torsdag 20. oktober 2011

Hamam, tyrkis bad med velvære... eller....


Då vi var i Tyrkia ville vi prøve Hamam, som er den tyrkiske varianten av dampbad, også kalla Tyrkisk bad. Har prøvd det før, og vi gleda oss veeeeldig til ein aften med pleie for ein sleten kropp og sjel.



Vi ville prøvde ein hamam som Ving anbefalte og vart henta på hotellet i ein gamal og skranglete kassebil. Tenkte ikkje så mykje over det, då dei fleste bilane i Tyrkia er gamle og skranglete.
Lokalet låg i ei lita bakgate og  virka i første augekast som ein ok plass, var litt sjuskete, men vi er ikkje prippne, og tenkte at dette kan jo berre bli betre..... vel, det var iallefall det vi trudde...
Vi vart anbefalt å oppgradere bestillinga frå hamam + (som var badstu, hamam, skrubb og 20 min. oljemassasje) til 30 min. aromaterapimassasje, indianhodemassasje, fotmassasje og ansiktsmaske. Det kosta oss det dobbelte av det vi alt hadde betalt, men vi gjore det med glede då vi ynskja ein god og behagleg opplevelse. Vi har i tillegg god erfaring med hamam tidligare, så dette kom til å bli so deilig... trudde vi....
Vi fekk inntrykk av at dei hadde dårleg tid og "skynta" seg litt gjennom hamamen med skrubb og såpevasken, og følte oss dytta ut av lokalet, saman med såpevatnet. Deretter tassa vi i våte badekle igjennom resepsjonen (der dei andre tilsette satt å røyka og drakk tyrkis eplete) ut og opp på ein takteresse for å komme til massasjerommet.


Der venta det to karar (i vanlege kle) som lurte på kva slags massasje vi hadde bestilt... Han eine prata fram og tilbake i mobilen, før dei tilslutt førte oss inn i eit rom med to massasjebord. Vi måtte gå igjennom eit rom der det låg eit anna par å fekk massasje (...stilig....), inn i eit kaldt og ekkelt rom (teppe på teppe på golvet), lukta ekkelt, ingen gardinger og berre eit sterkt taklys...
Så begynte massasjen, eller skal ein heller sei torturen ...
For det første så virka mannen irritert (vi var siste kundane), det virka heller ikkje som han visste kva han gjorde.. det var meir kniping enn massering. Hadde jo oppgratert massasjen frå vanlig til aromaterapimassasje, pga at det skulle være betre olje... vel, for det først så brukte han nesten ikkje olje, så eg følgte eg fekk brannsår over heile kroppen, og for det andre var det berre heilt vanleg olje.
Så kom vi endelig (trudde eg...) til indian - hodemassasje.... det var faktisk ein opplevelse eg ikkje unnar nokon... Eg lurte ei stund på om heile poenget med indian - hodemassasje var å få følelsen av å bli skalpert... han drog meg i håret, lugga og drog nakken min bakover i ein snål vinkel, og gav ikkje støtte for hverken nakke eller anna.
I mens eg får denne "fantastiske" behandlinga (som vi faktisk hadde betalt for...) får kavaleren min idrettsmassasje. Om de kjenner til tigerbalsam, så var det noko slikt han fekk massert inn, og om de kjenner til virkninga av tigerbalsam, så kjennes den først veldig varmande, deretter blir ein veeeeeldig kald... så mens eg fekk lugga av meg dei få hårtustane eg kan kalle langt hår, låg han å hakka tenner... Nice...
Då endeleg indian - hodemassasje var ferdig, skulle eg få fotmassasje.... ok, tenkte eg, her kan det vel ikkje gå galt... men joda.... i tillegg til å framkalle krampe under foten, følte eg han skulle dra av meg alle tæra mine.... og mens eg ligg å kjenner at føtta mine kjem til å gå opp mins to skostørrelser, kjem sjåføren som henta oss på hotellet (han og i vanlege kle)  inn og starta å smørje ansiktet vårt med ansiktsmaske....What!!!
Men då berre lo eg.... ER DET MULIG!!!???
Etter ein hysterisk latter krampe (saman med krampa under foten) vart vi vist ut til ein vask der vi måtte vaske av oss ansikstsmaska i kaldt vann, og for eit syn.... eg hinkande (pga av krampa) i fuktig bikini, håret til værs og kavaleren med "ståpels" over det heile (holdt på å fryse seg ihel) og begge to gjørmete og grønne i trynet.... 
Etter at vi hadde skrubba vekke den grønne maska,  luffa vi ned i garderoben, gjennom resepsjonen der dei tilsette satt å preika og røyka  og gav oss "tommelen opp" med eit fett glis... Var nok ikkje pga den "flotte, behagelege og deilige behandlingane" dei hadde gitt oss at dei glisa, var vel meir at det var lett tente pengar på godtruande, dumme, norske turistar, tenkjer eg... knurr....
Det var ikkje noko dusj i garderoben (!!!), berre ein halvnaken lokal tyrker, så vi kledde på oss og takka for oss.... Då sjåføren skulle kjøre oss tilbake til hotellet, stappa dei like godt heile gjengen som jobba der inni saman med oss, og vi hompa alle avgårde til hotellet.  
Fekk omvisning på hotellet sin hamam dagen etter, og det var MYKJE betre..... så av og til går ein virkeleg over bekken etter vatn... Er ikkje alltid ein skal følgje reisebyråa sine anbefalingar..
Dessutan kan eg få nokon til å massere meg til brannsår og lugge meg heilt gratis, any time.... ;o)


Frøken Loppe (på tur ;o)
ps. bildene har eg finne på google


5 kommentarer:

  1. hahaha! Så morsomt skreve:) Ser for meg olivenolje som brukast som massasjeolje etc.
    Det er jo flott at dåke ler av det, då blir det jo eit morosamt minne enn ein kjipt ett.
    Ein lerer stadig:)

    SvarSlett
  2. Aldeles strålende skrevet :)

    Ønsker en vakker drømmenatt!

    SvarSlett
  3. Lo så tårene trilla når eg las ditta.
    Ser det for meg :-)
    Kan jo begynne å lure litt på reiseselskapet...


    Klem Marianne

    SvarSlett
  4. hahahahhaaaa - herlighet!!! For ein skrekkelig opplevelse, og for ei gåve å klara å le av det. Eg hadde sikkert blitt fly forbanna og ringt Ving og gitt dei det glatte lag - det hadde nok hagla rulle r'ar og langfingrar i den samtalen ja... No er eg oppe laaaaangt over leggetid, god natt god natt :)

    Klem Eli

    SvarSlett
  5. Hei. Så koselig at du vil være med på give awayen min:0)) Fikk meg en skikkelig god latter på formiddagen, når jeg leste innlegget ditt. Ikke vanskelig å sette seg inn i opplevelsen din. Artig fortalt:)Legger meg til som følger jeg. Lykke til med bloggingen, og en riktig god helg til deg:0)

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)