søndag 16. oktober 2011

Borte bra, men heime best.....

Er komt vel heim etter ei flott ferieveke i Tyrkia.
Etter nokre regnfulle dagar i starten på ferien,
fekk vi til slutt nokre etterlengta soldagar dei siste dagane :o)
Det gjorde godt for både kropp og sjel!

Kjem tilbake med nokre bilder frå turen litt seinare :o)

Men sjølv om det er deilig å ligge strak ut i sola,
ete spennande og annerleis mat,
treffe nye mennesker,
gå på shopping i nye butikkar (med andre prisar enn i Norge :o)
og ha fri og være i feriemodus,
 er det ALLTID godt å komme heim.

Borte bra, men heime best...

Det er alltid godt å komme heim til min eigen sofakrok...


... til mi eiga seng....


og til min eigen frukost....


No er det igjen kvardag... og uansett kor kjekt det er med ferie,
er det godt og trygt å kunne kome tilbake til kvardagen :o)

Ynskjer alle som titter innom ein strålande start på ei ny veke!

Frøken Loppe

1 kommentar:

  1. Så deilig med litt sol og sommar før vinteren setter inn:) Veldig fin oppredning på senga forresten. Ser alltid så mykje mer innbydande ut med ein fint oppredd seng.

    Håper du får ein fin søndag!

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)