søndag 16. oktober 2011

Utfordring hos Mrs. Hardy

Tenkte eg ville hive meg på ein artig utfordring hos Mrs. Hardy.
Utfordringa er at ein skal presentere eit bilde eller ein collage/digital collage 
og fortelle litt om historia bak bloggnamnet!

So her I go....

Grunnen til at min blogg heiter "Frøken Loppe":
Eg elskar lopper, når eg får moglegheit til å dra på loppemarked,
kjenner eg ein heilt spesiell eigen lykke.
Det kriblar ekstra i magen når eg stig over dørstokken til bruktbutikkar,
og eg undrar meg over kva skatt eg kan finne akkurat i dag.
Eg ser gøymte skattar.
Eg ser moglegheiter i ting folk har kasta eller gitt vekk,
eg ser sjarm, framfor design.
og eg har alltid vært slik....

Ein anna grunn til val av bloggnamn er at eg ikkje ynskja at namnet mitt skulle sei noko om
kor eg bur, kva type hus/stil det er osv.
For i skrivandes augeblink har eg i alt 3 hus....

1. Heimen i byen, der eg bur i dag.
2. Heimen på landet; kavaleren min har hus på landet, som eg brukar som feriehus.
(Kjem til å blogge derifrå og, då det er eit hus frå 1930 som vi har pussa opp, mykje flotte skattar der...;o)
3. Heimen ved brygga; i sommar kjøpte eg ei  leiligheit nærare sentrum i byen der eg bur.
Plassen har ordet "brygge" i seg, så det ligger veeeldig fint til.... ;o)
For augeblikket så leier eg den ut til nokre søte sjukepleiarstudinar.
Målet er å flytte inn der sjølv i løpet av sommaren 2012...

Eg vil at bloggnamnet skulle følgje MEG, sei noko om min stil, interesse og smak,
og ikkje så mykje om kor eller korleis eg bur :o)

For DET kan jo endre seg anytime :o)

Grunnene til at eg starta å blogge var at eg hadde lyst å dele alle loppegleda og alle skattane eg finn,
med mennesker som har same interessa og kjenner den same gleda som meg.
Eg får masse, masse inspirasjon av å lese og sjå andre sine bloggar, 
håper at andre kan få idear og inspirasjon til å lese min blogg og :o)
Dessuten har eg eindel oppussing i vente i sentrumsleiligheita, og DET vil eg jo gjerne dele med dykk :o)

Bli med på utfordringa du og, sjå dei andre bidraga her

Frøken Loppe

3 kommentarer:

  1. Halloen du:)) Eit kjent fjes:)) Så artigt! Og så fin blogg du har! her var det mykje flott å sjå:)

    Klem frå Ann Kristin

    SvarSlett
  2. Koselig navn! :) Så artig å lese om andres bloggnavn og historien bak :)

    SvarSlett
  3. Liker navnet :)
    Kjekt at du er med!

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)