søndag 25. mars 2012

Kvardag

Etter 1 veke i vakre Spania, 
og ein alt for lang periode med ein lei og seig forkjølelse,
håper eg frå no av at eg er tilbake i normal kvardag igjen!

Dagen i dag har vertfall vært full av kvardagssysler,
som feks å lage knekkebrød og kornblanding.
Når ein har vært "ute av drift" på grunn av enten ferie eller sjukdom ei stund,
syns eg det alltid er godt når den normale kvardagen igjen tar over.

Då eg var i Spania gjekk eg på bruktmarknad,
og forelska meg djupt i .....
(det kunne vært ein spanjol, men DET var det ikkje... ;o),
men ein kjempe fin, nostalgisk og gamal kjøkkenvekt.
For 20 euro fikk den være med heim i kofferten ;o)





Oppi vekta på dette bilde ligger kornblandinga eg laga i dag.
Veldig godt og sunt, pluss at det gjer ein herleg start på kvardagen.

Oppskrift på kornblandinga:
350 g havregryn
350 g hasselnøtter, valnøtter og mandler (til saman)
1 dl solsikkekjerne
1 dl sesamfrø
ellers andre korn eller frø du likar spesielt godt

Hakk opp nøtter og mandlar og bland saman med dei andre frøa.

5 ss honning
4 ss rapsolje

varm dette i ein lita panne, slik at honning og olje blandes.
Helles over kornblanding og rør godt.

Spre blandinga i langpanne med bakepapir.
Steik på 150 grader i 45 min.
Snu litt på blandinga av og til.

Kjøl ned og lagrast i tette glass.


 
Er kjempe godt saman med tørka frukt og bær.
Herleg kvardagsfrokost og ein god start på kvardagen!

Ved eit kjapt overblikk ser eg at det vært full aktivitet her,
gledar meg til å sjå kva de har gjort sia sist :o)

Ynskjer alle ein super start på ei ny veke og nye kvardagar!!

Stor klem frå Frøken Loppe


4 kommentarer:

  1. Kjempefint funn fra Spania :) Har nesten maken, men den er jo "bare" norsk da :) hi hi

    SvarSlett
  2. ååå! For eit nydelig funn frå Spania:)
    Heller det enn ein spanjol seier nå eg, hihi.

    Utrulig fin farge og form.

    Klem M

    SvarSlett
  3. Fantastisk flott vekt!!!
    Og ikke minst takk for oppskrift, den er notert ;)

    Klem Karianne

    SvarSlett
  4. Høres deilig ut med en tur i varmere land--- Håper du fikk kost deg... ikke like kjekt med sykdom.. nydelig vekt..

    God bedring =)

    Ønsker du å være med å vinne gavekort, velkommen til bloggen min =)

    Ønsker deg en fin vårdag

    Kerstin

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)