lørdag 20. august 2011

Brødboks ble dvd boks


I sommar var eg på loppejakt på Øyna Brukthandel i Luster kommune.
Der er det MYKJE spennande loppar..... verkeleg mykje fint!!
Under nokre pannelokk dukka denne skatten fram, ein gamal brødboks!!
Sjarmerande og søt stod den der å berre venta på akkurat meg :o)
Klart den måtte være med heim!!
Men sia eg allereie har ein flott og brukande brødboks, måtte eg finne ein ny funksjon til brødboksen,
eg ville jo ha den framme så eg kunne sjå den kvar dag...
Og i kveld fekk eg ideen.... kva med å putte DVD filmar oppi??
Då får jo brødboksen i tillegg stå framme under TVen.
Og slik blei det... DVD filmar fekk flytte opp i den nye gamle brødboksen min!!!
... og eg får sjå den kvar gang eg ser på TV, slik at den kan gje meg eit stikk av glede i kvardagen...

Frøken Loppe

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)