onsdag 28. september 2011

Nappegåver...

I helga skal eg på jentetur, og no er den viktigast pakkinga unnagjort, 
nemleg NAPPEGÅVENE!!!

To gongar for året dreg eg på jentetur med ein fantastisk flott og artig gjeng.
Vi kosar oss med god mat, masse latter, går tur, har smykke og kjole party....
 I det heile tatt koooooooosar oss, 
berre slik som ein gjeng med kvinnfolk kan gjere når 
mann, ungar, hundar og husvask får vere heime ;o)

Høgtida er sjølvsagt når vi skal NAPPE!!!

Det går ut på at alle jentene har med seg kvar sine tre NAPPEGÅVER.
(vi kjøper for maks kr. 150,- for alle tre gåvene)
Alle gåvene skal være innpakka.
Gåvene vert lagt på bordet, og så kan vi begynner morroa...

Oppmerksomheita vert skjerpa,
konsentrasjonen er på topp.....
no skal det NAPPAST....



Vi brukar to terningar.
Når ein får to like, får ein velgje seg ein av gåvene på bordet.

Når alle pakkane er fordelt
(forhåpentlegvis har alle vertfall fått ei gåve...;o),
åpnar vi ein og ein, alle gåvene.
No er det spennande å sjå om ein har blitt blenda av eit vakker papir,
og kanskje berre fått eit lommetørkle eller ei pose med rosiner,
ELLER at ein har vore heldig og fått verkeleg fine gåver.

MEN....... NO STARTAR MORROA :O)
Ein av damene får ansvar for å sette varsel på klokka
(det kan være alt frå 5 min til mange timar, om ein vil/har tid ;o)
Så trillar vi terningane igjen.......

Den som får to like, kan NAPPE gåve,
den som får to seksere, kan NAPPE ei gåve,
+ bytte ein av sine eigne gåver med nokre andre sine...
(dvs dobbel nappelykke :o)

Det er alltid noko som er meir populært enn andre ting,
så det blir fort rift om gåvene, 
og same gåve går gjerne over bordet fleire gongar.

Temperaturen stig etter kvar som klokka går,
alle håpar at klokka skal ringe nett når ein sjølv har favoritt gåva i fanget...

Lykke er stor når klokka ringer og ein har fanget fullt av flotte gåver :o)

Nokon gonger har eg reist heim utan gåve i det heile tatt,
andre gongar har eg fått med meg mange flotte gåver.

Morro er det iallefall!!! :O)

Har du og dine vennar ein "leik" på jentekveldar/helgar??
Hadde vært spennande å høyre om dei :o)

Ynskjer deg ein super onsdagskveld!!

Frøken Loppe

1 kommentar:

  1. Denne leiken hadde me på naustet hos mamma og pappa i sommar, me var to stk. i 60 åra, meg i 30 åra, brødrene mine i 20 åra og småtassane mine på 12 og 8 år... Herlighet for ei stemning - me hadde det så løye og lo så me hikka. Dei på nausta vedsidan av vart veldig nyskjerrige, og det skjønner eg godt. Like kjekt for både liten og stor! Og det viste seg jo at den minste presangen i størrelse og minst sprakande innpakkinga var den kjekkaste når den vart pakka ut :)

    Klem Eli

    SvarSlett

Setter så stor pris på kvar og ein kommentar som vert lagt igjen og at akkurat DU har tatt deg tid til å titte innom meg :o)