mandag 19. november 2012

Fifty Shades of Greige.....

Så koslig med alle kommentarane de legg igjen!!!
Blir så glad og varm i hjarterota :o)

I helga trakka vi rundt i diverse butikkar 
for inspirasjon, tips, råd og ikkje minst prisar.....

Det kan sjå ut for at vi har klart å bestemme oss for eit golv, 
no ventar vi i spenning på pristilbod før vi gjer ein endeleg avgjering....

I tillegg fekk vi ein ny ide til langveggen i stova,
som vil passe kjempe godt til alt det andre vi har planlagt,
golvet, skap av gamle vindu, møblar, fargar osv...

Gledar meg til å høyre kva de meinar, 
kjem meir om litt... ;o)


For no skal vi snakke GREIGE.....


 


 Fargen GREIGE er visst høstens snakkis i fargeverden.
 Greige er nemlig ein kombinasjon av grått og beige. 
Det vil sei at den har dei beste eigenskapane frå to verdener, 
grå med sin eleganse, og beige med sin hygge......




 Storbygrå FR1212, er den mørkeaste greige nyanse. 
Den er elegant og sofistikert, svært god til soverom, men og til opphaldsrom. 




 Kanin FR1104 er visst sesongens bestselgjar.
Ein vakker fargetone, som lett kan kombinerast med andre fargar.
(trur denne kan bli min favoritt og... ;o)





 På dette soverommet er fargen Grå Ara FR1129.
Den gyldne tonen er ekstremt behagelig, sjå kor fint det er med greige malt panel... ;o)




Lavakull FR1131 er betraktelig lysare, og kan med hell brukast i alle rom. 


Alle nyansene av Greige er også svært gode gulvfarger.

Masse flott, hæ!!??
(bilder og fargekoder er henta frå Fargerike sin nettside)

*

Vi har fått nokon til å mala trapp kvit (dobbelsalto av lykke!!! :o)
Har "tradisjonell" gulna, trekvit, lakka trapp,
det skal bli ein fryd for auge å få den kvit.

Tenkte eg ville prøve meg på ein av GREIGE farge i trappeoppgangen,
trur det kan bli veldig fint, 
spesielt saman med golve vi (mest truleg) går for... ;o)


Spennande tider i møte.... ting å tenke på, 
ting å bestemme seg for, ting å gjere.....


Fin ny veke til alle dykk!

klem frå Frøken Loppe
 

7 kommentarer:

  1. Så mange deilige farger! :)
    Eg har lignade, men meir grønn farge på nesten alle veggane våre. Golvet er kvitmalt, eg kunne ikkje vore meir fornøyd :)
    Kanskje du liker denne bloggen du og, det er ein av mine favorittblogger ;) http://greigedesign.blogspot.no/
    Klem fra Grete

    SvarSlett
  2. Greige var nytt for meg, men så følger eg heller ikkje så nøye med på trendane (trur eg). Eg likte godt stemninga i bildet med Grå ara:)
    Vi har grå veggar i nokre rom, deriblant soverommet vårt. Der har vi ein nyanse av Wet sand frå Flügger.

    SvarSlett
  3. Hei og hopp:)

    Åååå, så spennande og guri malla så flotte desse fargane var. Alle greige fargane var fine, men må sei eg likte best den på bilde nr.2, den var nydelig..

    Her har vi malt stovo, så no står resten av huset for tur..hi hi...

    Fin kveld til deg:)

    Her i Rosendal regnar og bles det masse, så her er det te i koppen og x-antal stearinlys på. Herlig:). Burde sikkert gjort noke husarbeid, men men..det for bli ein anna dag...:)

    Helsing Evelyn:)

    SvarSlett
  4. Så masse fine Greige farger! Storbygrå er nok en perfekt farge på et soverom ja!

    Ha en fin kveld

    Hilsen Lottemora

    SvarSlett
  5. Her var det mye fint, skjønne farger :-) Lykke til med trappemaling, klem Anita

    SvarSlett
  6. Åååå, så spennende prosjekt dere har!

    Ser også frem til å få malt trappene her i huset...

    Nyt kvelden

    Klem

    SvarSlett
  7. Vi har også malt trappene, mye arbeid, men fint resultat!

    Digget den gule og kule lampen din under her :-)

    Ha en fin-fin kveld videre!

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)