg...hi, hi

Takk for super fine kommentarar!

God helg!

klem Frøkne Loppe

mandag 11. mars 2013

Den første solstråla....

Har lagt bak meg nokre hektiske veker,
no håper eg på rolegere dagar...

Ein liten forsmak i går, 
då eg fekk ein liten time ute i den deilige sola....

Den første solstråla fekk skinne på mine kinn.

Liten sitteplass vart rigga opp, 
kaffi i kopp og kjeks på fat...

D E I L I G




Robbie slappar av i sola, han og...;o)



I helga var det årsmøte med jobben og det siste for min del,
då eg går inn i ny jobb i mai.
Saman med gode ord fekk eg blant anna ein nydeleg bukett...

Rart å tenke på at mine snart 11 år i denne jobben snart er slutt...
 Trist og spennande på samme tid...

*

Ynskjer DEG ei god ny veke!
Håper nokre solstråler skinn på deg og ;o)

stor klem frå Frøken Loppe

tirsdag 26. februar 2013

Å være sammen......

Endeleg fekk vi ei laaaang helg i Bergen.

Tid med familie, søte nevøer og nieser,
(litt) shopping, lang frukost, tur i sola,
tid til å lese bok og spille spill, kino,
mimring, latter og tull..... ;o)

Det er så godt å være sammen....
 

Vi fekk jo sjølvsagt tid til eit obligatorisk besøk på IKEA
Klarte IKKJE motstå fristelsen til å kjøpe med meg dette bilde heim,
syns det er såååååå fint!!!! ;o)
No flytter eg det rundt om kring for å finne "DEN PERFEKTE PLASSEN...." ;o)

Kjøpte litt småtteri som eg har planar med...
Ting som skal hengast opp, litt her og litt der....
Gleder meg til å vise dåke ;o)






Vi fekk òg studert og planlagt rommet til konfirmanten.
Ho har fargen MARENGS på rommet sitt, 
litt søt, lys, lys rosa......
Her manglar framleis nokre møbler, 
her er det som står øverst på ynskjelista til no....




I samme slengen fann vi inspirasjon til TEMA til konfirmasjonen, 
ho har vært litt usikker på kva slags pynt, fargar osv ho ville ha,
men så dukka desse fine tinga opp, 
og då valgte jo TEMA seg sjølv.... hi, hi ;o)






Når ein er i godt selskap, og tida flyr, er det ikkje alltid like lett å få tid til alt...
Har vært litt stille frå meg siste veka, 
men kun fordi eg ville nyyyyyyyyte å være sammen med familien..... ;o)

Men her er eg igjen.. ;o)
Gleder meg til å ta ei runde hos dere!

klem Frøken Loppe

mandag 18. februar 2013

R E T R O.....

hos Bestemor.....

I helga var eg på besøk hos Bestemor.
Her er det alltid så koslig, 
Bestemor ordner og steller, og sørger for at vi har det heilt topp!
Når eg var jentunge var dette heim nr. 2 for meg,
og her har eg masse flotte barndomsminner!!

Det som er ekstra kos,
er at ting liksom er slik det alltid har vært hos Bestemor.
Klart ho har pussa opp og har det flott og moderne, 
men inni mellom er ting slik dei alltid har vært...
Det er noko trygt og godt ved det.....

Hadde med meg kamera, 
og knipsa litt her og der,
fann ut at hos Bestemor er det faktisk litt

R E T R O



Frå ein kommode

 


 Tapet





 Rullegardin




Tapet

 



Gulvteppe

 

Sengkle


Inspirasjon finn ein overalt, kanskje det har vært der heile tida, 
det gjeld berre å sjå det med nye auger ;o)

*

Tusen, tusen takk for alle dei flotte tilbakemeldingane eg har fått på siste innlegg!
Er heilt overvelda og kjempe glad!!!
Velkommen til nye følgere! Så kjekt at de vil følgje meg!!!

*

Her er det vinterferie denne veka, 
startar med pøsande regn med slaps....

I slutten av veka vert det litt vinterferie på meg og,
då går ferden til Bergen med familiebesøk og kos :o)
Blir obligatorisk tur innom IKEA og Søstrene Grene.

Fin ny veke til deg!

STOR klem frå Frøken Loppe

ps. tenker du vart overraska no, Bestemor?!? hi, hi....