onsdag 19. november 2014

Bit for bit

Av og til føles livet som eit puslespel. 
Bit for bit har opplevelsar, følelsar, tankar, erfaringar
og mennesker vi har møtt
funne sin plass i puslespelet vårt og laga eit bilde.
Eit bilde av livet vårt.

Hjørna er lett å finne, dei seier seg sjølv, kantane og.
Lett og naturlig, du ser kor dei høyrer heime. 
Bit for bit til alle bitane dannar ei ramme.
Deretter må ein finne bitane til sjølve bilde, nokre gonger tek dette litt tid.
Ein leitar lenge og blir ekstra glad når ein finn biten som passar. 
Andre gonger ligg den rett framfor nasa di uten at du har sett den. 
Som oftast er dei lett å finne, for dei liknar på omgivelsane
og det er lett å sjå kvar dei skal, kor dei høyrer til.

Bit for bit, fell dei på plass, nokon lettare enn andre. 
Nokon tek litt lengre tid å finne en andre. 
Nokon bitar er meir innlysande, men alle finn sin plass, bit for bit.





Ein dag er puslespelet ferdig, og alle bitane plassert. 
Du har framfor deg eit bilde, der bit for bit er sat saman som byggesteinar.
Og du ser heilheita, ser heile bilde, kvar detalj, kvar nyanse og kvar farge.

Kanskje vart du veldig nøgd,
eit nydelig bilde, akkurat slik du drømte om det skulle bli.
Eller kanskje du vart skuffa,
fargane var annerleis eller bilde var kanskje ikkje så fint likevel.
Kan det være at motivet ikkje var slik du trudde eller hadde sett føre deg?
Kanskje bilde var greitt, men motivet eller fargane litt kjedelige?
Mogeleg at bilde ikkje vekka di interesse eller ga deg den rette følelsen,
du vart hverken engasjert, varm i hjerte eller glad?

Kva so? Kva no?
Skal du henge det på veggen, og nyte synet kvar dag?
Vise det fram til familie og venner,
være stolt over kva du har fått til?
Eller skal du legge det i ei skuff og tenkjer at "det var det"
og la det støve ned, gøyme og gløyme det vekk?




Kva om nåken kjem borti puslespillet, 
og nokre bitar fell ut...
Er det berre å sette dei inn igjen, 
så vert bilde like fint og heilt?
Eller kva om nokre bitar berre fell ut, heilt av seg sjølv?
Kanskje dei ikkje satt godt nok fast, 
kanskje dei egentlig ikkje var plassert rett.
Kva då? 

Eller kva om ein velgjer å pusle det ein gong til, 
tar bit for bit frå kvarandre for å sette dei saman igjen.
Hjørna og kantane er framleis lett å finne, 
dei fell fint på sin plass. 
Men bitane inni... dei har forandra seg. 
Nokon har blitt mindre, andre større....
Det er ikkje like lett å finne dei, kanskje nokon til og med er vekk....?

Kva då?
Pressar du bitane på plass, slik at det ser likt ut, 
men likevel ikkje heilt slik det var. 
Eller vert du nøgd med at ikkje alle bitane fann sin plass, 
og tenkjer at ein ser jo framleis kva det er....?

Vil du henge det opp på veggen igjen?
Sjølv om det er skeivt og manglar bitar.
Eller vil du legge det i ei skuff og gløyme det?
Kanskje du vil prøve å reparere det, leite etter bitane som vart vekke?

Eller kva om du berre rett og slett vil kaste heile puslespelet, 
og starte på eit nytt....


Frøken Loppe

2 kommentarer:

  1. Dette var en fin og tankevekkende historie. Livet består av mange ulike puslespillbrikker det er sant. Noen ganger føles det faktisk som om man må file til bitene litt før de faller på plass også... Men bildet blir som det blir det og den dagen det er ferdig er det jo ikke mer hverken morro eller drama igjen... Da er det for sein å gjøre om på. Så man får fylle på med brikker som betyr noe så godt man kan så lenge man kan tenker jeg.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  2. Det kommer alt ann på hvor godt og hvor mye hjertet mitt er i hver og en puslebite. Noen ganger er det ok å lukke bort det puslespillet for godt og noen ganger kan det pusles på igjen- og noen ganger stolt vise det frem.
    Alle puslebiter både de som kommer lett på plass og de vriene er erfaringer som beriker oss uansett. Hvor viktig er det å finne tilbake til de puslebitene som har forsvunnet ? Hva er kvaliteten på de- hva tilfører de deg og ditt liv av lykke og trygghet.

    Ønsker deg fine dager

    Klemmer Monica

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)