tirsdag 23. oktober 2012

Bort bra, men.....

Vel heime igjen etter nokre flotte, men hektiske dagar i København.
Programmet var stramt, så det vart ikkje mykje tid til 
"eigne aktivitetar", men vi fekk sjå og oppleve mykje nytt i Køben.

Trur det må være favoritt byen min,
vakker, innhaldsrik, vennleg og spennande.....



København (utsikt frå hotellrommet)



Bilde frå hotellrom og baren på hotellet




Det er spennande å være på reise,
og mange vri seg nok i missunning når eg pakkar kofferten gang på gang, 
MEN det er faktisk ganske slitsomt og....

Dessuten trur eg om ein reiser alt for mykje,
om det er privat eller jobb (eller ein kombinasjon, som det ofte blir)
så set ein til slutt ikkje pris på alt ein får oppleve...
Ein vil liksom berre.... HEIM....


Soloppgang frå hotellrommet, drink ved solnedgang... ;o)



Det er IKKJE meininga å sutre og/eller være bortskjemt,
men etter mange, mange år med mykje reising,
både via jobb og privat,
kjenner eg at det er HEIM eg vil reise no......


Nerja - Spania


Ynskjer å finne roen, 
kjenne at helgane ladar opp og ikkje berre er eit pustehull...
Vil glede meg over å rusle rundt i heimen, 
sysle med prosjekter (lista er blitt lang...;o)
Tusle ein tur til byn, 
kjøpe ein kaffi og avis, la timane rusle roleg avstad, 
utan å sjå på klokka for at det er noko ein skal rekke...
Ha tid til kvardags sysler...

Kan ikkje huske siste eg kjeda meg.....
Er det noko som ein veks av seg, eller ??


 Nerja - Spania


Det er jo kvardagar som formar livet, 
det er dei som skapar tryggheit og struktur i livet.
Eg ynskjer meg fleire kvardagar.... heime...

*
Nokon som kjenner seg igjen?
Kjenner du tidstjuven puster deg i nakken av og til?!
Er det vanskelig å prioritere tida?
 
 *

Til helga skal eg endeleg være heime. (gliser stort)
Gledar meg til ein roleg helg, med gullrekka på fredag, 
taco på laurdagskvelden,
spasertur søndags føremiddag,
og ein søndagskvil etter søndagsmiddagen.... ;o)

Men eg skal òg på AUKSJON!!!! :o)
Frøken Loppe tar ikkje heilt fri.... ;o) hi, hi

klem Frøken Loppe

(alle bildede er tatt med mobil)

3 kommentarer:

  1. Må innrømme at jeg får litt reiseabstinenser når jeg ser bilder fra Køben; synes det er en helt herlig by - som har så mye man kan utforske! Selv elsker jeg å reise, og skulle gjerne reist myyye mer. Likevel skjønner jeg godt hva du mener; de "stille" helgene er jammen gull verdt i hverdagen, for å ha krefter til å gå på ukedagene! Mannen reiste mye før, og jeg ser at han har mye mer "ro" nå når han reiser mindre og kortere turer enn før... Men det er vel sånn med den balansen som er så fin å ha når det gjelder alt; den er vanskelig å få til!

    Håper du nyter den stille helga di, og finner ro og hygge i å være hjemme! God helg!

    :-)

    SvarSlett
  2. Hei:)
    Eg skjønner godt kva du meiner. Eg reiser nok ikkje så mykje som deg, men det tar verkelig på. Egentlig sjølve reisinga syns eg er så dørgande kjedelig. Altså flyreiser, taxi blabla:)

    Kvardagar er gull verd, men kanskje ein sett meir pris på dei om ein har færre av dei?

    Ønsker deg ein fin, heilt ordniær, mandag:)

    SvarSlett
  3. Heisann ;) ble det noe auksjonskupp eller ?

    Kom gjerne en tur innom og meld deg på i trekningen min om gavekort fra miinto ;)

    Klem LinnTherese

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)